Soga om vikingskipa

Soga om behandlinga av dei tre store vikingfunna i Noreg, dei best bevarte vikingskipa i verda, er over 100 år med kamp for å bevare skattane forsvarleg og i tråd med den internasjonale betydinga av funna.

SPREKK: Direktør Håkon Glørstad viser fram sprekk i Gokstadskipet. Foto: Maria Pile Svåsand.

Blekket var knapt tørt på Granavolden- plattforma før forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø dagen etter signeringa drog til Bygdøy for å fortelje kva partiet hadde fått til under regjeringsforhandlingane. På lista over lovnader frå den nyforma regjeringa, sto nytt Vikingtidsmuseum. Etter å ha skuffa museumstilhengarane i revidert nasjonalbudsjett nokre månader seinare, kom løyvinga til oppstartsprosjektet endeleg i ein budsjettlekkasje 2. september.

ÅREVIS MED VARSKO

Det kom etter fleire år der museumsleiinga, universitetsrektor, Riksantikvaren og arkeologar har ropt varsko om tilstanden til vikingskipa.

EKSTRA STØTTE: I kjellaren på Vikingskipshuset er taket støtt opp med byggsøyler for å bøte på rørslene i golvet i utstillingssalane. Foto: Maria Pile Svåsand. 
EKSTRA STØTTE: I kjellaren på Vikingskipshuset er taket støtt opp med byggsøyler for å bøte på rørslene i golvet i utstillingssalane. Foto: Maria Pile Svåsand.

– Vår store bekymring er at dette ikkje blir prioritert fordi ein ikkje forstår kor viktig det er å komme i gang, sa museumsdirektør ved Vikingskipshuset, Håkon Glørstad i august.

Kostnadsramma for det planlagte vikingtidsmuseet er på mellom 1.7 og 2 mrd. kroner. Rundt ein fjerdedel av prisen på bompengeforliket som regjeringa vart enige om i august. Ca. ein milliard mindre enn totalkostnadane til det nye Munch-museet Lambda og ein drøy tredel av totalkostnadane til nye Nasjonalmuseet.

Frå Vikingskipa vart funne rundt år 1900 og fram til no har det vore tungt å få staten til å ville ta ansvaret for at skipa blir ivaretatt. Det tok nesten eit halvt hundreår å få ferdig Vikingskipshuset som det står i dag, og prosessen med å få på plass eit nytt museum har vore både kronglete og lang.

Og medan politikarar og fagfolk har krangla, slått alarm og somla, har vikingskipa sakte men sikkert forfalt.

KAN KOLLAPSE

Under både Gokstad- og Osebergskipet er det kome nye støtter for å hindre at treverket i skipa sklir meir ut. I skroget på Gokstadskipet er det kome fleire sprekkar. Den eine er så stor at sola skin rakt gjennom den og ned på den uroa direktøren.

– Dei bevegar seg meir enn me skulle ønskje, og på ein måte som tyder på at dei er på veg til å kollapse, seier Glørstad.

Då skipet vart funne vart det tørka langsamt og etterkvart rekonstruert med nytt treverk der ein mangla det originale. Skipa vart innsett med kreosot og linolje etter utgravinga, seinare har dei fått eit tynt lag ferniss. Utover det er dei ikkje konserverte. Samansetninga av hundre og tusen år gamalt treverk er ikkje ideell. Det originale treverket har konsistens om lag som kol, det er tørt og sprøtt og svært lett. Med yngre og tyngre treverk oppå dette, ligg det eit konstant press på plankane frå vikingtida, og det er ikkje mogleg å vete kor lenge dei klarar å holde igjen.

(Les også artikkelen Tid for ettertanke og tidslinja Historia om vikingfunna)

– Som ein kolbit, så toler dei eit visst press, men når ein kolbit fyrst gir etter, gir den fullstendig etter og omtrent eksploderar. Det same kan skje med vikingskipa, seier Glørstad.

Dei siste fem åra har ein kunne følge med rørsler i skipa ved hjelp av svært avansert 3D-scanning. I Gokstadskipet viser målingane at det har vore endringar på fem millimeter på det meste, det er mykje i eit skip som har hengt saman i over tusen år.

BEVEGELSE: 3D-scanninga av heile Gokstadskipet viser rørslene i skipet i tida 2013-2019.
BEVEGELSE: 3D-scanninga av heile Gokstadskipet viser rørslene i skipet i tida 2013-2019.

Glørstad fortel om undring og bekymring frå internasjonale forskingsmiljø.

– Det er vanskeleg for fagfolk å tru det er sant at eit land som Noreg ikkje har sett alle klutar til for å redde vikingarva. Skipa har dei siste par åra vore hovudsak i ei av dei største avisene i Kina, BBC og skandinavisk presse. Det kjem forskarar frå heile verda for å jobbe med vikingfunn, og Noreg har dei største og rikaste med tusenvis av vikingsverd og gravfunn, seier han.

