Raudts logo

Raudt vil fjerne krav om lønnsemd

Sofie Marhaug, fyrstekandidat i Hordaland

– Korleis ser partiet på museumspolitikken i dag?

– Raudt vil ha stans i kommersialiseringa av musea. Museumsstrukturen har forsett å bli sentralisert, og ein har oppmoda om å slå seg saman og bygge såkalla robuste einingar, utan at det eigentleg har løna seg i særleg grad.

– Krav om høg eigeninntening frå musea si side, gjer dei meir sårbare. Raudt vil ha meir autonomi for institusjonane, og ikkje overstyre dei gjennom sentralisering og marknadsretting.

– Vil de evaluere museumsreforma?

– Ja, Raudt ynskjer seg ei grundig ekstern evaluering av museumsreforma. Eg meiner det skal vere meir opp til musea sjølve om dei vil vere konsolidert eller ikkje, ein skal vere forsiktig med å detaljstyre for mykje.

– Korleis vil musea merke det om de kjem til makta?

– Om Raudt kjem til makta, vil musea merke at me ikkje vil gamble med kulturlivet generelt. Me er også opptekne av arbeidsvilkåra i musea og i kulturlivet. Mange vert utnytta gjennom små og mellombelse stillingar, og me vil stramme inn på deltids- og korttidsstillingar.

 

SVs logo

SV vil ha nytt kulturløft

Freddy André Øvstegård, stortingsrepresentant

– Korleis ser partiet på museumspolitikken i dag?

– Museumsreforma frå den raudgrøne regjeringa har virka godt. Sektoren er sterkare enn før, men det er også store utfordringar. Regjeringa sine flate ostehøvel-ABE-kutt rammar drifta, og musea når ikkje så breitt som dei ynskjer.

– Korleis ser de på ei museumslov?

– SV vil ha ei lov for musea, enten som eiga lov eller som ein del av ei ny og sterkare kulturlov. Det å gje musea ein plass i lova, vil kunne løfte rolla og samfunnsoppdraget til museumssektoren.

– Vil de evaluere museumsreforma?

– Stortinget har vedtatt at museumsreforma må evaluerast, så svaret er ja. Dessutan kan ei evaluering gje oss nyttig kunnskap for vegen vidare. Men det er viktig at ei evaluering ikkje betyr å opne for ein stor ny prosess.

– Korleis vil musea merke det om de kjem til makta?

– SV vil prioritere eit nytt kulturløft der 1 prosent av statsbudsjettet skal gå til kulturformål, inkludert musea. Me vil avslutte den såkalla ABE-reformen, gje middel til eit skikkelig løft for digitaliseringa og gje middel for å breie ut besøket, gjennom til dømes å finansiere gratis inngang for barn.

Aps logo

AP vil ha tydelegare ambisjonar

Trond Giske, kulturpolitisk talsperson

– Korleis ser partiet på museumspolitikken i dag?

– ABE-kutta svekker museas moglegheit til å nå måla og utføre samfunnsoppdraget. Museumspolitikken treng tydelegere og meir forpliktande ambisjonar. Museumsreforma har styrkt faglegheita, frigjort ressursar, og vi ser at større einingar kan gjere større løft på mange område. Mange har fått det veldig godt til og framleis er det museum som med fordel kan gå inn i ei konsolidert løysing. Musea kan spele ei større rolle i arbeidet med opplæring av barn og unge og me må sørge for at musea når ut til heile befolkninga.

– Korleis ser de på ei museumslov?

– Ap vil vurdere behovet for dette i dialog med sektoren, når den reviderte kulturlova er på plass.

– Vil de evaluere museumsreforma?

– Ja. Det er naudsynt med ei evaluering som går bak statistikken, og det var skuffande at regjeringa ikkje gjennomførte ei ekstern evaluering i forarbeidet til museumsmeldinga, slik Stortinget vedtok i 2017.

– Korleis vil musea merke det om de kjem til makta?

– Kulturdelen av statsbudsjettet skal aukast til 1 prosent. Dei statlege midla skal i større grad enn i dag komme heile landet til gode. Museumssatsing er ein viktig del av kulturløftet.

