VESTLANDSOPPGJERET

MUSEUMSSTATISTIKK: Ingen veit heilt kva kriterium som ligg til grunn når Kulturdepartementet skal bestemme seg for kor stor del av museumsrekningane dei vil betale. På vestlandet er dei lei av å måtte betale brorparten sjølve.

Kulturdepartementets tilskot til musea i Hordaland ligg på 39 prosent. På landsbasis ligg KUDs andel i gjennomsnitt på 67 prosent.

Bymuseet i Bergen har vore mykje i media det siste året. Med eit nødskrik i form av kommunale løyvingar i siste liten, klarte dei å unngå nedbemanning i fjor, men den dårlege økonomien føl museet framleis.

Marianne L. Nielsen Direktør ved Bymuseet i Bergen. Foto: Kristin Heier
Marianne L. Nielsen Direktør ved Bymuseet i Bergen.
Foto: Kristin Heier

— Me har jobba steinhardt for å få eit budsjett i balanse for i år, og me har fått auka løyvingar frå kommune og fylke, men ikkje frå staten, seier museums- direktør Marianne L. Nielsen
Ho peikar på at til tross for at museet fekk ekstraløyvingar til oppgradering av Rosenkrantztårnet og Håkonshallen over statsbudsjettet, er det ikkje prosjektmiddel som driv museum.
— Det er ikkje slike løyvingar musea er drivne på, pengar til prosjekt og oppgradering hjelper ikkje om me må nedbemanne, seier Nielsen.

Det har lenge vore ein debatt om i kva grad staten anerkjenner vestlandshovudstaden si kulturarv, og tidlegare i vinter gjekk også Kode-direktør Petter Snare hardt ut mot kulturministeren i fleire kronikkar i Bergens Tidende. Han meiner regjeringa må prioritere institusjonane utanfor Oslo høgare, og at skeivfordelinga er urimeleg stor.

Ser ein fylkesvis på delestykket for offentlege driftsmiddel til musea, er det i Hordaland Kulturdepartementet som deler ut det minste kakestykket. KUD står for under fire av 10 driftskroner, medan snittet for KUD-delen i Noreg i 2017 var på 67 prosent.

(Sjå også dei relaterte artiklane Kven får pengane – og kvifor?, Hvordan var det før? og Visste du at…)

Hordaland Fylkeskommune har fleire gongar bede Kulturdepartementet auke tilskota til musea i Hordaland, slik at dei ligg på landssnittet før regionreforma skal gjennomførast. Norsk Vasskraft- og industristadmuseum var i 2017 det museet med høgast del statleg finansiering i Hordaland, der Kulturdepartementet bidrog med ein andel på 72 prosent av driftsmidla, og er det einaste i fylket der over halvparten av driftsmidla kjem frå dei.

Ber om endring

På veg mot ei ny museumsreform og ei regionreform få veit korleis vil påverke museumssektoren, er det mange som er uroa for kva som vil skje. Men på vestlandet er ei rekke museumsleiarar lei av å lure på kva det er som skal til for å få vere del av det gode selskap. Det gode selskap av mykje statlege driftsmiddel.
I sommar sende byråd i Bergen kommune, fylkesordførar i Hordaland og Museumsalliansen i Bergensregionen brev til Kulturdepartementet der dei ber om ei klargjering av kriteria for å få statlege middel, og om at dei vert meir rettferdig fordelt. Det uttalte ynsket er at fylket skal ligge på landssnittet i delen av statskroner før regionreforma vert gjennomført.

Fordelinga av offentlege driftstilskot 2017. Hordaland samanlikna med heile landet:

— Eg forventar ei gjennomgang av dei tildelingskriteria som skal ligge til grunn, og at regjeringa rettar opp i skeivfordelingar, seier fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap).
Ho er oppgitt over at departementet til no har brukt 8 månader utan å svare på brevet dei sende.