VIKINGSFEST

Det myldrar av besøkande i Vikingskipshuset, som seg hør og bør ein dag i slutten av fellesferien. Grupper vert guida på norsk, engelsk og mandarin, og det er nesten like mange sjølvis-stavar som det er folk.

Med fleire internasjonale TV-seriar og filmar dei siste åra, er vikingane trendy som aldri før.

– Vikingane har alltid vore populære, men dei siste åra har det vore ein vikingfest. Etterspørselen er enorm. Folk blir aldri mette. Sidan eg starta i direktørjobben for seks år sidan, har me gått frå litt under 400 000 besøkande til nesten 550 000, seier Glørstad.

Men Noregs mest besøkte enkeltmuseum er slett ikkje bygd for å ta imot så mange. Det er nemlig dimensjonert for om lag 50 000 besøkande årleg, ein null mindre der altså. Det vert lange køar utanfor museet i høgsesong, då det berre er forsvarleg med 5-600 inne om gongen. Det hundre år gamle bygget er heller ikkje bygd på ein måte som best ivaretek vikingskatten.

FULLT: Dagens vikingskipshus har 550 000 besøkande årleg, men er berre dimensjonert for 50 000. Foto: Eirik Irgens Johnsen, KHM, UiO  
FULLT: Dagens vikingskipshus har 550 000 besøkande årleg, men er berre dimensjonert for 50 000. Foto: Eirik Irgens Johnsen, KHM, UiO

– Bygget var veldig flott då det var nytt, men i dag er det langt frå den beste måten å ta vare på verdsarva som vikingskipa er, seier Glørstad.

For då dette bygget skulle reisast, var også det ein lang prosess med motvillige politikarar. Etter at dei tre vikingskipa vart funne, for 152, 140 og 116 år sidan blei dei ståande i provisoriske bygg i mange år, medan debatten om og pengeinnsamlinga til eit nytt bygg gjekk høgt. Dei fekk ikkje plass då det vart bygd nytt Historisk museum på Tullinløkka. Då bygginga av Vikingskipshuset endeleg tok til, 49 år etter at Tuneskipet vart funne, rakk den statlege løyvinga berre til deler av fundamentet av bygget. Dei neste fire tiåra jobba museumsleiinga iherdig med å samle private middel og opp mot statsapparatet for å få i orden finansieringa. Fløy for fløy tok bygget sakte form, men det vart bygd på sparebluss. I deler av bygget er treverk dekka med murpuss for å få det til å sjå ut som det murbygget det etter planen skulle vere. I dag seier Glørstad at det er nærare ein lagerhall enn eit moderne museum.

LANGTEKKELEG

Soga om det nye museet kan ikkje seiast å starte veldig mykje betre. Frå planane om å flytte skipa til eitt stort Kulturhistorisk museum på Sørenga tok form midt på 90-talet, via planar om å la dei bli ein del av eit mellomaldermuseum på same plass, til det blei endeleg bestemt at vikingskipa måtte bli på Bygdøy, tok det nesten 20 år. I 2012 ba dåverande kunnskapsminister Tora Aasland om ei ekspertutredning, for å kunne ta ei informert avgjerd om skipa si framtid. Den konkluderte med at skipa måtte bli på Bygdøy.

Før oppstartsmidla til museet kom på plass, er det allereie brukt 140 millionar på vikingskipa og samlingane dei siste åra, i tillegg var det ifølge NRK brukt 23 millionar på utredning av eit alternativ på Sørenga før den tid. På toppen av det kjem kostnadane med ekspertutredninga av tilstanden til skipa mellom 2010 og 2012.

EIGNE METODAR

Dei 35 millionane som no er løyvd vil bli brukt på detaljprosjektering og sikring av skipa før byggeperioden.

– Under bygginga av museet vil det ikkje bli brukt nokon metodar som kan skape vibrasjonar som kan skade skipa. Pålar vil bli skrudd ned i jorda i staden for å bli slått, berg vil bli skore vekk i staden for sprengt, og alle prosessar vil vere kopla opp mot vibrasjonssensorar som automatisk stoppar arbeidet om dei når for høge verdiar.

GOKSTADSKIPET i Vikingskipsmuseet. Eldre foto, ukjent fotograf. 
GOKSTADSKIPET i Vikingskipsmuseet. Eldre foto, ukjent fotograf.

I det nye museet vil vikingskipa stå på golvflater som ikkje er i kontakt med dei flatene som publikum brukar, og som skal holde seg stabile også ved vibrasjonar.

I kjellaren i vikingskiphuset er taket i dag støtt opp av gule midlertidige løftesøyler for at ikkje golvet over oss skal bevege seg så mykje at skipa tek meir skade.

– Det tok 41 år frå det blei vedtatt å bygge Vikingskipshuset til det sto ferdig. Det er ei uverdig historie, og det er på tide at vikingskipa får den prioriteringa dei fortener, seier Glørstad.


Les også artikkelen Tid for ettertanke og tidslinja Historia om vikingfunna


Artikkelen er henta frå hovedsaken i papirbladet, nr. 3/2019. Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300 pr år)



Join the Conversation