Oljesponsing av musea 

Eit opprop i England prøver å få Science Museum til å stoppe samarbeidet med fleire oljeselskap, mellom anna Equinor.

Sleipner. Foto: Kjetil Alsvik, Equinor

Det er ei av ei lang rekke saker der oljesponsing av kulturen vert kritisert, og debatten endar ofte som ein rein etisk debatt. Men i saka med Science Museum er deler av den meir konkret. Kritikarane meiner museet bryt sine eigne retningslinjer når dei signerer på kontrakten med Equinor, som seier museet ikkje kan foreta seg noko som kan skade ryktet til energigiganten.

Kva betyr eigentleg det? Skadar ein ryktet til oljeselskapet Equinor om ein har ei utstilling om konsekvensane av oljeutvinninga? Om ein tek for seg forskinga som viser at ein må la resten av olja ligge for å nå togradermåket? Kva om ein viser strandfugl skada av olje? Eller historia til dei fyrste oljearbeidarane?

Kan det tenkast at nokon blant dei besøkande trur sponsinga fargar formidlinga?

(Les også artikkelen Kritiske til oljepengar)

Musea står hardt på sitt om at dei ikkje kan redigerast av sponsorar, og står fritt til å stille ut kva dei vil til tross for at oljepengane smørjer maskineriet. Men også dei norske musea som har samarbeida med Equinor, har faktisk skrive under på at dei ikkje skal skade ryktet til oljeselskapet.

Museumsdirektørane i saka om sponsing i dette bladet peiker på sitt eige uavhengige redaktøransvar. Men om ein byter ut orda «museum» og «vitensenter» med «avis» i den saka, kva skjer då? Då er eg redd det kan bli «innhaldsmarknadsføring» som må bytast ut med «utstilling», i staden for «journalistikk».

I det såkalla postfaktuelle samfunnet må ein jobbe hardt for tilliten til folk. Kan det tenkast at nokon blant dei besøkande trur sponsinga fargar formidlinga? At dei musea det gjeld kanskje ikkje vil vere den beste kjelda til kunnskap på dei felta? Kan det tenkast at nokon tvilar, sjølv om museet seier at dei ikkje let seg påverke?


Artikkelen er leiarkommentaren i papirutgåva av Museumsnytt – nr. 3/2018. Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- pr år)



Join the Conversation

1 comment

  1. Kritiske til oljepengar - Museumsnytt

    […] Sjå også leiarkommentar: Oljesponsing av musea […]