Korleis kan musea redde verda?

Klima og miljø har vore tema på fleire internasjonale museumskonferansar i det siste, og står definitivt på agendaen. Kva rolle kan musea ta i arbeidet for å redde verda, og kva grep kan ein ta for å bidra til å redusere klimagassutsleppa?

Sjå også artikkelen Eit miljøvennlig kulturråd?

Miljøfyrtårn som metode

For Stiftinga Norsk Folkemuseum er sertifisering som Miljøfyrtårn eit viktig første steg i retning av ei berekraftig verksemd.

I år sette Stiftelsen Norsk Folkemuseum i gang eit prosjekt med namnet «SNF Bærekraft 2019-2020». Målet med prosjektet er å få sertifisert alle avdelingane ved stiftinga som Miljøfyrtårn i løpet av 2020, eit mål dei skal nå med god margin, i følgje prosjektleiar Marianne Preus Jacobsen.

PROSJEKTLEIAR: Marianne Preus Jacobsen leiar prosjektet med å få Miljøfyrtårnsertifisert Stiftelsen Norsk Folkemuseum. Foto: Beate Kjørslevik NMM

– I løpet av neste år skal stiftinga utforme ein ny strategisk plan for 2021 og framover. I dag er berekraftig utvikling fundamentet for dei fleste verksemder, seier ho.

– Kvifor landa de på denne metoden?

– Miljøfyrtårn er ein veldig god og etablert metode for miljøleiing. Ved hjelp av ein ekstern konsulent har vi fått hjelp til å finne ut kor miljøbelastninga vår er størst, og kor det er lurt å setje inn støtet.

Med sertifiseringa forpliktar museet seg til å ha oversikt og kontroll, og å ha ein prosess for heile tida å redusere verksemda si belastning på omverda. Det er ein måte å sikre at alle avdelingane jobbar systematisk saman med å redusere klimafotavtrykk og handsame avfall på ein betre måte.

– Forbrukarane ønskjer trygge og bærekraftige valg, det vert viktigare og viktigare i eit publikumsperspektiv, seier Jacobsen.

For avdelingane ved Folkemuseet er det ikkje nytt å tenkje berekraft. Frå 2012 har Bygdø Kongsgård drive økologisk og er Debio-sertifisert.

– Det finst mange ulike merke- og sertifiseringsordningar, og vi tenker at på sikt kan alle serveringsstader i heile stiftinga også klare få debiogodkjenning.

Kor trykker skoen mest?

Jacobsen er overraska over kor mykje av miljøbelastninga som handlar om innkjøp og forbruk. Mange av tiltaka handlar dermed om å vere kritiske til val av produkt og leverandørar

– Vi har gått gjennom alle leverandørane våre for å sortere kven som har miljøsertifisering eller som tilbyr miljømerka produkt. Miljøfyrtårn tilbyr praktiske verktøy, som for eksempel innkjøpsrettleiar, til dette arbeidet.

– Turisme er jo viktig for museet, og særleg for avdelingane på Bygdøy er cruiseturismen spesielt viktig. Korleis harmonerer dette med målet om berekraft?

Det er heilt klart at cruiseturismen må bli meir berekraftig. Oslo kommune og Oslo Havn har ambisiøse planar om grøn turisme i Oslo, og vi stiller oss bak dette arbeidet.

– Er slike ting ein del av sertifiseringa?

– Det som er ein del av sertifiseringa er kravet om kommunikasjon – at ein implementerer berekraft i alt ein kommuniserer overfor omverda, seier Jacobsen.

Fakta // MILJØFYRTÅRN

❱❱  Miljøleiingssystem for offentlege og private verksemder som ønsker å dokumentere sin miljøinnsats.

❱❱  Verksemder og bedrifter som oppfyller definerte bransjevilkår kan sertifiserast som miljøfyrtårn.

❱❱  Sertifikatet tildelast etter ei uavhengig vurdering av sertifisør utnemd av kommunene. Ein leverar årlege miljørapportar, og verksemda må resertifiserast kvart tredje år.

