Storskaladigitalisering

Som svar på knusande kritikk frå Riksrevisjonen i 2017, legg Regjeringa no opp til storskaladigitalisering av kulturarv. Til dette vil ein bruke Nasjonalbiblioteket sin «digitaliseringsfabrikk » i Mo i Rana, og kanskje også arbeidskraft frå lisensavdelinga som skal leggjast ned.    

Studer A-800 avspelar for 8–spors band. Foto: Maja Atterstig, Nasjonalbiblioteket

I mediemeldinga som vart handsama i Stortinget i juni i år, foreslår regjeringa å leggje ned lisensavdelinga. Ein del av pengane spart skal brukast på om lag 70 nye stillingar i Nasjonalbibliotekets avdeling i Mo i Rana, til digitalisering av kulturarvsmateriale. Dette skal også komme museums- og arkivsektorene til gode.

(Sjå også artikkelen Sårbart audiovisuelt materiale kan bli redda)

– Dette betyr at digitaliseringskapasiteten vår vil bli meir enn dobla, og at ansvarsområdet vårt vert utvida til å dekkje også museums- og arkivbestanden i Noreg, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.

For musea er planen at «fabrikken» i Mo skal digitalisere foto og audiovisuelt materiale. For arkivsektoren er det papirarkiv som skal avleverast til Arkivverket i tillegg til lyd og bilde. Og så skal dei fortsette å digitalisere Nasjonalbiblioteket si eiga samling, sjølv om dei snart er ferdige med boksamlinga.

MÅ SKJE ETTER FABRIKKPRINSIPPET

I februar 2017 fekk nemleg museumssektoren, Arkivverket og Kulturdepartementet (KUD) ramsalt kritikk av Riksrevisjonen for dårleg prioritering og oppfølging av digitaliseringa av kulturarvsmateriale. Dokument 3:4 (2016-2017) Riksrevisjonens undersøking av digitalisering av kulturarven undersøkte status i abm-sektoren opp mot målsettingar uttrykt i Digitaliseringsmeldinga om digitalisering, tilgjengeliggjering og langtidslagring av kulturarvsmateriale (St.meld. nr. 24 (2008–2009)). Her kjem det fram at Nasjonalbiblioteket var det einaste av dei tre som hadde gjort jobben sin godt nok. Institusjonen er i rute og har snart digitalisert heile boksamlinga. Arkivsektoren vil med dagens framdrift ikkje nå målet om å digitalisere 10 prosent «i overskodeleg framtid», medan «heile 27 prosent av musea meiner det vil ta 20 år å komme a jour». Sektorane vart kritisert for å mangle prioritering og konkrete mål, medan Kulturdepartementet vart kritisert for manglande styring; «…det er få spor av at resultata blir vurderte eller følgde opp».

HEIMEBYGD: Nasjonalbiblioteket bygger også om og optimaliserar avspelingsutstyr i eigen verkstad. Eit eksempel er denne eigenproduserte avspelaren for fonografsylindarar. Foto: Maja Atterstig, Nasjonalbiblioteket
HEIMEBYGD: Nasjonalbiblioteket bygger også om og optimaliserar avspelingsutstyr i eigen verkstad. Eit eksempel er denne eigenproduserte avspelaren for fonografsylindarar. Foto: Maja Atterstig, Nasjonalbiblioteket

Rapporten tilrår at det «planmessige digitaliseringsarbeidet» til Nasjonalbiblioteket, med «systematiske produksjonsløyper » og «automatiserte prosessar» vil kunne gjenbrukast på arkiv- og museumssamlingane, og det er dette rådet KUD nå ser ut til å ville følgje.

– Korleis ser du for deg at de grip dette an?

– Det er to prinsipp som må ligge til grunn for ein slik jobb. Det første er å prioritere det som står i fare for å forvitre først. Vi skal bevare noko for evigheta. Det andre er å prioritere volum og gjennomstrømming etter fabrikkprinsippet, og ikkje rangering. Her har me erfaring med at folk blir forbanna. Men me har også erfaring med at det går over når folk etterkvart ser at me får opp volumet.

