Tid for ettertanke

Vegen fram til pengeløyvinga som kom 2. september har vore lang. Med vikingskipmuseet inne i varmen på statsbudsjettet, kan vi no sjå på korleis vegen dit eigentleg har vore.

SKAL SIKRE: Det nye vikingtidsmuseet vil sikre vikingskipa, og gje publikum ei meir moderne oppleving. Museet skal også inneholde eit forskingssenter. Illustrasjon: AART architects/Mir.

Haustens store museumsnyheit er at bygginga av Vikingtidsmuseet på Bygdøy endeleg kan byrje. Etter om lag 27 år med plasseringsdebattar, venting og forprosjektering.

– Me er veldig glad for å få dette på plass, dette er ei viktig avgjerd for heile verda, seier forskings- og høgareutdanningsminister Iselin Nybø etter å ha bevilga 35 millionar til oppstart av byggeprosjektet. –Det er heilt fantastisk! Endeleg kan me sette i gang. Eit nytt museum er ein føresetnad for å ta vare på samlinga og vikingskipa, seier museumsdirektøren som no får nytt museumsbygg, Håkon Glørstad.

Illustrasjon: AART architects
Illustrasjon: AART architects
SIRKELFORMEN i planene for det nye vikingskipsmuseet skal binde saman nord- og vestfløyen i det gamle vikingskipshuset teikna av Arnstein Arneberg i 1913. Illustrasjonane er frå Statsbyggs forprosjekt i 2017. Illustrasjonen til venstre viser romløysinga i nedre nivå. Illustrasjon: AART architects
SIRKELFORMEN i planene for det nye vikingskipsmuseet skal binde saman nord- og vestfløyen i det gamle vikingskipshuset teikna av Arnstein Arneberg i 1913. Illustrasjonane er frå Statsbyggs forprosjekt i 2017. Illustrasjonen til venstre viser romløysinga i nedre nivå.
Illustrasjon: AART architects

«Alle» har vore einige i at vikingskipa treng eit nytt museum. Gokstadskipet, Osebergskipet og Tuneskipet. Verdas best bevarte vikingskip, og trekkplaster for Noregs best besøkte enkeltmuseum. Noko av det viktigaste av norsk kulturhistorie, både nasjonalt og internasjonalt. Men å få eit nytt vikingtidsmuseum inn i statsbudsjettet har teke tid.

(Les også artikkelen Soga om vikingskipa og tidslinja Historia om vikingfunna)

HAR VORE TATT FOR GITT

– Vikingskipa har alltid blitt stemoderleg behandla, seier Knut Paasche, arkeolog og forskar ved Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU).

Han meiner skipa sin suksess og popularitet rett og slett har ført til at dei har blitt tatt for gitt.

LITE FORNYING: Knut Paasche, arkeolog og forskar ved NIKU, er kritisk til museets forvaltning av vikingskipa og meiner det aldri har vore vilje til å fornye. Foto: Ragnheidur Traustadottir, Antikva
LITE FORNYING: Knut Paasche, arkeolog og forskar ved NIKU, er kritisk til museets forvaltning av vikingskipa og meiner det aldri har vore vilje til å fornye. Foto: Ragnheidur Traustadottir, Antikva

– Vikingskipshuset har vore ein slik suksess at dei til dømes vart plassen Bill Clinton besøkte då han var i Noreg som amerikansk president. Då blir det vanskeleg å ta innover seg at det kanskje ikkje er verdas best drive museum, seier han.

Paasche har sjølv bakgrunn frå museet, og har forska på Tuneskipet. Då såg han på nært hold at skipa var i forfall.

– Etter ein arbeidsdag liggande under skipet for å kartlegge det, kom eg heim og klødde meg i hovudet ved middagsbordet, og fekk tuneskipbitar i suppa.

STORE BILLETTINNTEKTER

Han rettar ein peikefinger til universitetet og museet, og meiner dei kunne gjort meir for å betre høva med museet tidligare.

– Det er vanskeleg å kritisere noko som går så bra. Universitetet har fått inn millionar på Vikingskipshuset, men kva gav dei tilbake til skipa og gjenstandane der? Dei følgde dei rammene dei hadde, men det har aldri vore vilje til å fornye, meiner han. Paasche er samstundes tydeleg på at han er svært glad for at det no blir eit nytt museum på Bygdøy.

– Det er fantastisk at det no er løyvd middel, og veldig godt jobba av alle involverte. Men når pengar til det populære museet er på plass, er det fleire som meiner det er tid for litt ettertanke, også i Fortidsminneforeningen.

– Det er bra det er løyvd pengar til museum og sikring. Men eg er kritisk til to ting ved denne saka, det er korleis forvaltninga har vore over lang tid og at ein i kommunikasjonen frå universitetet og museet har linka saman sikring og nytt bygg i så stor grad, seier generalsekretær Ola Fjeldheim.