Fakta // INNKJØP

❱❱  I 2017 stod offentlege innkjøp for 16 prosent av Noreg sine totale klimafotavtrykk. Klimafotavtrykket av offentlege innkjøp, som i 2017 var på 11,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar, tilsvarer meir enn direkteutsleppet frå all vegtrafikk i Noreg, ifølgje ein rapport av Asplan Viak for Difi.


Illustrasjon: Trond Vestengen

Den største klimarisikoen

Musea bør reflektere over korleis  og kor langt gjestene deira reiser for å kome til museet, meiner klimaforskar.

Musea på Bygdøy er langt frå dei einaste som cruiseturismen er viktig for i dette landet. Klimaforskar Carlo Aall i Vestlandsforsking er oppteken av at musea bør tørre å sjå på dei store tinga.

MÅ REISE SAKTARE: Problemet med reisevanar lar seg ikkje raskt nok løyse med teknologi, meiner klimaforskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking.

– Dersom eit museum er avhengig av cruise- eller flyturisme, så er det her den verkelege klimarisikoen ligg, meiner han.

Aall er godt kjend med korleis verksemder av ulikt slag nok jobbar med å innlemme miljøtiltak i strategiar og planar.

– Det er flott om museum ser på eigne utslipp og belastning på miljøet. Det å sertifisere seg som f.eks. Miljøfyrtårn kan vere ein grei start og ein fin inngang. Samtidig må intensjonen vere å fortsette og ikkje stoppe der. Men på sikt synast eg museumssektoren også må reflektere over korleis turistane kjem til museet.

Problemet med langdistansemobilitet og reisevanar er i følgje Aall eit problem teknologien ikkje kan løyse, i alle fall ikkje fort nok.

– Den veksten som fortsatt ligg i flyturismeprognosane er heilt frakopla nokon form for realisme om kva teknologien kan levere innafor den tida som krevst for å nå målet om å halvere klimagassutsleppa innan 2030. Dette er ein av dei største utfordringane vi har, fordi samfunnet har gjort seg så avhengige av langdistansemobilitet, seier Aall.

Eit dilemma for museumspolitikken

Ole Jakob Furset i Kulturrådets museumsseksjon kan ikkje by på tal som seier noko om kor avhengig norske museum er av  langdistanseturisme, men er einig med Aall i at dette er eit dilemma for musea og i museumspolitikken.

– I museumsundersøkinga ser vi at turisme og reiseliv er blant tiltaka musea sjølve ser på som moglegheiter til å auke eigne inntekter. Ønsket om å bygge musea som reiselivsaktørar og satsingar på kulturøkonomi forsterkar dette paradokset. For korleis kan musea navigere i dette landskapet? Dette er problemstillingar vi må diskutere ordentleg framover, seier Furset.

Fakta // Turisme

❱❱ Turisme står for åtte prosent av klimautslippa i verda.
❱❱ Ca. 75 prosent av klimaavtrykket frå turisme kjem frå transporten til og frå reisemålet.
Kjelde: «The carbon footprint of global tourism», Nature, 2018.

DNT prioriterer nærturisme

❱❱ Den norske turistforening (DNT) vedtok i ny strategi i 2018 å prioritere marknadsføring i Noreg, og jobber for å få avslutta Visit Norge si marknadsføring av DNT sine hytter og aktiviteter mot marknader langt unna Norge. Grunnen er at dei ikkje ønsker å bidra aktivt til å auke trafikken frå fjerne strøk og dermed indirekte bidra til å auke klima-avtrykka, seier generalsekretær i DNT Dag Terje Klarp Solvang.
❱❱ DNT-hytta Gjendesheim i Jotunheimen lokkar med verdikupong («grønt kort») til dei som velger kollektivtransport fram til hytta.

Vurderer miljøkriterium

Kulturrådet ser på muligheitene til å stille klima- og miljøkrav til musea.

Ole Jakob Furset i Kulturrådet har ambisjonar om at klima og miljø skal bli eit viktig tema i arbeidet opp mot musea framover. I slutten av 2018 vedtok leiinga i Kulturrådet at administrasjonen skulle kartleggje om det kunne vere aktuelt å stille krav om økt miljøbevissthet til tilskotsmottakarane.

