Kritiske til oljepengar

I England er oljesponsing av musea stadig eit heitt tema. Her heime syns Natur og Ungdom det er perverst at Equinor skal lære unge om klima.

Sleipner. Foto: Kjetil Alsvik, Equinor

I Storbritannia har om lag 50 vitskapsfolk  og aktivistar signert eit opprop mot sponsoravtalane BP, Shell og Equinor har med Science Museum i London. Mellom anna har Equinor sponsa utstillinga «Wonderlab: The Equinor Gallery».

(Sjå også leiarkommentar: Oljesponsing av musea)

Motstandarane meiner avtalane bryt med museet sine eigne etiske reglar, då dei understrekar at museet ikkje kan gjere noko som undergraver ryktet til selskapa.

Blant dei som har signert oppropet er også leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord.

– Eg meiner det musea formidlar bør vere uavhengig og fritt, utan ei klam hånd frå oljebransjen over det som blir formidla om olje og klima, det burde dei ikkje halde på med, seier han.

Ifølge Equinor er avtalen med Science Museum den same som dei har med ei rekke norske museum.

Copy-paste frå Equinor

Mykje av Equinor si sponsing av museum, både vitensenter i Noreg og Science Museum i London, er del av programmet «Morgendagens helter», som ifølge selskapet mellom anna skal bidra til å auke interessa for teknologi og realfag, og framtidas løysingar på eit auka energibehov, blant born og unge.

– Det blir feil når dei skal sponse unge si framtid. Det er perverst at dei same selskapa som held på å øydelegge framtida vår også skal fortelle unge om energi og klima. Det er jo dei som har skapt klimaproblema!

Eiterjord er kritisk til at fleire vitensenter i Noreg har Equinor som sponsor, og seier han vert usikker på om musea klarar å vere upartiske i formidlinga si. Særleg trekker han fram Norsk Oljemuseum og Teknisk Museum sine utstillingar.

– Mitt inntrykk etter å ha vore på dei musea, er at ein kjenner igjen det Equinor seier i utstillingane. Om ein tek oljemuseet, er eg spent på den nye utstillinga der, og håpar den er betre enn den som er der no. Den er omtrent som copy-paste frå Equinor sine budskap.

– På kva måte?

– Dei brukar dei same formuleringane og problemstillingane, og framstiller det til dømes som at me må bruke olje og gass i framtida. Men om me gjer det, kokar me planeten vår.

Han peiker særskilt på ein plansje på oljemuseet med overskrifta «Verden trenger mer energi».

– Det er jo som kopiert ut frå Equinor sin kommunikasjonsstrategi, seier Eiterjord.

– Blir oppgitt

– Dette syns eg er ille. Verken me eller Equinor er vel dei einaste til å sei at verda treng meir energi, det meiner eg er korrekte fakta. Å skulde oss for å gå deira ærend fordi me har skrive det, vert stusseleg, seier direktør for Norsk oljemuseum, Finn Krogh.

Han peiker på at plansjen Eiterheim snakkar om er ein del av ein større bodskap i utstillinga «Energi: Problemet eller løsningen». Den handlar om dilemma som er mellom klima på den eine sida, og velstand, olje og naturvern på den andre.

– Utstillinga er kritisk til energiforbruket i verda. Energibehovet går opp, men auka energiproduksjon gir auka utslepp, det kan fort gå gale. Det er retorikken vår, seier han.

Han understrekar at pengane frå Equinor, eller nokon av dei andre oljeselskapene som sponsar museet, ikkje kjem med klausular som legg føringar på formidlinga deira på nokon måte.

– Equinor gjer ingenting på oljemuseet utanom å bidra til at me har ei utstilling der. Me har fullt redaktøransvar sjølve, og oljeselskapa veit at dei ikkje kan diktere oss med sponsorkroner, seier Krogh.

– Konspirasjonsteoriar

Men kan du skjønne at nokon er skeptiske til at sponsinga ikkje påverkar kva avgjersler som blir tatt, sjølv om det kan vere mindre bevisst?

– Det blir ei lettvin forklaring om ein ynskjer å lage konspirasjonsteoriar. Me har 15 sponsorar, med enkle og greie avtalar. Dei bidrar til drift og utvikling, og me står fullstendig fritt til å utforme utstillingar og i vår formidling slik som me ynskjer sjølve.

Teknisk Museum kjenner seg heller ikkje igjen i kritikken.

– Om du går i vår oljeutstilling vil du sjølvsagt sjå Statoil si historie. Men me har ingen sponsing frå Equinor i dag. Eg kjenner meg ikkje truffen av kritikken. Å lage teknisk museum utan norsk oljehistorie ville vore uansvarleg, seier direktør ved Teknisk Museum, Frode Meinich.

Han peiker på at dei har stort fokus på alle typar energi i utstillingane sine, med hovudfokus på vasskraft og oljeutvinning, med historisk bakgrunn for begge. I tillegg til eit energitivoli, der alle energiformer ert presentert.

– Eg syns me har ei balansert framstilling, seier Meinich.

Sponsar fleire

I tillegg til Norsk Oljemuseum, sponsar Equinor også 6 av vitensentra i Noreg. Leiar i Vitensenterforeningen og direktør ved Nordnorsk Vitensenter, Tove Marienborg, seier ho ikkje kjenner seg att i kritikken.

– Ikkje i det heile. Me har etiske retningslinjer som seier at me ikkje inngår avtalar med nokon som vil påvirke det me formidlar. Det har vore aktørar som har prøvd, men dei har me ikkje avtalar med, seier ho.

Ho peikar på at også offentlege middel i Noreg i stor grad kjem frå olja.

På Jærmuseet, som også tek imot middel frå Equinor, seier direktør Målfrid Snørteland at også dei har etiske retningslinjer som hindrar dei i å la seg påverke av ytre krefter.

– Dei legg me ved alle sponsoravtalar, og opplever at dei vert respekterte, seier ho.

Ho ynskjer alle velkomne til utstillingane deira for å sjå om dei kan finne spor etter sponsing i måten dei formidlar på.

– Eg meiner sponsing av kulturinstitusjonar og utdanningsinstitusjonar er ein interessant diskusjon, men ein slik debatt burde sjå langt vidare enn oljebransjen, sier ho.

Standardformuleringer

I følge Equinor sjølve, har likevel musea signert på at dei skal ikkje skal sverte Equinor sitt rykte.

–Avtalane varierar utifra samarbeidet, men dei inneheld ei standardformulering om at partane skal samarbeide positivt og ikkje aktivt motarbeide kvarandre. Bevisst framferdsel som kan skade Equinors vørdnad eller omdømme er ikkje i samsvar med samarbeidsavtalen, skriv informasjonsdirektør i Equinor, Bård Glad Pedersen i ein e-post.

Omsett til engelsk, er dette dei same formuleringane ein finn i dei omdiskuterte britiske sponsoravtalene.

Pedersen understrekar at museumssponsing ikkje er noko dei gjer for å drive såkalla grønvasking av Equinor.

– Forsking og utdanning er ein viktig del av vår verksemd. Me ynskjer å bidra til å skape interesse for realfag og vise moglegheitene som fins, skriv han.

(Sjå også leiarkommentar: Oljesponsing av musea)


Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 3/2018). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- pr år)



Join the Conversation

1 comment

  1. Oljesponsing av musea  - Museumsnytt

    […] Les også artikkelen Kritiske til oljepengar […]