– Kva inneber det i praksis?

HARD PRIORITERING: ingen institusjon vil kunne bestille seg nokon plass i digitaliseringskøen fordi dei er «viktigast», seier Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. Foto: Nasjonalbiblioteket
HARD PRIORITERING: ingen institusjon vil kunne bestille seg nokon plass i digitaliseringskøen fordi dei er «viktigast», seier Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. Foto: Nasjonalbiblioteket

– Det kan til dømes bety at me startar med å jobbe hardt med musea på Vestlandet fordi dei har så god logistikk, mens folk på Austlandet meiner materialet deira er viktigare. Eller at me prioriterer 8 mm og ikkje vhs-band fordi me da får tatt unna meir om gongen.

– Dette er tenkte eksempel. Men poenget er at ingen institusjon vil kunne bestille seg nokon plass i køen fordi dei er «viktigast ». Etter ganske kort tid vil dei fleste sjå at det gir effekt for dei også, seier Myhre.

ER I GANG MED PILOTAR

Nasjonalbibliotekaren understrekar at ingenting av dette er verkeleg før mediemeldinga er vedteke og det ligg pengar på bordet etter budsjettframlegg i oktober i haust.

– Det er mykje som skal på plass, og me byrjar ikkje tilsettingar før dette er vedteke. Men me er allereie i gang med pilotsamarbeid med Norsk Teknisk Museum og Gudbrandsdalsmusea, seier han. Dette nye mandatet heng også saman med eit anna prosjekt som Nasjonalbiblioteket er i gang med, med oppdrag om å kartleggja og leggje ein plan for digitalisering og bevaring av audiovisuelt, verneverdig materiale i museumssektoren. (Sjå også artikkel om dette i Museumsnytt nr. 4-2018.)

– Kva er framdrifta i det prosjektet?

– Kartlegginga blir ferdig nå i mai, som planlagt, og den vil vi legge fram og synliggjere. Sjølve planen har me bestemt at me ventar med til hausten, då føresetnadene har endra seg så mykje at me må bruke litt meir tid til å ta innover oss kva det vil seie å rigge seg til med 70 nye stillingar. Vil også helst ha eit stortingsvedtak og eit budsjett bak oss før vi lanserer ein ferdig plan.

(Ed. Kartlegginga vart lagt fram etter at denne artikkelen gjekk i trykken, og kan lesast på nasjonalbiblioteket sine nettsider)

GAMLE FORMAT: Nasjonalbibliotekt har i mange år samla utrangert medieavspelingsutstyr for å kunne digitalisere materiale som er lagra på gamle format. Foto: Maja Atterstig, Nasjonalbiblioteket
GAMLE FORMAT: Nasjonalbibliotekt har i mange år samla utrangert medieavspelingsutstyr for å kunne digitalisere materiale som er lagra på gamle format. Foto: Maja Atterstig, Nasjonalbiblioteket

– Kva er det eigentleg de skal gjere og kva er det de ikkje skal gjere?

– Me vil fyrst og fremst jobbe som ein slags tenesteleverandør der me skal kunne ta imot materiale og levere det tilbake. Me skal ikkje produsere metadataene eller noko slikt. Kompetansen til Nasjonalbiblioteket er på formatet som samlingane er lagra på, og ikkje på sjølve innhaldet. Korleis løypa inn mot digitaltmuseum vert kan eg ikkje seie noko konkret om enda, men me vil jo prøve å tilbakeføre ting til institusjonane på ein mest mogleg tenleg måte for dei, forsikrar Myhre.


Sjå også artikkelen Sårbart audiovisuelt materiale kan bli redda

Sjå også artikkelen Lydopptak som notatblokk


Denne artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 2/2019). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300 pr år)



Join the Conversation

1 comment

  1. Sårbart audiovisuelt materiale kan bli redda - Museumsnytt

    […] Sjå også artikkelen Storskaladigitalisering […]