Til Museumsnytt svarar Kulturdepartementet i ein e-post at:
«Departementet er klar over dei økonomiske utfordringane ved musea i Hordaland, og har det siste tiåret auka driftstilskotet til desse musea med 75 prosent. Dei fekk også midlar som ein del av regjeringa si sysselsetjingspakke, og til ei rekke investeringsprosjekt. Frå staten si side vil det vere ynskjeleg å setje i gang ytterlegare konsolideringsprosessar i Hordaland for å løfte fagleg kvalitet og effektivisere drifta. Det vil alltid ligge føre gode faglege grunnar for å auke tilskotet til musea rundt omkring i landet. Det er spørsmål som vert handtert i den ordinære budsjettprosessen.»

Det svaret syns ikkje Hestetun er godt nok.
— Når eg les svaret deira ser eg det som ein lettvint måte å sei at konsolidering er den einaste vegen til meir pengar. Me har plikt og vilje til å sjå moglege tiltak, som konsolidering. Men me forventar at staten fordeler midla på eit meir høveleg vis.
I museumsreforma vart det understreka at ein ikkje skulle tvinge musea inn i ei samarbeidsform dei ikkje ynskjer. Gjennom konsolideringar har ein (til no) gått frå 39 til 10 museum i Hordaland. Det er flest i landet for eitt fylke. Av musea i museumsnettverket er det berre Oppland (8 konsoliderte museum) og Oslo (7) som er i nærleiken.

Historia ligg til grunn

Eit av poenga som har blitt gjentatt av museumsfolka på vestlandet, er at dei får uforholdsmessig lite statlige middel i forhold til besøkstala i fylket. For medan Hordaland som sagt ligg nedst på tabellen over andelen statlege tilskot, ligg dei nest øvst (etter Oslo) i talet på besøk. Og medan musea i Hordaland fekk drøye 86 millionar til sine 1,3 millionar museumsgjestar, fekk dei i Oslo seks gongar så mykje pengar til dobbelt så mange besøkande.

Men som Trine Skei Grande svara på kritikken for Oslo-finansieringa i Bergens Tidende: Me må alle akseptere at landet har éin hovudstad. Difor kan me i tillegg samanlikne med Oppland. Dei får 93 millionar KUD-kroner, som utgjer 75 prosent av dei offentlege driftstilskota deira. Det er ein prosentdel som går igjen i Sør-Trøndelag (Trøndelag var fortsatt to fylker i 2017). Begge desse fylka har konsoliderte museum som består av fleire einingar som tidlegare har vore heilfinansierte av staten.

Fordeling 2017

Kartet viser fylkesvis fordeling av Kulturdepartementets andel av dei offentlege driftsmidla i 2017. Med «offentleg driftsmidler» meiner vi her midler frå KUD, fylkeskommunen og kommunene til saman. Eventuelle statlige driftsmiddel frå andre departement er ikkje med i reknestykket.
(Kjelde: Kulturrådets museumsstatistikk 2017, museum som får driftstilskot frå KUD)

OsloRegional andel: 3,38%
Andel frå KUD: 96,62%
BuskerudRegional andel: 47,87%
Andel frå KUD: 62,13%
AkershusRegional andel: 54,16%
Andel frå KUD: 45,84%
Aust-AgderRegional andel: 50,54%
Andel frå KUD: 49,46%
FinnmarkRegional andel: 48,13%
Andel frå KUD: 61,87%
HedmarkRegional andel: 27,06%
Andel frå KUD: 72,94%
HordalandRegional andel: 60,85%
Andel frå KUD: 39,15%
Møre og RomsdalRegional andel: 35,00%
Andel frå KUD: 65,00%
Nord-TrøndelagRegional andel: 44,83%
Andel frå KUD: 55,17%
NordlandRegional andel: 43,88%
Andel frå KUD: 56,12%
OpplandRegional andel: 24,83%
Andel frå KUD: 75,37%
RogalandRegional andel: 55,97%
Andel frå KUD: 44,03%
Sogn og FjordaneRegional andel: 37,35%
Andel frå KUD: 62,65%
Sør-TrøndelagRegional andel: 24,80%
Andel frå KUD: 75,20%
TelemarkRegional andel: 37,04%
Andel frå KUD: 62,96%
TromsRegional andel: 31,64%
Andel frå KUD: 68,36%
Vest-AgderRegional andel: 50,83%
Andel frå KUD: 49,17%
VestfoldRegional andel: 47,99%
Andel frå KUD: 52,01%
ØstfoldRegional andel: 47,95%
Andel frå KUD: 52,05%

