Kraftig kulturbyråkrati

Leiar i Museumsnytt nr 4/2018: «Om ein dveler berre ørlite ved kvart og eitt av desse punkta, innser ein raskt at kulturbyråkratiet gjev seg sjølv mykje jobb.»

Lansering av Kulturens kraft. Foto: Kulturdepartementet

«Kulturens kraft» vart namnet på den første kulturmeldinga på 15 år her i landet. Ho vart lansert med ei visjonær tale levert av kulturminister Trine Skei Grande fredag 23. november.
Gjengs er likevel ei oppfatning – som varsla, eigentleg – at no gjenstår det å sjå. For den eine stortingsmeldinga etter den andre skal kome på kulturfeltet framover, museumsfeltet ikkje unnateke. I ei museumsmelding som kjem i 2021 skal den praktiske politikken utmeislast. Me kan dermed ikkje anna enn å spekulere medan me ventar.

Men så vil eg rette merksemda di, kjære lesar, mot eit anna dokument, nemleg «Utredning av oppgave- og ansvarsfordelingen mellom forvaltningsnivåene på kulturområdet», som departementet leverte samstundes med Kulturmeldinga. For i dei to kombinert kan ein nemleg finne ganske mange interessante detaljer. I alle fall for dei av oss som er spente på korleis regjeringa vil handtere spørsmålet om oppgåvefordelinga i forvaltningsnivåa når fylka blir slått saman. Her er utvalde punkter:

❱❱    departementet føreset vidare samanslåing i museumsnettverket, og legg til grunn at talet på konsoliderte einingar skal ned i 25-30 i løpet av ein tiårsperiode (mot 62 i dag)

❱❱    det er «naturleg å drøfte» mogleg samarbeid og konsolidering med museum med tilknyting til andre departement og Sametinget

❱❱    oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa skal ein kome fram til i lys av reformarbeidet, arbeidet med museumsmeldinga og gjennom dialog med kvart enkelt fylke.

❱❱    lovfesting av armlengdsprinsippet skal vurderast

❱❱    lovfesting av planregulering av kulturfeltet skal vurderast

Om ein dveler berre ørlite ved kvart og eitt av desse punkta, innser ein raskt at kulturbyråkratiet gjev seg sjølv mykje jobb.

Departementet erkjenner at oppgavefordelinga for museumssektoren må tilpassast individuelt og gjennom dialog. Dette er ein gyllen moglegheit til å rette opp i regional skeivfordeling av statlege middel.

Ambisjonen om å kome ned i 25-30 konsoliderte museum var ny for meg, og den kan ein meine mykje om. Departementet understrekar i utgreiinga kor viktig det er at alle tre forvaltningsnivåa er involvert i ein slik prosess.

Mange i sektoren set pris på ideen om å lovfeste armlengdsprinsippet, viss fylkes- og kommuneledda skal få meir makt. Betyr det at kulturdepartementet ikkje har større tillit til regionane i desse spørsmåla enn det kulturfeltet sjølv har?

Alt dette kan sjølvsagt ende ganske godt, for intensjonane her er både mange, til dels gode og til dels visjonære. Det skal dei ha.

Men avbyråkratiserande? Det er det nok neppe.

God jul!

 

PS. Sjå også Hanna Mellemsethers «lørdagskåseri» om meldinga.

 

 

 



Join the Conversation