Kunst og arbeid

På Norsk Industriarbeidermuseum i Telemark er både kunsten og krigen meir synlege enn arbeidarane sjølve.

ANMELDT! KAM-prosjektetANMELDT – gjennom KAM-prosjektet:
Norsk industriarbeidermuseum


Det krev litt tid og innsats å skaffe seg oversikt over det omfattande tilbodet til Norsk Industriarbeidermuseum, som forvaltar og formidlar forteljinga om den industrielle verdsarven i Telemark. Ein laurdag i februar var eg på veg til Telemark, men då eg reiste frå Oslo, var eg framleis ikkje heilt sikker på kvar eg skulle og kva eg skulle sjå under museumsbesøket, trass i at eg allereie hadde brukt ein del tid på nettstaden deira. Så snart eg var fysisk på plass i Telemarksgalleriet på Notodden fekk eg endeleg oversikt over kva som høyrer til dette store, industrimuseale komplekset, med seks avdelingar, delt på fem filialar: Telemarksgalleriet på Notodden, Tinn Museum, Heddal Bygdetun, Rjukanbanen og Vemork på Rjukan, samt Verdensarvsenteret, som er del av filialane på Notodden og Rjukan. Ei vanleg vinterhelg i februar er ikkje alle filialane opne, og denne meldinga er difor basert på besøk ved Telemarksgalleriet på Notodden og kraftstasjonen på Vemork, i tillegg til Verdensarvsenteret begge stadar. Så langt eg forstår, er dette avdelingane som gir best innblikk i industri- og arbeidarhistoria i området.

Telemarksgalleriet ligg i gamle Tinfos Papirfabrik. (Foto: Tomasz Wacko, NIA)

Industriarven i Telemark fekk UNESCO-status i 2015 og inneheld ifølgje nettstaden deira 97 såkalla «signifikante objekt», spreidd over 92 kilometer i fylket. For ein som knapt har sett sine føter i Telemark, kan det vere vrient å sjå kva som er «signifikant» og ikkje når ein køyrer gjennom kulturlandskapet. Då eg dagen etter stod framfor den monumentale kraftstasjonen på Vemork og såg dei lange røyra som fører Rjukanfossen inn i turbinane i kraftstasjonen, var eg likevel ikkje i tvil: Dette er temmeleg signifikant.

Frå bygd til by

Sjølv om eg er ganske grøn på geografien i Telemark, kjem eg ikkje heilt ubudd til fylket. Eg har lese, og lese på ny, Amalie Kasin Lerstangs diktsamling «Vårs» (2018), som handlar om livet på Notodden – «tødd life», som ho kallar det – og om industriarven, stadarven og den sosiale arven der:

Er det rart man ikke blir den man er
men akkurat som omgivelsene
stedsarven
bensinblodet
kunstgjødselskjelettet
jernverk i musklene
og fossefallet spruter ut
av alt som tør å åpne seg
kjeften tårekanalene
livmorhals
mormunn

Dikta til Lerstang fortel om ein arv som set seg i kroppen, som gjer ein til noko meir og anna enn eit «eg», til ein del av eit «vårs». Dikta gjer meg nysgjerrig på kva slags arv denne staden ber på, og vekkjer interessa mi for mykje av det Norsk Industriarbeidermuseum kan by på. «[E]n by er et sted som har eksplodert», skriv Lerstang i eit av dikta, og inne i den permanente utstillinga «Gnisten» i Telemarksgalleriet får eg sjå kva som ligg i det.

«Det ligger i vår natur» ligg i eit flott utstillingslokale, der det er høgt under taket og godt med plass for både måleri, gjenstandar og besøkande. (Foto: Tomasz Wacko, NIA)

Men før eg kjem dit har eg rusla rundt ganske lenge inne i kunstutstillinga «Det ligger i vår natur», som markerer Den Norske Turistforenings 150-årsjubileum – rett nok eit år på etterskot. Telemarksgalleriet ligg i gamle Tinfos Papirfabrikk, og omgivnadane set sterkt preg på opplevinga, både utanfor og inne i galleriet. «Det ligger i vår natur» ligg i eit flott utstillingslokale, der det er høgt under taket og godt med plass for både måleri, gjenstandar og besøkande. Her kan ein mellom anna sjå fleire måleri av Rjukanfossen – sjølve ur-kjelda for kraftindustrien i området – til dømes Johannes Flintoes måleri frå 1821. Elles er det ei lang rekkje kunstklassikarar frå norsk natur her, av mellom andre Hans Fr. Gude, J. C. Dahl, Theodor Kittelsen og Peder Balke. Også kart- og bokverk av den finlandsvenske landmålaren Wilhelm Maximilian Carpelan er stilt ut og presentert på ein interessevekkjande måte.