MUSEUMSVURDERINGANE: Klima og miljø vil etterkvart kunne kome inn som kriterium i Kulturrådet sine vurderinger av musea, fortel museumsseksjonens Ole Jakob Furset. Foto: Frida Bringslimark

– Vi er heilt i startfasen av ei rekkje prosessar. Det vi har kome lengst med er å sjå på korleis vi kan la klima- og miljøkriterium kome inn i vurderinga av søknadane til nasjonale kulturbygg. Vi ønsker også å undersøke om, og eventuelt korleis, det kan vere mogleg å la klima- og miljøkrav vere ein del av eit akkrediteringssystem, når ein skal diskutere det og museumslov i den nye museumsmeldinga, seier Furset.

Etterkvart vil dei også sjå på kriteria dei brukar i museumsvurderingane, men dette vil dei diskutere med musea. Det vil imidlertid ikkje komme nye krav eller kriterium til neste år.

– Vurderingsarbeidet kviler på nokre indikatorar, og det må utviklast målbare storleiker som vi kan bruke på feltet. Miljø- og klimafeltet er komplekst, og det vi gjer må vere godt gjennomarbeidd. Vi må vite at det har effekt, seier han.

Furset er bevisst på at mange museum allereie jobbar med – og brukar pengar på – å tilpasse seg dei klimaendringane vi har i dag, med den påverknaden dei har på bygningar og kulturminne.

– Likevel må vi sjå på muligheita til å stille krav. Dette har også musea sjølve formidla at dei ønsker å jobbe meir med, seier han.

Ein ting er musea si eiga belastning på miljøet. Ei anna sak er om og korleis musea faktisk kan gjere noko ekstra, viss dei ønsker å bidra til å redde verda. Furset meiner musea er ein viktig ressurs.

– Musea sit på veldig mykje kunnskap som kan bli viktige i eit grønt skifte. Denne kunnskapen synast eg musea bør ta aktivt i bruk i samfunnsdebatten, både gjennom utstillingar og anna utoverretta arbeid. Eg meiner at dette er ein viktig del av samfunnsrolla deira, seier han.

Vil bevisstgjere

Anna Ehrhardt, direktør ved Ryfylkemuseet, er oppteken av at det høyrer til musea si samfunnsrolle å ta klimaansvar. Museet har vore Miljøfyrtårn sidan 2013. No vil Ehrhardt ta det eit skritt vidare, og skal bruke vinteren til å sjå på korleis dei kan implementere FNs berekraftmål i planverket til museet, slik at heile verksemda i større grad vert tufta på miljøvennleg drift.

BEREKRAFT: Ryfylkemuseet vil tematisere berekraft gjennom ny utstilling om husbygging, seier direktør Anna Ehrhardt. Foto: Ryfylkemuseet

Samtidig jobbar museet med ei ny basisutstilling, som vil legge vekt på gamle teknikkar, og relatere det til ny teknologi og aktuelle spørsmål.

– Vi kjem ikkje til å ha alle svara, men vil stille kritiske spørsmål og satsar på å bidra til bevisstgjering, seier Ehrhardt.

Den nye basisutstillinga skal handle om tradisjonshandverkaren og husbygging.

– Gjennom å sjå på tradisjonelle versus moderne måtar å byggje hus på, kan me tematisere fleire sider ved berekraft. Det kan handle om gjenbruk i motsetnad til bruk og kast. Linoljemaling i motsetnad til moderne «plastmaling», talet på miljøgifter ein omgir seg med i moderne heimar i motsetnad til i tradisjonelle bygningsmiljø.

Kan grave systematisk etter kunnskap

Carlo Aall meiner også at dette er ein måte musea verkeleg kan ta eit viktig steg inn i framtida.

– Eg trur vi betre må aktivere evna til også å sjå bakover når vi skal sjå framover, og her kan musea ta ei viktig rolle, seier Carlo Aall.