På spørsmål om kva som ligg til grunn for fordelingsnøkkelen for museumsfinansieringa i dag, svarar KUD med å vise til at «sidan 1970-talet har museumslandskapet gått gjennom store endringar. Etter tusenårskiftet har KUD initiert og gjennomført ei museumsreform og sett i verk ei rekke konsolideringsprosessar. Museumshistorikken er nokså ulik i ulike byar, regionar og fylke.»

Men ser ein på dei statlege løyvingane til musea i til dømes 1978, er dei institusjonane som den gong blei kalla statsmuseum i stor grad framleis dei som er heilfinansierte av staten. Av dei ti statsmusea frå den gong, er to i dag finansierte av andre departement. Og resten: Aulestad er del av Lillehammer Museum (96% KUD), Austrått av MiST (75% KUD), Bergverksmuseet (97%), Eidsvoll 1814 er del av Stiftelsen Norsk Folkemuseum (100% KUD), Uranienborg er del av Museene i Akershus (45% KUD) og Håkonshallen og Rosenkranztårnet er del av Bymuseet i Bergen (53% KUD) – men er eigd av Statsbygg, og fekk ekstraløyvingar til oppgraderingar på statsbudsjettet i år.

Berre blitt sånn

Departementet peikar på at når nokon av musea i museumsnettverket har heile finansieringa si frå departementet, er det på grunn av måten dei musea blei etablerte på – enten av staten, eller med eit tydeleg nasjonalt mandat. Og at nokon av musea har ein høg del statleg finansiering på grunn av eit ansvar for spesielle oppgåver, som til dømes Norsk Skogfinsk museum.

Dei skriv ikkje noko om bakgrunnen for at det var desse musea og tematikkane som blei valde ut til å vere eit statleg ansvar, eller til å ha eit slikt nasjonalt mandat.

Hestetun meiner departementet er nøydt til å komme med eit betre svar enn som så.
— Eit svar om at det «berre har blitt sånn» er ikkje godt nok. Departementet må sjå gjennom kva kriterium som ligg til grunn for fordelinga av middel, seier ho.

Nasjonalt mandat

I kulturmeldinga frå i vinter, og i utredninga som følgde den, vert omgrep som «nasjonalt mandat» teke opp att. Her vert det teke til orde for at institusjonar med «nasjonalt mandat» skal ha fortsatt statleg finansiering. Etter at Hagenutvalet anbefalte at dette nasjonale mandatet skulle definerast som «hovudstadsinstitusjonar» fekk dei hard kritikk frå kultur-Noreg, ikkje minst frå Bergensinstitusjonane, og det har også regjeringa teke opp i si «Utredning av oppgave- og ansvarsfordelingen mellom forvaltningsnivåene på kulturområdet». Dei foreslår å definere dette nasjonale ansvaret ut ifrå om kulturinstitusjonen «anses å stå i en særstilling med et samfunnsoppdrag for nasjonen Norge»

Men kriteria for kva som skal til for å kunne komme i denne særstillinga er likevel framleis eit mysterium. På spørsmål om det, er dette svaret Museumsnytt får frå departementet:

«Nasjonalt mandat er ikkje eit omgrep som vert nytta i den statlege museumspolitikken. Gjennom museumsreforma vart det etablert eit nasjonalt museumsnettverk som femner om dei aller fleste musea som får driftstilskot frå Kulturdepartementet.
Det nasjonale museumsnettverket, som i dag omfattar 62 museumsinstitusjonar, er departementet sitt verkty for å oppnå kulturpolitiske mål på museumsområdet. Det nasjonale museumsnettverket byggjer på ein overordna idé om at Museums-Noreg skal medverke til å formidle forteljinga om Noreg gjennom ein mosaikk av små og store forteljingar frå ulike museum landet rundt. Gjennom dei ulike samlingane og spesialområda bidrar alle musea i det nasjonale museumsnettverket til å teikne eit samla bilete av fortelljinga om Noreg.
I dette perspektivet har dei 62 institusjonane i Det nasjonale museumsnettverket til saman eit nasjonalt mandat. Dette er det gjort greie for i proposisjonar og meldingar til Stortinget, jf. òg Utredning av oppgave- og ansvarsfordelingen mellom forvaltningsnivåene på kulturområdet»