Sps logo

Sp vil ha gratis museum

Åslaug Sem-Jacobsen, stortingsrepresentant

– Korleis ser partiet på museumspolitikken i dag?

– Museumsfeltet kunne vore styrka meir. Me er positive til museumsmeldinga, som gjev ei grei skildring av korleis frivilligheita var ramma av konsolideringa. Mange plassar har det ikkje fungert så bra, og bør setjast på pause om det ikkje er eit ynskje frå musea sjølve.

– Korleis ser de på ei museumslov?

– Me har ikkje landa i den saka, men eg er positiv til å sjå på det.

– Vil de evaluere museumsreforma?

– Me vil ha ei skikkelig uavhengig evaluering, og er skuffa over at den blei lagt i ei skuff. Ei evaluering vil nok ikkje endra dagens konsolideringar, men dei som ikkje får det så godt til no, kan sjå til andre som lukkas betre og rigge seg på ein annan måte. Elles får me sikkert nokre gode svar på kva me kan gjere med frivilligheita som har tapa ein del på reforma.

– Korleis vil musea merke det om de får makta?

– Me støtter målet om 1 prosent av statsbudsjettet og vil ha fokus på frivillig engasjement. I dag går over 50 prosent av dei offentlige midla til Oslomusea, så me vil ha eit lokalt kulturløft. Ei prøveordning med gratis museum ein dag i veka kan bidra til å nå grupper som vanlegvis ikkje går på museum.

MDGs logo

MDG vil stille bærekraftskrav

Partikontoret har svart på e-post

– Korleis ser partiet på museumspolitikken i dag?

– Museumspolitikken i dag har både sine sterke og svake sider. Me vil arbeide for ein open kommunikasjon og styrke dialog og diskusjon om korleis museumspolitikken kan betrast. Det er viktig at musea har eit minst mogleg miljøavtrykk og me vil støtte initiativ for å redusere musea sitt miljøavtrykk i tråd med naturens tolegrenser.

– Korleis ser de på ei museumslov?

– Me er opne for ei ny museumslov om det kjem til å styrke musea si moglegheit til å reflektere auka mangfald og representativitet blant folk som tek del i produksjonar og framvisingar.

– Vil de evaluere museumsreforma?

– Me vil evaluere effektane museumsreforma har hatt, slik at me betre og klarare kan vurdere potensielle framtidige endringar i reforma.

– Korleis vil musea merke det om de kjem til makta?

– Vår kulturpolitikk skal stimulere skaparkraft og engasjement og ta omsyn til heile breidda i det norske kulturlivet. Me vil vidareutvikle gode og føreseielege støtteordningar for kulturinstitusjonar, inkludert museum. I samsvar med vår politikk, vil me fremje og stille miljø- og bærekraftskrav til institusjonar som mottar statlig støtte

KrFs logo

KrF vil lovfeste armlengds avstand

Jorunn Lossius, kulturpolitisk talsperson

– Korleis ser partiet på museumspolitikken i dag?

– Stortinget har nettopp behandla ei melding om museum og me er nøgde med ei så langsiktig og offensiv satsing som det dagens regjering har lagt frem. Arkiv og museum tek vare på det kollektive samfunnsminnet, og desse institusjonane har ei viktig demokratisk samfunnsrolle når det gjeld å utvikle og formidle kunnskap om vår historie og samtid. Kulturminna og kulturmiljøa me tek vare på for ettertida er viktige kjelder til kunnskap og opplevingar, og for utviklinga av lokalsamfunn.

– Korleis ser de på ei museumslov?

– Me er positive til ei museumslov. Det er samstundes nødvendig å vente på den reviderte kulturlova, fordi det der vert arbeidd med å lovfeste armlengds avstand-prinsippet.

– Korleis vil musea merke det om de får behalde makta?

– Me vil føre ein medviten arkivpolitikk for å sikre dokumentasjon om samfunnet som skal kunne brukast til å forstå samtid og fortid, og til å bevare og vidareutvikle Noreg som rettsstat og demokrati. Me vil også bidra til å sikre gode rammevilkår for musea i landet, og sørge for at museumssektoren har autonomi til å reise kritiske spørsmål både ved fortida og samtida.