VEDLIKEHALD MUSEET SITT ANSVAR

Fortidsminneforeningen har vore blant dei som støtta å få vikingskipa med på Europa Nostra si liste over dei mest trua kulturminna i Europa. No meiner Fjeldheim ein må sjå nøye på korleis universitetsmusea er organisert, og på korleis vikingskipa har vore prioritert.

– Eg lurer på om universitetet er dei riktige til å forvalte dette når dei har hatt så mykje besøk over så lang tid, samstundes med låge driftsutgifter og likevel ikkje klart å sikre gjenstandane betre, seier han.

– Men museet seier det ikkje er mogleg å sikre betre i det bygget dei har no.

– Ja, men ser ein til dømes på dei veldig smale støttene, dei har vore der sidan museet var nytt. Er det ikkje mogleg å gjere det betre?

BILLETTINNTEKTER: Ola Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen, lurer på kvifor museets billettinntekter ikkje har kunna bidra til betre sikring av vikingskatten. Foto: privat
BILLETTINNTEKTER: Ola Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen, lurer på kvifor museets billettinntekter ikkje har kunna bidra til betre sikring av vikingskatten. Foto: privat

Fjeldheim peiker på at gjenstandane museet husar er det viktigaste, og at museet då må sørge for å vedlikehalde dei.

– Ein bør stille spørsmål om kor mykje, om noko, av inntektene som museet har som har gått til sikring. Med 550 000 besøkande og ein billettpris på 100 kroner for vaksne, er eit estimat over billettinntektene ved Vikingskipshuset på 50 millionar kroner i året. Samstundes har dei eit budsjett på om lag 100 millionar.

Museumsdirektøren kjenner seg ikkje att i kritikken frå Paasche og Fjeldheim.

– Universitetet har brukt rundt 70 millionar på sikring og i byggesaka dei siste åra, og det er sett av 36 millionar fram til bygget er ferdig. Sikring og bygg heng tett saman fordi det er det ekspertutredninga frå 2012 seier, at dagens situasjon er den dårlegaste for skipa, seier Glørstad.

Han meiner universitetsmuseum er den beste måten å forvalte og formidle kulturarv på, då UiO og universitetsmusea representerer ei foreining av forsking, formidling, undervisning og forvaltning. Men han er einig i at Vikingskipshuset ikkje alltid har fått nok merksemd.

– Det selde seg sjølv, og me kan ta kritikk for at det tidligare ikkje har vore jobba nok med publikumstilbodet. Samstundes er dette bygget laga omtrent som eit mausoleum, og gir avgrensa moglegheiter for utvikling, seier han. Glørstad peiker også på at det har blitt jobba med sikring kontinuerleg.

– Støttesystemet er gammalt, men det er gjort mykje med det, særleg på Osebergskipet. Men noko av poenget er at ein berre kan flikke på det systemet slik ting er i dag, og når ein endrar på det skapar ein nye spenningar i skipa som me ikkje har full kontroll på.

– MIDLA KJEM

Medan fagmiljøet no vil diskutere museumsforvaltninga, har opposisjonen allereie vore ute og vist misnøye med dei 35 millionane som no er løyvd museet. I Aftenposten seier Nina Sandberg (AP) at det er fint at pengane kjem no, men at «det store løftet gjenstår. Tida betyr alt i denne saka, men det er langt frå 35 millionar i oppstartsmiddel til å ha redda vikingskipa permanent.» Den kritikken stiller statsråd Nybø seg heilt uforståande til. – Dette er den vanlege måten å løyve pengar til slike prosjekt. Midla kjem, om museet ikkje er klart innan den forventa tidsbruken no, så er det ikkje oss det har stått på, seier ho.

BUDSJETTLEKKASJE: 2. september kom det fram at Regjeringa set av 35 mill. kroner til nytt vikingskip i budsjettet for 2020. (f.v.) Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V), rektor ved UiO Svein Stølen, museumsdirektør ved Kulturhistorisk museum Håkon Glørstad og kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V). Foto: Øivind Gulliksen, KHM, UiO
BUDSJETTLEKKASJE: 2. september kom det fram at Regjeringa set av 35 mill. kroner til nytt vikingskip i budsjettet for 2020. (f.v.) Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V), rektor ved UiO Svein Stølen, museumsdirektør ved Kulturhistorisk museum Håkon Glørstad og kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V).
Foto: Øivind Gulliksen, KHM, UiO

Les også artikkelen Soga om vikingskipa og tidslinja Historia om vikingfunna


Artikkelen er henta frå hovedsaken i papirutgåva, Museumsnytt nr. 3/2019. Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300 pr år)



Join the Conversation