Kven får pengane – og kvifor?

MUSEUMSSTATISTIKK: Museumsnytt vil i 2019 setje fokus på museumsstatistikk. Vi vil reise ulike problemstillingar i kvar utgåve, men alle er motivert av eit behov for betre kunnskapsgrunnlag og større oversikt over dagens situasjon, i møte med regionreform og museumsmelding.

Kven får pengane – og kvifor? Illustrasjon: Geir Helgen

Viss kulturministeren vil gjere alvor av å gjere så gjennomgripande endringar i museumsfinansieringsmodellen som ho varslar i kulturmeldinga Kulturens kraft så er det for det første ein kjempejobb. I tillegg er det ein stor sjanse til å avlese og redefinere museums-Noreg. Det er ikkje nødvendigvis slik at dei som staten meinte skulle løyse ei nasjonal oppgåve i 1977 gjer det same i dag.

Og kva er ei nasjonal oppgåve? Kva mønstre kan vi finne i statistikken? Er det ei myte eller ikkje at innlandskulturen har og/eller har hatt prioritet over kystkulturen? Er Bergen ein del av Noreg? Kva kostar eit museumsbesøk skattebetalarane, og kor? Og så vidare.

Elte statistikk

I Museumsnytt vil vi bruke krefter i heile 2019 på å elte statistikk og tilhøyrande sakar. Alt for å gjere lesarane – og redaksjonen – rusta til å møte den museumsmeldinga som etterkvart skal kome. Vi er klar over at det fins mykje kunnskap og mange meiningar i sektoren om fordeling av middel, regionreform og museumsreform, og tek gjerne imot innspel og synspunkt undervegs, både på metode, vinklingar og innhald.

Oversikter

I denne første utgåva om saksområdet, har vi konsentrert oss om to-tre ting:
1) Ei oversikt over fordelinga av offentlege museumskroner rundt i det ganske land. Her byr vi på eit Noregskart som du kan nappe ut, laminere og henge på veggen om du har papirutgåva. Om nokre år kan du samanlikne dette med korleis resultatet av dei kommande endringane blir.
2) Ein gjennomgang av tilhøva i Hordaland i høve til resten av landet (Vestlandsoppgjeret)
3) og ein framstilling av dagens fordelingssystem i eit historisk perspektiv (Hvordan var det før).

Sjå også artikkelen Visste du at… for ulike talframstillingar som er relevante i samanhengen.

Vi vil ikkje røpe for mykje, endå, om kva som kjem i seinare utgåver (og har heller ikkje full kontroll på det), men lovar i alle fall at det kjem ein eigen sak om samiske museum og deira spesielle stilling og finansieringssituasjon.

Kjelder og avgrensing

Tal frå Kulturrådets museumsstatistikk for 2017 er hovedkjelda i denne utgåva. I tillegg bruker vi nokre tal frå regjeringa sitt budsjettforslag for 2003, og for 1980. Viss ikkje anna er oppgitt er det tale om tilskot i form av ordinære driftsmiddel. Med regionane meiner vi tilskota frå fylkeskommunar og kommunar til saman. Musea vi ser på er alle museum som får driftsmidler frå Kulturdepartementet, ikkje berre musea i Det nasjonale museumsnettverket. I museumsstatistikken for 2017 er dette 72 museum.

Det er viktig å vere merksam på at ingenting av det vi viser her kan gje eit hundre prosent presist eller fullstendig bilete av situasjonen.

Til dømes: I denne saka snakkar vi om museum som får driftsmiddel frå Kulturdepartementet. Ei rekkje av desse musea får også nokre driftsmiddel av eller via andre departement, f.eks. KLD/Riksantikvaren og Kunnskapsdepartementet. Desse midla vert i liten grad omtalt her, og det bidrar til å gi eit noko ufullstendig bilete av situasjonen. (Sjølv om KUD reknar desse midla med når dei nemner kor mykje dei gir.)

Det er openbart både ressursomsyn og avgrensingsbehov som gjer at vi har valt å konsentrere oss om tal frå KUD. Men også fordi det er middel frå KUD som står på spel: Det er KUD som skal lage museumsmelding, og som skal gjennomføre endringar i finansieringssituasjonen for musea det er tale om. Det er altså KUD-pengane som (eventuelt) skal reorganiserast.

Til tross for avgrensingane, vi håper denne gjennomgangen kan vere både av interesse og til nytte. Vi har hårete ønsker om at det vi presenterer her, og i kommande utgåver, skal vere eit konstruktivt bidrag i den debatten som vi står overfor i museums-Noreg framover. Med berre to bylines i ein forsøksvis gravande artikkelserie er vi også opne for at vi kan feiltolke eller misforstå, så tilbakemeldingar er meir enn ønskeleg.


Denne artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 1-2019). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- pr år)



Join the Conversation

2 comments

  1. VESTLANDSOPPGJERET - Museumsnytt

    […] også dei relaterte artiklane Kven får pengane – og kvifor?, Hvordan var det før? og Visste du […]

  2. Visste du at... - Museumsnytt

    […] også dei relaterte artiklane Vestlandsoppgjeret, Kven får pengane – og kvifor og Hvordan var det […]