GAMLE BERGEN museum er eit friluftsmuseum med 55 trehus. Dei fleste har opprinneleg stått i Bergen sentrum. Foto: Bymuseeet
GAMLE BERGEN museum er eit friluftsmuseum med 55 trehus. Dei fleste har opprinneleg stått i Bergen sentrum.
Foto: Bymuseeet

Kulturmeldinga «Kulturens kraft» er rett nok klar på at musea i Det nasjonale museumsnettverket skal få behalde den tredelte finansieringsmodellen inn i fylkessamanslåinga. Og som departementet skriv i sitatet over: Dei 62 musea utgjer saman eit nasjonalt mandat. Men viss fordelinga vert verande omlag som på 1980-talet så utgjer nokre museum kanskje ein større del av det nasjonale mandatet enn andre?

KUD skriv til Museumsnytt at «det legges opp til drøftelser med de respektive fylkeskommunene med sikte på å komme fram til enighet om omfanget av statlig versus regional finansiering.» Anne Gine Hestetun i Hordaland lovar allereie å komme godt budd til møte.
Men om Kulturdepartementet er budd på å gå finansieringsstrukturane etter i saumane, og om dei vil sjå på prioriteringane mellom musea og eventuelt fylka, er det vanskeleg å sei noko om enda.

Kan bli vanskeleg

— Eg trur det vil verte vanskeleg å gjere endringar i dei finansieringsnøklane som er blitt etablerte. Då må ein enten auke løyvingane, eller nedprioritere sterkt hos nokre av dei institusjonane som i dag får mykje statleg støtte, seier professor i kulturvitskap, Hans-Jakob Ågotnes ved Universitetet i Bergen.
Til saman har 22 av dei 72 musea med driftstilskot frå KUD over 67 prosent statlege driftsmiddel, som er landssnittet. 28 av musea får under halvparten av driftsmidla frå KUD, 11 av dei er i Hordaland og Rogaland.

Medan Hordaland håpar på betre tider og større overføringar frå staten, er fordelingsnøkkelen i fylket heilt på merket om ein skal sjå til det som står i kulturmeldinga, der Kulturdepartementet skriv at det skal vere eit mål å «Auke den fylkeskommunale prosentdelen, slik at den regionale prosentdelen normalt utgjer hovuddelen av tilskotet til kulturinstitusjonar med delt finansiering.»

Heller ikkje forskarane på feltet har mykje håp å gje til hordalandsinstitusjonane, og meiner det er vanskeleg å endre gamle vanar for både museum og departement.
— Finansieringsfordelinga i dag har bakgrunn frå 70-talet, då tilskotsordninga frå staten gjorde at statlege middel vart utløyste av fylkeskommunal satsing. Vidare har nok dei fylka som var mest velvillige til museumsreforma fått betalt for det, seier Ågotnes.

Tunge reformar

Det same peikar professor i museologi ved Universitetet i Oslo, Brita Brenna på. Ho er skeptisk til at me no skal få enda ei museumsreform.
— Ein må gje museumsfeltet ro. Museumsreforma var så omfattande at det framleis er eit spørsmål om den har sett seg godt nok til at ein kan sjå påverknaden. Ein må ha ei god evaluering og ta seg betre tid, seier ho.
Brevet frå Hordaland gjorde at fylkesordføraren i Rogaland og ordføraren i Stavanger også sende brev, og peikar på at den økonomiske situasjonen i Rogaland er enda verre enn den i Hordaland. KUD har så langt ikkje svart på nokon av breva.


Sjå også dei relaterte artiklane Kven får pengane – og kvifor?, Hvordan var det før? og Visste du at…


Denne artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 1-2019). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- i året)