Den permanente utstillinga «Gnisten» er likevel ein meir naturleg stad å starte om ein skal få innsikt i industriarven i området. Utstillinga fortel nemleg om opphavet til det heile: møtet mellom ingeniør Sam Eyde og professor i fysikk Kristian Birkeland. Dette møtet var avgjerande for at industrien vaks fram i Telemark – for at gnisten tente og staden eksploderte til by, som Lerstang skriv i diktet.

Kalksalpeter, eller kunstgjødsel, vart produsert ved hjelp av ei lysboge (Foto: Morten Gjerde, NIA)

«Gnisten» handlar om den såkalla Birkeland-Eyde-metoden, som dei to pionerane fann opp under eit middagsselskap hos statsråd Gunnar Knudsen 13. februar i 1903. Der diskuterte dei seg fram til ein måte å framstille kunstgjødsel på: Dei fann ut at dei kunne produsere salpeter i ein såkalla «lysbogeomn», der ein elektrisk

lysboge varmar lufta opp til fleire tusen grader celsius på kort tid. Dette spaltar nitrogenmolekyla og oksygenmolekyla, og får nokre av dei til å samle seg i nye NO-molekyl – Nitrogenoksid. Nitrogenoksidet blir løyst opp i vatn og oksiderer til salpetersyre, som altså blir brukt i kunstgjødsel.

Utstillinga skal ha kudos for å presentere Birkeland-Eyde-metoden og andre fysiske prosessar på ein måte som er til å forstå for utanforståande. Ein får eit raskt og effektivt innblikk i metoden først i utstillinga, før ein går vidare inn i historia til Eyde og Birkeland og det industrisamfunnet dei la grunn for. I den historiske presentasjonen er det fysikkfaglege heile vegen med og blir baka inn der det trengst.

«Gnisten» ligg på loftet i Telemarksgalleriet, under skråtak og tverrgåande takbjelkar. Langsgåande bærebjelkar blir brukt for å skilje ut små rom eller avlukke i utstillinga. I det heile er rommet og interiøret kledeleg utforma og inndelinga kløktig løyst. Balansen mellom gjenstandar og tekstar gjer informasjonen lett å ta til seg, og blandinga av skjermar og plansjar sørgjer for variasjon når ein fordjupar seg i stoffet. Gjestane får med andre ord godt innblikk i livet og verket til Eyde og Birkeland, og dessutan glimt av andre viktige personar som var involvert i framveksten av dette industrieventyret.

«Gnisten» ligg på loftet i Telemarksgalleriet, under skråtak og tverrgåande takbjelkar. (Foto: Morten Gjerde, NIA)

Men det er også her innvendinga mi til utstillinga melder seg. Gnisten som Eyde og Birkeland tente, førte altså til ein eksplosjon i industrien og folkesetnaden på Notodden, som i løpet av ganske kort tid gjekk frå å vere bygd til å bli by. Med finansiering av svenske Marcus Wallenberg grunnla dei Norsk Hydro og sette snart i gang med kraftproduksjon også på Rjukan. Både på Rjukan og på Notodden førte industrireisinga til ei by-reising, der byggjemeistarar og handverkarar bidrog til framveksten av små by-samfunn med særeigen arkitektur og spesielle butilhøve. Her vaks etter kvart arbeidarrørsla fram. I «Gnisten» får eg høyre historia om arbeidarbyane, men eg opplever likevel å bli ståande på utsida av den. For der detaljane frå Sam Eydes og Kristian Birkelands liv er mange, er innblikka i arbeidarane sine liv og vilkår få.

Arbeidsstokken og bedriftsleiinga

«Arbeidsstokken» er eit ganske tilforlateleg ord, som også blir brukt i «Gnisten». Kanskje røper eit slikt ord likevel noko om perspektivet i utstillinga? For meg høyrest det i alle fall mest ut som eit verktøy for den som skal drive bedrift. Utstillinga gir desidert mest merksemd til dei som la grunn for industrien og gjorde den mogleg – vitskapsmenn, bankmenn og ingeniørar. Sjølv om rallarane blir omtala som «de som bygde landet» her, får dei berre eit eige, lite avlukke i utstillinga. I dette avlukket er det utstilt ein skokk med flotte fotografi av rallarar og arbeidsfolk, men dei er plassert på ein vegg under eit skråtak på ein uoversiktleg og forvirrande måte. Dårleg lyssetjing gjer det strevsamt å sjå fotografia skikkeleg, og det heile verkar rett og slett ikkje særleg forseggjort.