– For eksempel er dagens moderne sertifiserte form for økologisk jordbruk nettopp sett saman av gamle teknikkar henta fram igjen, og moderne nye teknikkar. Når bruken av kunstgjødsel må fasast ut må vi kompensere med arbeidskraft og areal, og da må vi opne opp og ta i bruk utmarka att. Nyleg vart gamle hausteteknikkar dokumentert på folkemuseet i Sogn, og slikt arbeid treng vi meir av.

Aall meiner dette er ein type kompetanse som musea i stor grad sit på, og som kan vise seg å bli viktige i framtida.

– Eg trur musea kan ta ein aktiv og viktig rolle ved å grave etter slik kunnskap på ein meir systematisk måte. Dei kunne byrje å spørje seg om kva ein treng av kunnskap, og så gå og leite etter det. I staden for å spørje seg kva ein har av slik kunnskap frå før.

SLÅTTEDAG på Kolbeinstveit, Ryfylkemuseet. Her kan ein prøve seg på å hesje og slå. Foto: Ryfylkemuseet

I am text block. Click edit button to change this text. Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.

Ein kan ikkje redde verda bit for bit

FNs berekraftsmål i eit museumsperspektiv

«Styrke innsatsen for å verne om og sikre verdens kultur- og naturarv»

Dette er ei målformulering dei fleste museum vil kunne seie at dei bidrar til å oppfylle. Ho utgjer eitt av 169 delmål (delmål 11.4) FN har vedteke at må til for å nå det overordna målet: Å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

BYMUSEET i Bergen implementerer berekraftsmåla i sin nye overordna strategi, seier direktør Marianne L. Nielsen. Foto: Kristin Heier

– Omgrepet «berekraftig utvikling» inneber å dekke dagens behov utan å øydeleggje for muligheita til å dekke framtidas behov. Kompetanse vi som museum sit på – kompetanse som går på tvers av generasjonane – er relevant i eit berekraftsperspektiv, seier Marianne L. Nielsen, direktør ved Bymuseet i Bergen.

Bymuseets direktør har sett seg litt ekstra inn i FN sine berekraftsmål det siste halve året. Museet skal snart vedta ny strategisk plan, og Nielsen har nytta høvet til å «ta ting innover seg», som ho formulerer det.

Eit anna berekraft-delmål er slik:

«Innen 2030 utarbeide og iverksette politikk for å fremme en bærekraftig turistnæring som skaper arbeidsplasser og fremmer lokal kultur og lokale produkter» (delmål 8.9)

I Bymuseet sin overordna strategiske plan, vert måla enkelt og greitt implementert gjennom følgjande formulering som eitt av hovudpunkta: «Bymuseet i Bergen skal bidra til å innfri FNs bærekraftsmål».

Handlingsplanar og delplanar kjem i neste runde, og da treng dei å sjå på detaljane.

– Her er det mange som har gjort ein god jobb for oss, med tydeliggjering av FNs berekraftsmål i eit museumsperspektiv, seier Nielsen.

For henne er det dei måla som handlar om helse, utdanning, berekraft i byar og samfunn, likestilling og fred og rettferd, ho oppfattar som mest relevant.

– Om ein ser på alle måla er det jo litt overveldande, med 17 mål og 169 delmål. Vi skal ikkje ta tak i alt, men plukke ut nokre mål og konsentrere oss om dei. Eg er ganske sikker på at dei fleste museum vil kunne finne noko dei kan jobbe med utan å bli stressa, seier ho.

Har laga guide for musea

– Det fins omtrent 55 000 museum verda rundt, truleg med eit større samla karbonavtrykk enn eit lite land. På mange måtar er det lettare for ein sektor å endre seg enn det er for eit enkelt land, meiner Henry McGhie, britisk fugleøkolog og museumsmann på frifot.

