Museas hemmelege liv

Musea i Det nasjonale museumsnettverket har påfallande lite informasjon om organisasjonens indre liv publisert på nettsidene sine. 

«Halvparten av musea i Det nasjonale museumsnettverket sviktar alvorleg overfor allmenta. Dei fleste skjuler heile styrearbeidet, og halvparten held vedtekter, strategisk plan og årsmeldingar for seg sjølve», skriv Ottar Grepstad, tidlegare direktør i Nynorsk kultursentrum, i eit lesarinnlegg.

Grepstad har gått gjennom nettsidene til alle dei 62 musea som får driftsmiddel av Kulturdepartementet, og funne at så mange som 84 prosent ikkje offentleggjer styremøteprotokollar. Vidare har 34 av dei 62 ikkje offentleggjort strategiske planar, 29 manglar årsmeldingar og 29 manglar vedtekter. 9 av musea oppgir ikkje ein gong oversikt over styremedlemmer.

IKKJE MED VILJE

Nordlandsmuseet har verken publisert vedtekter, oppdaterte årsmeldingar, styreprotokollar, strategisk plan eller oversyn over styremedlemmer. Direktør Morten Steffensen var ikkje medviten om tilhøvet då Museumsnytt tok kontakt.

– Eg vil tru at årsaken til dette er at vi i fjor hadde ei omlegging til nye nettsider. I den prosessen har vi nok ikkje klart å få dette opp og gå enda, det er nok så enkelt som det, seier Steffensen, og lovar full skjerpings.

– De har ingen atterhald mot å publisere? Heller ikkje styremøteprotokollar? 

– Nei, det må i så fall vere om det finst sensitiv informasjon i nokre av protokollane. Da får ein gå gjennom det og vurdere korleis det skal handterast. Utover det, er det ingenting i vegen for å publisere, seier han.

Cecilie Øien ved Museene i Akershus er meir skeptisk til «kravet» frå Grepstad.

– Eg er ikkje enig i at all informasjon om alle aspekt ved museumsdrifta må ligge på nettsidene våre for å bli rekna som offentleggjort, seier museumsdirektøren.

Ho viser til at Skatteetaten, Brønnøysundregistra og Kulturrådet sin museumsstatistikk er gode kjelder til den aktuelle informasjonen for dei som søker den.

– Dessutan får sjølvsagt alle som tar kontakt med oss dei dokumenta dei ønsker, seier ho, og understrekar at all informasjonen Grepstad etterlyser, med unntak av styremøteprotokollane, ligg tilgjengeleg på nettsidene.

Øien er også opptatt av dei meir prinsipielle sidene i innlegget til Grepstad, og spør om det ikkje er slik at det er større forventningar enn tidlegare til at ting skal vere tilgjengelege fordi det digitale gjer slike løysingar moglege.

– MiAs årsrapportar inneheld mykje av informasjonen Grepstad etterspør, og gjev eit samansett bilete av både aktivitetar, strategi, utfordringar og økonomi. Nettsidene ønsker vi å bruke først og fremst til å vise eit oppdatert bilete av kva som skjer ved dei ulike avdelingane og besøksstadene våre, seier Øien.

– KAN VERE AV INTERESSE

Norsk Bergverksmuseum er eitt av dei fem musea som har publisert alle dokumenta som Grepstad har sett etter. Lett å finne er det også, alt ligg under menypunktet «Om oss». For dei er det eit medvitent val:

– Vi er opptatt av at vi skal halde oss til offentleglova og offentlegprinsippet, sidan driftsgrunnlaget vårt kjem frå staten. Styret er også opptekne av dette, det var dei som ville at vi skulle byrje å legge ut styremøteprotokollane våre for eit par år sidan, seier museumsdirektør Alfhild Skaardal.

Ho meiner det ikkje er nokon god grunn til å la vere å publisere, og at det jo også kan slumpe til å vere interessant for ein og annan.

– Når vi oppdaterer forskingsplanar, strategiplaner og anna så er det jo ingen grunn til ikkje å publisere. Planverk kan være viktig for både politikarar og media. Eg har sjølv vore på jakt etter andre museum sine vedtekter når vi skulle oppdatere våre eigne. Vi synast også det er ein del av formidlinga om kva slags type institusjon vi er, seier ho.

– Kva trur du kan vere grunnen til at så mange museum ikkje tenker som dykk? 

– At så mange ikkje legg ut vedtektene sine, synast eg er litt rart. Det er jo ikkje noko ein endrar så ofte. Elles antar eg at dei fleste berre ikkje har tenkt på det. Som museum tenkjer ein nok ofte først og fremst på nettstaden sin som ein måte å nå publikum med informasjon om utstillinger og arrangement. Men vi synast det er fint og viktig å praktisere stor openheit, og har berre gode erfaringar med dette, seier Skaardal.

Ved Bergverksmuseet legg dei ikkje ut postjournalar, men understrekar at dei fører det og sender det viss nokon spør.

– Musea har ikkje noko å tape på å praktisere ein viss meiroffentligheit, sjølv om vi også sjølvsagt har forretningsmessige og personalmessige forhold som vi ikkje går ut med, seier Skaardal.

KVA KREV LOVA?

Dersom det offentlege samla – direkte eller indirekte – har avgjerande innflytelse i styret, så er institusjonen underlagt offentleglova. Det vil i praksis gjelde dei fleste, om ikkje alle, musea i Det nasjonale museumsnettverket.

– Er museum underlagt offentleglova forplikta til å publisere desse dokumenta på nett? 

– Nei, ikkje etter offentleglova. Det lova pålegg er gi innsyn i desse dokumenta til alle som ber om det. I tillegg – noko som mange halvoffentlege institusjonar ikkje er klar over – er dei også pålagt å føre postjournal, som dei også må gi slik innsyn i, seier Kristine Foss, jurist i Norsk Presseforbund.

– Kva med praksis? Er det «god tone» i å publisere slike dokument på eiga nettstad? 

– Ja, det synast eg. Det norske offentlegprinsippet er eit viktig demokratisk prinsipp. Grunnlovens paragraf 100 skildrar korleis forvaltninga skal leggje til rette for ein open og opplyst samtale, og offentleglova er basert på dette. Prinsippet inneber å leggje til rette for at ein kan være mest mogleg open, og også praktisere meiroffentlegheit der det er mogleg, seier Foss.


Denne artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 1-2019). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- pr år).



Join the Conversation

1 comment

  1. Museum utan offentlegheit   - Museumsnytt

    […] også artikkelen «Museas hemmelege liv» frå same […]