I eit avlukke er det utstilt ein skokk med flotte fotografi av rallarar og arbeidsfolk. (Foto: Helge Anderson, NIA)

Eit anna problem er at ein ikkje møter arbeidsfolket anna enn som ei gruppe. Nokre museumstekstar fortel om arbeidstider og kosthald, og om forholdet mellom arbeidarane og den milde industripatriarken Sam Eyde. Men innblikk i individuelle arbeidarliv og -erfaringar er det lite av. Forfattaren Kristoffer Uppdal, som arbeidde ei tid i området og skreiv eit meisterverk i ti band om framveksten av den norske arbeidarrørsla («Dansen gjennom skuggeheimen», 1911–1924), får rett nok ein presentasjon. Nokre plansjar i utstillinga er sett av til Uppdal, og det er for så vidt fint, men eg synest nok det ville vore meir på sin plass å gi gjestane nokre inntrykk frå meir vanlege rallar- og arbeidarliv.

Det vesle utvalet gjenstandar og tekstar om arbeidsfolk verkar spesielt sparsamt sidan utstillinga elles spanderer på seg tekstar med eit tydeleg bedriftsleiarperspektiv. «Noen må kunne lede» lyder overskrifta til ein av dei, følgd av ein illustrasjon av to menneskefigurar med ei rekkje tannhjul i hjernane sine – dei utvekslar tydelegvis idear og blir klokare av kvarandre. I den merkelege museumsteksten som står til illustrasjonen kan ein lese dette:

Ledelse er ikke det samme i dag som på Sam Eydes tid. På mange måter er forskjellene mellom overordnet og underordnet langt mindre nå enn tidligere. Avstanden er blitt mindre. Men en god leder må fortsatt være laget av «riktig materiale» – ha visjoner, være synlig og engasjerende.

En god leder skal nå, som før, sette standard for prestasjoner og gi retning til fellesskapet av medarbeidere. En god leder er fortsatt opptatt av arbeidet i organisasjonen.

Her har tvilsame påstandar blitt til vedtekne sanningar – og inngravert i museumsplansjar for ettertida. Eg hadde nok ikkje reagert om eg las dette i ei sjølvhjelpsbok for bedriftsleiarar og BI-studentar, men når eg les den i eit museum som skal fortelje industriarbeidarens historie, må eg innrømme at eg både stussar og stønnar.

Liknande val og ordval er spreidde utover resten av utstillinga. Eit sitat frå Kristian Birkeland får til dømes prege ein av plansjane åleine: «Noen få går høyt til fjells der ingen har satt sin fot før, de ensomme brøytere av nye stier. De bygger iblant nye veier som kan bli så brede at selv massene kan ta seg fram på dem». Det er vel meint som ein metafor, men særleg heldig er ikkje biletbruken, i alle fall ikkje når ein veit at det nettopp er «massene», og ikkje «ensomme brøytere» som Kristian Birkeland, som har bygd dei faktiske vegane.

Idet eg går ut av utstillingsrommet kjem eg på nokre linjer frå Amalie Kasin Lerstangs dikt: «[H]eltefortellingene spinner / i øyet som ser». Dei andre kan bli gløymde, minner ho om, «men Sam glemmer vi ikke».

Eg forlèt Telemarksgalleriet og set kursen for Rjukan, opprømt over kunsten i jubileumsutstillinga til DNT, oppløfta av den nyerverva kunnskapen om Sam Eyde og Kristian Birkeland frå «Gnisten», men også litt nedstemt av den sparsame, ja, litt stakkarslege framstillinga av arbeidarane si historie. Eit besøk på Vemork kraftstasjon kan vel rette opp i det?

Dette er temmeleg signifikant, seier vår anmelder om bygningsstrukturen på Vemork (Foto: NVE)

Krig og kraft

Eg kjem til Vemork i midten av februar, ganske nøyaktig same tid på året som tungtvassaksjonen som Joachim Rønneberg leia i 1943 fann stad. På veg over hengebrua, der tyskarane heldt vakt under krigen, ser eg juvet der sabotørane klatra opp gjennom islagde bergveggar midt på mørkaste vinteren. Det er 700 meter å gå opp til anlegget, men museumsbesøket tjuvstartar på sett og vis allereie her, før ein har betalt seg inn på museet. Då eg var der, var det tilfeldigvis også eksklusiv omvising i tungtvasskjellaren, som museet er i ferd med å gjere i stand til faste omvisingar. Eg kan slå fast at eit besøk der gir besøket eit historisk sus. Det understrekar også at ein stor del av museumstilbodet på Vemork er knytt til krigen og dei militære aksjonane der, og ikkje så mykje til industriarbeidarhistoria.