Venstres logo

Venstre er positive til museumslov

Solveig Schytz, stortingsrepresentant

– Korleis ser partiet på museumspolitikken i dag?

– Venstre meiner at museumspolitikken alltid kan bli betre. Me vil mellom anna sjå på ei museumslov og evaluere museumsreforma.

– Korleis ser de på ei museumslov?

– Me er veldig positive til ei museumslov, men vil avvente til arbeidet med revidering av kulturlova er avslutta, slik det kjem fram i museumsmeldinga.

– Vil de evaluere museumsreforma?

– Venstre vil evaluere Museumsreforma med sikte på å betre musea sin forskings- og formidlingskompetanse.

– Korleis vil musea merke det om de får behalde makta?

– Venstre ser den utruleg viktige rolla musea spelar for samfunnet, mellom anna gjennom kulturformidling og ved å ta vare på vår felles historie. For musea vil det ha stor betyding kven som kjem til makta i haust. Venstre fekk gjennom fleire gode punkt om museum i Granavolden- plattforma, og dei punkta som ikkje blei gjennomført vil me jobbe vidare med om me skulle komme til makta i haust. Vi vil utarbeide ein handlingsplan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på museum og arkiv. Venstre vil også styrke gåveforsterkingsordninga, og auke dei nasjonale utviklingsmidla.

Høgres logoHøgre vil ha fortsatt vekst

Kristin Ørmen Johnsen, kulturkomiteen på Stortinget

– Korleis ser partiet på museumspolitikken i dag?

– Museumspolitikken er forankra i museumsmeldinga. Regjeringa har gjennom åtte år løyva mykje til musea, men det er fortsatt eit etterslep på rehabilitering av kulturminner og musea må styrkjast på digitalisering og formidling.

– Korleis ser de på ei museumslov?

– Fyrst må me få på plass arkivlova. Stiftingslova påverkar også musea, og ei revidering av kulturlova og ei kulturmiljølov er på trappene. Det må vurderast om musea skal inn i desse. Eg meiner ein kan byrje ei utreiing av akkreditering av museum i samarbeid med sektoren.

– Vil de evaluere museumsreforma?

– Det er ikkje aktuelt no. Men det reknar eg med vil komme opp igjen, og må eventuelt sjåast i samanheng med både ei ny kulturlov og ei eventuell museumslov.

– Korleis vil musea merke det om de får behalde makta?

– Høgre vil satse på kultur, og musea vil merke ei fortsatt vekst og satsing. Me ynskjer også å mobilisere frivillige, lokalsamfunn og organisasjonar. Me ynskjer framleis ei tredeling av finansiering mellom forvaltningsnivåa, vil fortsette å ha gåveforsterkingsordninga og skal jobbe med ei meir samordna samlingsutvikling.

Framstegspartiets logoFrP vil støtte dei frivillige

Silje Hjemdal, kulturpolitisk talsperson

– Korleis ser partiet på museumspolitikken i dag?

– Museumsmeldinga har fokus på fleire viktige saker for FrP, som kystkultur og barn og unge. Den vellukka gåveforsterkingsordninga var også vårt initiativ. Vidare er det viktig å stimulere dei frivillige entusiastane. Og så må me hugse at det er museum i heile Noreg.

– Korleis ser de på ei museumslov?

– Kjem det eit forslag, skal me sjølvsagt sjå på det. Men eg meiner det er viktigare med politisk vilje til å løyve pengar til musea, og eg er skeptisk til for mykje føringar. Det same gjeld eit akkrediteringssystem, og er redd det tek vekk gneista og gjev byråkrati i staden for formidling.

– Vil de evaluere museumsreforma?

– Det er naturleg å evaluere reforma for å høyre kva sektoren tenker framover, også om ei eventuell lov.

– Korleis vil musea merke det om de kjem til makta?

– Me er opptekne av at musea skal vere tilgjengelege for alle, ikkje berre for spesielt interesserte eller eliten. Me vil sikre gode rammevilkår for musea, fortsette arbeidet med digitalisering og tilgjengeleggjering, og dette må gå på tvers av institusjonar og kommunar. Vi vil også halde fram med gåveforsterkingsordninga.