Når fjær blir til høns

I siste utgåve av Museumsnytt har tidsskriftet ein artikkel med tittelen «Droppar evaluering av museumsreforma.» Vinklinga er at historias største reform av norsk museumssektor ikkje skal evaluerast likevel. Her svarar statssekretær i Kulturdepartementet Knut Aastad Bråten på kritikken.

Foto av oppslag i Museumsnytt nr 4/19, med tittelen "Dropper evaluering av museumsreformen"

Les også:
Dropper evaluering av museumsreformen og – Oppfyller ikke våre forventninger

Sektoren og opposisjonen på Stortinget seier dei er overraska og skuffa, men då let dei auga att for mykje av kunnskapsutviklinga som har funne stad dei siste åra.

Museumssektoren i Noreg har dei siste 20 åra gått gjennom ei stor omstrukturering, frå eit landskap med rundt 350 einingar som direkte og indirekte tok imot stønad over Kulturdepartementets budsjett, til dagens 61 einingar som utgjer Det nasjonale museumsnettverket. Stortingsmeldinga Kjelder til kunnskap og oppleving frå 1999, var det politiske startpunktet for denne prosessen, som seinare har blitt omtala som «museumsreforma».

Portrettfoto av statssekretør Knut Aastad Bråthen i Kulturdepartementet
Statssekretær i Kulturdepartementet Knut Aastad Bråten svarer på evalueringskritikken i forrige Museumsnytt. Foto: Ilja C. Hendel / Kulturdepartementet

I Kjelder til kunnskap og oppleving heiter det at staten bør starte ein prosess med sikte på «ei opprydding i dei einskilde distrikta og regionane, slik at ein sit att med eit mindre tal (1-6) konsoliderte museum eller museumsnettverk i kvart fylke, dvs. einingar med ei så sterk fagleg og økonomisk plattform at dei på ein meiningsfull måte kan inngå i eit samla nasjonalt nettverk av museum.» Hovudgrepet var konsolidering av einingar med mål om å styrke både det museumsfaglege arbeidet og museas føresetnader for god fagleg drift og utvikling. Reforma har hatt ulike føresetnadar i dei ulike regionane og ho har utvikla seg ulikt i ulike deler av landet.

Det er riktig, som artikkelen i Museumsnytt viser til, at Stortinget i mars 2017 vedtok å be regjeringa gjennomføre ei heilskapleg vurdering av museumsreforma så langt og synleggjere framtidsutfordringar i eit heilskapleg museumstilbod. Det er nettopp derfor at vi i departementet er i gang med ei stortingsmelding om museum. Meldinga vil innehalde ei samla vurdering av museumsreforma så langt, slik Stortinget har bede om.

Men det er ikkje slik, som enkelte vil ha det til, at vurderinga i meldinga vil bli tatt ut av lause lufta. Til grunn for ei slik vurdering ligg eit kunnskapsgrunnlag tufta på mange og ulike arbeid og kjelder. Vi har fått utarbeidd mykje statistikk, fylkesvise evalueringar, eksterne rapportar og Kulturrådets årlege vurderingar av dei enkelte institusjonane i det nasjonale museumsnettverket. Desse dokumenta ligg tilgjengeleg på regjeringas nettside.

Dette kunnskapsgrunnlaget, som er utvikla parallelt med gjennomføringa av reforma, peikar likevel på fleire kunnskapshol som vi i samband med meldingsarbeidet ønsker å tette. Blant anna viser fleire av evalueringane til at dei ikkje har sett på korleis publikum opplever institusjonen og tilboda. Derfor blir det no, for første gong, gjennomført ei omfattande bruks- og brukarundersøking over tre datainnsamlingsrundar ved norske museum. Undersøkingane blir gjennomført av Rambøll. I løpet av arbeidet med museumsmeldinga har departementet også fått gjennomført ei ekstern kartlegging av samlingsutviklinga ved norske kunstmuseum på 2000-talet, ei ekstern undersøking av museum og skule og ei stor tilstandsvurdering av alle dei kulturhistoriske bygga ved musea i det nasjonale museumsnettverket. Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor har også gjort studiar av frivillig arbeid i kulturinstitusjonane, der musea inngår.

Vi ønsker at det samla kunnskapsgrunnlaget for meldingsarbeidet skal kunne belyse fleire aspekt ved museumsreforma. Derfor inkluderer mandatet til utgreiinga Musea i samfunnet. Ei utgreiing av musea sin plass og rolle i lys av museumsreforma, som Telemarksforskning fekk etter ei anbodsrunde, også følgjande spørsmål:

  • Korleis har musea utvikla seg i tråd med måla i museumsreforma?
  • På kva område har reforma særleg lukkast og på kva område er det framleis utfordringar, sett i lys av intensjonen med reforma?
  • Kva kjenneteiknar fagleg vellukka konsolideringar og kva er dei viktigaste utfordringane for slike?

Vi ser fram til å lese utgreiinga frå Telemarksforskning som, saman med resten av materialet, vil gje eit godt grunnlag for å møte både komiteen og forventningar i sektoren. Framover skal vi både kome med ei oppsummerande vurdering av museumsreforma og belyse moglegheitene til sektoren framover.

Se Anette Trettebergstuens (Ap) kommentarer til dette innlegget: – Oppfyller ikke våre forventninger

Les også:
Dropper evaluering av museumsreformen 


Leserinnlegget er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 1/2020). Kontakt redaksjonen for abonnement til kr. 300,- pr år.



Join the Conversation