Inne på Vemork er det fem utstillingar fordelt på tre etasjar. Mest sentralt ligg den svære maskinhallen, ein storslått hall fylt med turbinar og andre maskiner og apparat. Vemork var verdas største kraftstasjon då den blei bygd i 1911, og sjølv om det sikkert finst anlegg med endå større dimensjonar i dag, gjer storleiken framleis inntrykk. Difor er det synd at museet gjer så lite ut av utstyret og oppsettet i hallen, pedagogisk sett. Det er lite informasjon å finne, og eg sakna rett og slett ei grundig forklaring av korleis kraftproduksjonen gjekk føre seg. Andre stadar i museet får ein glimt inn i både arbeids- og produksjonsprosessen, og truleg veit mange gjestar eitt og anna frå før. Likevel trur eg nok at museet hadde tent på å presentere denne informasjonen inne i den mektige maskinhallen.

Det er  synd at museet gjer så lite ut av utstyret og oppsettet i hallen. (Foto: Hallvard Straume)

I eit rom som ligg i ein ytterkant av maskinhallen kan ein sjå utstillinga «Det brenner!», som handlar om brannvesenet på Rjukan og i Telemark. Utstillinga følgjer brannvesenet frå 1900, gjennom det siste hundreåret og fram til i dag, og gir mellom anna innblikk i korleis bedriftene i dei tidlege industrisamfunna sjølv sytte for branntenester i byane dei hadde drift i. Hydro tok samfunnsansvar på Rjukan og drifta eit moderne og omfattande brannvern i byen. I løpet av 70-talet blei brannvesena kommunale. I utstillinga er det ein reproduksjon av eit nedbrunne kjøkken, og ein brannbil dreg til seg merksemda inne i barneavdelinga. Sjølv om gjestane får eit interessant innblikk i «Company Town Rjukan» og i historia om korleis brannvesenet har vore organisert, mistenkjer eg at det først og fremst er barn som vil bli verkeleg engasjert av denne utstillinga.

Etter mitt syn er den viktigaste utstillinga på Vemork den som handlar om industristaden Rjukan. Den formidlar mest om arbeidarane sine liv, både privat og sosialt, og ein får følgje Rjukans utvikling frå jordbrukssamfunn til industrisamfunnet, med alt det inneber av byutvikling, samfunnsbygging og politisk organisering. Første del av utstillinga gir informasjon om denne utviklinga, og dessutan innsikt i tungtvassproduksjonen og kraftutnyttinga på staden. I andre del går ein gjennom ein portal som det står «Folkets hus» over, og der får ein lære meir om den norske arbeidarrørsla, med utgangspunkt på Rjukan. Både gjenstandar og tekstar forklarar dei politiske brytningane rørsla har stått i, men det er også stilt ut ting og tekstar som gir innsyn i meir private tilhøve, i både levekår og levemåtar.

Innhaldet i utstillinga er utvilsamt interessant, med tekstar om sosialisme og syndikalisme, Arbeidarpartiets historie og den russiske revolusjonen. Karikaturteikningane som Rjukan-syndikalistane brukte i åtak på borgarskapet er fornøyeleg kuriosa, medan dei flotte 1. mai-fanene frå området er historiske artefaktar som det framleis er glød i. Likevel verkar utstillinga i det heile temmeleg nedstøva, og den har utvilsamt behov for eit omfattande oppussingsarbeid, særleg når det gjeld tekstar og illustrasjonar. Dei er openbert av eldre dato, og kunnskapen blir difor unødig tung å ta til seg. Burde ikkje dette rommet vere blant dei høgast prioriterte i Norsk Industriarbeidermuseum?

Det er historiene frå krigen som stikk av med merksemda mi under besøket på Vemork. Både i tungtvasskjellaren og i utstillinga «Helter i Telemark» får eg fortalt historia om sabotasjeaksjonane på ein levande og engasjerande måte. Ein dokumentarfilm og ei bokavdeling i kaféen hjelper også på.

Den temporære utstillinga «I seng med fienden» er også svært interessant. Den gjer ei overraskande og effektfull samanstilling av dei såkalla ’tyskarjentene’ og Norsk Hydro: Medan tyskarjentene gjekk til sengs med fienden i bokstavleg forstand, gjekk kanskje Hydro til sengs med fienden i biletleg forstand? Utstillinga viser i alle fall korleis Hydro samarbeida med tyskarane under krigen, og dokumenterer at dei tente godt på det. Medan tyskarjentene blei hardt straffa etter krigen, trass i at dei ikkje hadde gjort noko ulovleg, blei det aldri reist tiltale mot Hydro, som faktisk hadde tent pengar gjennom ulovleg økonomisk aktivitet.

