Sårbart audiovisuelt materiale kan bli redda

Noko av det mest sårbare materialet til norske museum er arkiv med opptak av lyd og levande bilete. Utan ein digital redningsaksjon står mykje av dette i fare for å bli øydelagt. No kan denne aksjonen vere på trappene.

BAKER LYDBAND: Magnetbånd kan bakes i ovn på 45 grader for å reaktivere limet mellom magnetsjiktet og basematerialet. Foto: Maja Atterstig, Nasjonalbiblioteket

DETTE ER SAKEN:
❱❱ Nasjonalbiblioteket (NB) skal utarbeide nasjonal plan for digitalisering av verneverdig film og lydfestingar i sektoren.
❱❱ Regjeringa løyver 10 mill til NB til prosjektet i statsbudsjettet for 2019.

Nasjonalbiblioteket sendte i haust ut eit spørjeskjema til ca. 220 verksemder som kunne tenkjast å sitje på slikt materiale. Resultatet av kartlegginga, og utkast til plan for digitaliseringsarbeidet, skal Nasjonalbiblioteket sende Kulturdepartementet i løpet av våren 2019.

– Korleis vil Nasjonalbiblioteket sikre informasjonsflyt og dialog med musea i dette arbeidet?

– Det er enno ikkje avgjort korleis dialogen med ei ulike institusjonane skal gå føre seg, svarar Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.

Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. Foto: Nasjonalbiblioteket
Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. Foto: Nasjonalbiblioteket

– Den digitaliseringsplanen som skal leggjast fram til våren, vil basera seg på to grunnprinsipp, for det fyrste bevaring, der materiale som er trua vil takast først, og for det andre gjennomstrømming og volum. Me vil sjå alt materialet i landet under eitt, og ikkje ein og ein institusjon. For å lykkast med dette er me avhengige av god kommunikasjon og dialog med både museum og arkiv. Me vil gjennom kartlegginga sjå nærare på korleis den dialogen best kan organiserast, seier han.

– Nasjonalbibliotekets digitaliseringsprosjekt har vanlegvis vore på materiale som de sjølv har eigarskapet til. Mange museum som sit på audiovisuelt materiale vil antakeleg ha som føresetnad at dei kan behalde dette eigarskapet sjølve. Kan du bekrefte at det er dette som er planen, eller kan det vere aktuelt å overta eigarskap?

– Me har ingen planer om å krevje eigedomsrett til materiale som me digitaliserer innafor dette prosjektet. Me skal gjere eit arbeid for heile ABM-sektoren, ikkje overta den, og det er difor ein føresetnad at forvaltninga av innhaldet fortsatt ligg hos musea og arkiva. Me vil nok ynskje å kunne formidle noko av materialet i vår eiga teneste om det er mogleg, men det er ikkje på nokon måte obligatorisk. Myhre understreker at råderetten over forvaltninga fortsatt skal ligge i institusjonane.

– Me skal verken ta museumsfaglege eller arkivfaglege vurderingar på vegne av institusjonane, vårt arbeid vil vere knytt til bevaring, digitalisering og kanskje òg oppbevaring, seier han.

– Vil de søke samarbeid med Kulturrådet for å sikre god koordinering med musea, Kultur-IT og eksisterande initiativ og miljø i museumssektoren? Mellom anna for å sikre at materialet vil kunne bli brukt i primus og digitalt museum?

– Me vil gjere alt me kan for at materialet skal kunne nyttast raskast mogleg i dei tenestene musea og arkiva allereie nyttar. Dette er mest av alt ein teknisk jobb, ikkje ein koordineringsjobb.

– Ser de for dykk ein modell der denne bistanden til musea blir gjennomført utan kostnad for musea?

– Dette er det til sjuande og sist regjering og storting som avgjer, det er dei som gir oss budsjetta våre. Me har tenkt å byrja arbeidet med dei ti millionane som er foreslått på statsbudsjettet no, og voner at det er starten på ei statleg satsing. Midlar frå andre, store museum, stiftingar og liknande kan kanskje kome til å auke kapasiteten i periodar, men dette er det for tidleg å spekulere i.

– Ser de for dykk at de gjer heile digitaliseringsjobben, eller at musea sjølve gjer noko av den?

– Materiale for lyd og film krev mykje utstyr og kompetanse å bevare og digitalisere. Det har me bygd opp i Mo i Rana i over tjuefem år. Det er denne kompetansen som no gjer at me kan ta på oss ei oppgåve som dette, og det er difor mest naturleg at digitaliseringa av lyd og levande bilde skjer der, seier Aslak Sira Myhre.

BAKGRUNN:

ABM-institusjonane som rapporterer til arkivstatistikken oppga i 2016 at dei sat på over 76 000 filmar og over 340 000 lydopptak. Mykje av dette kan gå tapt, fordi lagringsmedia forvitrar. Vi snakkar om filmruller, lydopptak på minidisk, betamaxkassettar og CD-ar. Gjennom Kulturrådet og ulike nettverk, har sektoren arbeidd med denne problemstillinga i over ti år. Og nå ser det ut til at dei kan få hjelp frå Nasjonalbiblioteket (NB) i Mo i Rana.

I mai i år fekk NB nemlig i oppdrag av Kulturdepartementet å kartlegge og utarbeide ein nasjonal plan for digitalisering av verneverdig film og lydfestingar i sektoren. I kulturbudsjettet for 2019, foreslår regjeringa ei løyving på 10 millionar kroner til digitaliseringsarbeidet.

– Vi er glade for at det blir løyvd pengar til dette arbeidet, og Nasjonalbiblioteket har bygd seg opp mykje kompetanse og utstyr til digitalisering av lyd og bilete dei siste åra. No er vi opptatt av å få til ein god dialog, og sikre at ordninga kan bli best mogleg for sektoren, seier Per Olav Torgnesskar i Kulturrådets museumsseksjon.

– Har de dialog med Nasjonalbiblioteket i dag?

– Me har god uformell dialog, og er opptatt av å ha tilstrekkelig kontakt framover slik at me kan sikre at dette vert eit godt tilbod som musea vil benytte seg av. Eit slik prosjekt krev ei forståing for museumssektoren sin eigenart, seier Torgnesskar.

DIGITALISERING I NASJONALBIBLIOTEKET
Nasjonalbiblioteket (NB) er i gang med å digitalisere heile samlinga med alle materialtypar, både pliktavlevert materiale og arkivmateriale som er donert eller deponert etter avtale. NB digitaliserer og bevarer òg materiale for Arkivverket, og bevarer Nasjonalmuseet sitt digitale arkiv.

NASJONALBIBLIOTEKET HAR DIGITALISERT:
❱❱ Ca. 57 000 einingar med lydopptak (musikk og dokumentarlyd)
❱❱ Ca. 530 000 timer radio
❱❱ Ca. 15 880 einingar med levande bilete (film og video)

EKSEMPEL PÅ PÅGÅANDE DIGITALISERINGSPROSJEKT:
❱❱ NB si samling 78-plater: ca. 16 000 plater er digitaliserte til no.
❱❱ 80 000 masterband (1-48 spor). Største samlinga i Noreg.
❱❱ Nitratfilmsamlinga etter filmfotograf Hans Berge: ca. 100 av til saman rundt 750 einingar er digitaliserte til no.


Sjå også artikkelen Lydopptak som notatblokk

Sjå også artikkelen Storskaladigitalisering


Denne artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 4/2018). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300 pr år)