Forsida av rettleiaren til McGhie

McGhie har i løpet av hausten hatt foredrag om museum og FNs berekraftmål i Kyoto, Tartu og Oslo (nei, vi har ikkje spurt han om korleis han har reist). Alle stader har han snakka seg varm om korleis musea kan bruke, tolke og implementere FN sine berekraftsmål så dei blir ein integrert del av museumsverksemda. McGhie har utarbeidd ein guide – ein rettleiar – for å hjelpe museum, museumstilsette og museumsnettverk å komme i gang med å bruke berekraftsmåla i arbeidet sitt. Guiden finst i pdf-format på nettstaden hans Curating tomorrow, og er blitt lasta ned over 4 400 gonger sidan august.

RETTLEIAR: Henry McGhie har identifisert sju nøkkelaktivitetar som kan vere musea sine bidrag til å nå berekraftsmåla. Foto: privat

I rettleiaren har McGhie identifisert sju nøkkelaktiviteter som han meiner er musea sine viktigaste bidrag til å nå berekraftsmåla, og McGhie er overtydd om at musea kan gje eit unikt bidrag til verda og at dei kan spele ei rolle i å skape ei berekraftig framtid.

– Mange museum er opptekne av dette. Men det kan ofte bli litt usamanhengande, eller dei kanskje manglar ei felles fortelling, eller det kan vere litt krøkkete å samarbeide med andre sektorar. Berekraftsmåla utgjer den soleklart beste malen museum kan bruke for rask og felles framgang i arbeidet med å gjere verda meir rettferdig, hevdar han.

I følgje McGhie spring dei 17 berekraftsmåla ut av ei innsikt om at det ikkje er nok å ta for seg verdsproblema enkeltvis.

– Å takle éi utfordring kan bety at vi skapar fleire problem ein annan stad. Måla er difor universelle (dei gjeld over alt), dei treng innspel frå alle sektorar inkludert museumssektoren, dei kan ikkje skiljast frå kvarandre, og dei handlar om å sikre og styrke rettane til både menneske og miljø, seier McGhie.

Av Jasper Visser

Museum og FNs berekraftsmål

Museum som tenkjer å implementere FN sine berekraftsmål treng ikkje starte frå botn, dette er det mange som har jobba mykje med. Jasper Visser – «endringsagent og kulturell innovatør» – har utarbeidd dette skjemaet. Her har han identifisert delmål som han meiner musea kan henholdvis vere i forkant med, støtte andre organisasjonar og endre seg internt, i arbeidet med å oppfylle FNs berekraftsmål.

Visser skriv utfyllande om mange av delmåla i bloggposten «Museums and the SDGs: Where to make a difference?» i bloggen themuseumofthefuture.com.

Alle berekraftsmåla finn du på norsk på fn.no

Sjå også artikkelen Eit miljøvennlig kulturråd?

Annonse

RESSURSAR

❱❱  FNs berekraftmål og Agenda 2030  er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Består av 17 hovudmål og 169 delmål. Vedteke i Addis Abeba i 2015.

❱❱  Network of European Museum Organisations (NEMO) lanserte #MuseumsforFuture på den europeiske museumskonferansen i Tartu i november 2019. #MuseumsforFuture er ei global klimakampanje for museum, og er ei støttekampanje for #FridaysForFuture-rørsla med den globale klimastreiken 29. november som første aktive handling. På nettstaden www.museumsforfuture.org fins oppdatert info, samt 10 enkle tips museum kan følge for å støtte rørsla.

❱❱  Tema på NEMO-konferansen i Tartu var «Museums 2030 – sharing recipies for a better future», der klimaendringar og FNs berekraftsmål sto på agendaen. Info og ressursar: www.ne-mo.org.

❱❱  International Council on Monuments and Sites (ICOMOS) har lenge jobba med å synliggjere kulturarven si avgjerande rolle for berekraftig utvikling. ICOMOS har utvikla handlingsplanen Cultural Heritage and Localizing the SDGs (Sustainable development goals). Denne finst på www.icomos.org.

❱❱  ICOMs generalforsamling i Kyoto i september 2019 vedtok resolusjonen «On sustainability and the implementation of Agenda 2030, Transforming our World». Resolusjonen er basert på forslaget til ei arbeidsgruppe frå Norsk ICOM og ICOM UK, leidd av Morien Rees ved Varanger Museum.


Denne artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 4/2019). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- pr år).