Samanstillinga er svært effektiv, fordi den inviterer til å sjå nyansar i både Hydro og tyskarjentene sine saker, og samstundes reiser prinsipielle og konkrete spørsmål knytt til krigsoppgjeret: Kven blei straffa og kven slapp unna? Kva hadde den økonomiske makta å seie i oppgjeret? Her driv museet opplysande ransaking av si eiga forhistorie.

«Industribyggenes skinnende rester»

Det har blitt kveld og ganske mørkt når eg køyrer gjennom Rjukan på veg heim att. Nede i sentrum ser eg kraftstasjonen Såheim, på folkemunne kalla for «Operaen» i Rjukan, som ligg og lyser mest som ei kyrkje i mørkret. Ein lokal museumsgjest som var med på omvisinga i tungtvasskjellaren har fortalt meg at det er volleyballbaner der inne i dag. Eg kjem på Lerstangs linjer om «industribyggenes skinnende rester», og minnest særleg eit av dikta mot slutten av samlinga. Det skildrar konkret korleis bygga frå industrikulturen blir brukt i dag:

Byen
som gikk
inn i hundreåra
banker mot tinningen
om vinteren
ser fabrikkene
levende ut
søskenbarna tar meg
opp
i andre etasje
hall 150
har blitt skatepark
de hamrende hjula
klaprer mot betonggulvet
som maskiner
som om historien ikke er slutt
som om det bare var Notodden
under de høye takene
industriens barn
i en Overturn
Darkslide
Daydream flip

Volleyballhallar og skateparkar, museumsbygg og galleri. Industrikulturen har for lengst gått opp i kulturindustri, og i Telemark formidlar kulturaktørane industriarven på ein rik og variert måte. Eg opplever det likevel som eit problem at det er kunst- og krigshistoria som gir meg dei største opplevingane under besøket på Norsk Industriarbeidermuseum. Om eg ikkje akkurat er overraska over at er slik, så gjer det meg likevel ganske nedstemt, ikkje minst fordi eg opplever at museet har gjort seg meir flid med kunsten på Notodden og krigen på Rjukan, enn dei har gjort med arbeidarhistoria begge stadar.

Kanskje ville inntrykket mitt ha vore litt annleis om eg til dømes besøkte museet for eit par år sidan, då Telemarksgalleriet viste ei utstilling med kunst av Reidar Aulie og Terje Bergstad, som begge hadde sitt kunstnarlege grunnstoff i arbeidarkulturen. (Nokre av verka deira kan ein heldigvis framleis sjå i den faste kunstutstillinga i galleriet.) Men det er ikkje dei skiftande utstillingane det kjem an på for eit museum av slikt format; dei kjem uansett til å kome og gå. Det eg saknar er ei fagleg oppdatert, levande og aktualisert framstilling av den norske industriarbeidarens liv og virke – i historia og gjerne også i dag. Med materialet og kunnskapen som Norsk Industriarbeidermuseum sit på, er eg ikkje i tvil om at det lèt seg gjere.


 

Fakta // Norsk industriarbeidermuseum

NIA – Norsk industriarbeidermuseum
Notodden, Heddal, Rjukan, Vemork
NIA forvalter Rjukan-Notodden industriarv, innskrevet i UNESCOs verdensarvliste i 2015.
Det ligger i vår natur – DNT 150 år, Telemarksgalleriet (19.01-05.05)
Gnisten og Det brenner, Verdensarvsenteret (faste utstillinger)
I seng med fienden, Vemork (tatt ned, sendt til Norsk Luftfartsmuseum i Bodø)


ANMELDT! KAM-prosjektetKAM-PROSJEKTET

Anmeldelsen er den tiende i en rekke museumsutstillingskritikker som vil bli publisert på museumsnytt.no som en del av KAM-prosjektet: Kritikk av museumsutstillinger. Prosjektet har fått støtte av Kulturrådet og Fritt Ord. Les mer om prosjektet her: Flere utstillingsanmeldelser gjennom KAM


Eivind MyklebustOm anmeldaren

Eyvind Myklebust er litteraturkritikar og skriv mellom andre for Klassekampen, Morgenbladet, Vagant, Bokmagasinet og Barnebokkritikk.



Join the Conversation

1 comment

  1. Flere utstillingsanmeldelser gjennom KAM - Museumsnytt

    […] Norsk industriarbeidermuseum. (12. april 2019) […]