(Les også artiklene Tid for ettertanke og Soga om vikingskipa)
Ca år 820: Osebergskipet blir bygd på sørvest-landet
834: Osebergskipet vert begravd som gravskip for to velståande kvinner. I skipet er også ei rekke gjenstandar, mellom anna eit vevd praktteppe, gårds- og kjøkkenutstyr, tre sledar, ei vogn og eit stort tal dyr.
Ca år 890: Gokstadskipet blir bygd.
Ca år 900: Gokstadskipet blir brukt som gravskip for ein rik og mektig mann, i grava var også sleder, utstyr og fleire dyr, mellom anna to påfuglar.
Ca 910: Tuneskipet vert bygd
1867: Tuneskipet vert funne på Rolvsøy, i ein uvanleg stor gravhaug. Utgravinga var den fyrste av eit vikingskip, og skipet fekk røff behandling og skader. Fleire av gjenstandane som var i skipet forsvann under utgravinga, og dei ein har igjen er i svært dårleg stand.
1879: Gokstadskipet blir funne på garden Gokstad i Sandefjord. Våren etter startar den arkeologiske utgraving av Gokstadskipet. Skipet blir etterkvart gjenoppbygd, og om lag 80 prosent av det er det originale treverket.
1898: Det blir vedtatt å bygge Historisk museum, men det skal ikkje romme dei to vikingskipa. Museet står ferdig på Tullinløkka i 1904
1903: Osebergskipet blir funne på garden Lille Oseberg i Vestfold av gardbrukar Oskar Rom og arkeolog Gabriel Gustafson
1904: Gravhaugen vert utgravd, og får stor merksemd. Det tek 21 år å preparere og restaurere skipet og gjenstandane. Skipsdelane blei dampa og pressa tilbake til opprinneleg form, og sett saman att. Det ferdig restaurerte skipet består av 90 prosent originalt treverk, og mange av dei originale naglane blei brukt. Gjenstandane vart konservert med den mest moderne metoden på den tida, og kokt i alunløysing. Det har gjort at gjenstandane i dag er svært skjøre, med konsistens om lag som knekkebrød.
1904-> Vikingskipa blir framleis oppbevart i provisoriske bygg ved universitetet.
1913: Universitetet besluttar å bygge nytt museum til vikingskipa på Bygdøy, og Arnstein Arneberg vinn arkitektkonkurransen.
1916: Oppstartsløyving til museet kjem endelig på statsbudsjettet. Pengane held til fundamenteringsarbeidet for tre av dei fire fløyane.
1926: Regjeringa gir middel til å bygge hallen som Osebergskipet skal stå i. Skipet blir frakta over Oslofjorden på lekter, til stor ståhei og mykje merksemd. Men sidan vil ikkje Stortinget gje meir pengar til museet.
1927: Ved kongelig resolusjon vert det løyvd pengar til delar av bygget frå Kolkraftoverskotsfondet, men meldinga er klar: finansieringa av sluttføringa av museet var «det offentlige uvedkommende».
1932: Tre fløyar står ferdige etter at samlingsbestyrar Brøgger har samla inn private middel og tatt lån med sikkerheit i eiga løn. Tune- og Gokstadskipa har fått ein heim.
1957: Fjerde fløy står ferdig etter å ha blitt finansiert av universitetet, og osebergskatten kan visast fram, over 50 år etter den blei funnen
1996: Museumsutvalet rår til at vikingskipa blir verande på Bygdøy.
2006: Kulturhistorisk museum støttar forslag om nytt middelaldermuseum i Bjørvika, og meiner det er trygt å flytte vikingskipa dit. Riksantikvaren er ueining, og ynskjer å frede skipa og vikingskipshuset.
2012: Ei regjeringsbestilt ekspertutredning rådar imot flytting av skipa. Universitetet i Oslo vedtar å bygge nytt Vikingtidsmuseum på Bygdøy.
2014: Statsbygg lyser ut arkitektkonkurranse, og to år seinare vinn AART architects oppdraget.
2016: Det blir oppdaga nye sprekker i skipa, og dei får seinare ekstra støtter for å hindre at dei rører seg meir.
2018: Vikingtidsmuseet kjem ikkje med i statsbudsjettet for 2019. Museet, fagfolk og Riksantikvaren fortset å slå alarm om tilstanden til skipa.
2019: Granavolden-plattforma slår fast at regjeringa vil starte bygginga, og det vert bevilga pengar til oppstartsprosjektet i statsbudsjettet for 2020.
(Les også artiklene Tid for ettertanke og Soga om vikingskipa)
Artikkelen er henta frå hovedsaken i papirutgåva av Museumsnytt, nr. 3/2019. Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300 i året)