Eit miljøvennlig kulturråd?

Norsk kulturråd sparka i fjor haust i gang ei slags miljøsatsing for kulturlivet. Men satsar organisasjonen sjølv på miljø?

Sjå også artikkelen Korleis kan musea redde verda

I kjølvatnet av Kulturrådet si årskonferanse hausten 2018, som handla om klimakrisa, vart det sett av ein pott på 2,1 mill. kroner til tilskotsmottakarar frå Norsk kulturfond. Søkjarane vart oppmoda om å spesifisere miljøtiltak, og eventuelt budsjettere med dei om dei innebar ei kostnadsauke.

Kan «redde verda» på to nivå

Det har ikkje lukkast Museumsnytt å finne museum som har satt i gang tiltak som følgje av denne oppmodinga. Museum over heile landet er likevel i gang med konkrete tiltak og tilpassing av strategiar og planverk til det grøne skiftet (sjå hovudsaken: Korleis kan musea redde verda). 19 museum er allereie Miljøfyrtårnsertifiserte, 24 om ein reknar med alle avdelingane. Fleire museum har jobba med klima og miljø over lang tid.

Seniorforskar i CICERO Asbjørn Torvanger, tilrår generelt å vere mest mogleg open og konkret når ein jobbar med tiltak. Han meiner og at samfunnsinstitusjonar som har ei rolle i samfunnet kan tenke på berekraft og klima på to nivå:

– Det eine nivået er utadretta, gjennom påverknad, finansiering, krav og kontroll. For Kulturrådet kan det vere å oppmode eller stille krav til dei som søkjer om midlar. For musea kan det vere å lage utstillingar og drive folkeopplysning. Det andre nivået er å jobbe med eigne klimafotavtrykk, altså utslepp av klimagassar, seier han.

Miljøbevisst administrasjon

I Kulturrådet sitt årsrekneskapen kan vi lese at Kulturrådet sine reisekostnader frå 2017 til 2018 auka frå fem til åtte millionar kroner, hovudsakeleg på grunn av etablering av kontor i Trondheim og Bodø.

I årsrapporten for 2018 finn vi avsnitt som handlar om å bidra til eit miljøvennlig kulturliv. Det vi ikkje finn i verken årsrapporten eller i planverket som er tilgjengelig på nett, er planar for å redusere eigne klimafotavtrykk.

I følgje kommunikasjonsavdelinga vedtok leiargruppa i Kulturrådet «miljøbevissthet» som eitt av innsatsområda for administrasjonen hausten 2018. Vedtaket er formulert slik:

«Vi har som mål at:
❱ Forvaltningen av fonds- og stipendmidler gjenspeiler viktigheten av økt miljøbevissthet.
Måten vi jobber med å følge opp dette er ved at:
❱ Det kartlegges for hvilke tilskuddsordninger og hvordan det kan være relevant å oppfordre til/stille krav om økt miljøbevissthet til tilskuddsmottakere/søkere;
❱ Relevante best practice-eksempler som kan bidra til økt bærekraft i kulturfeltet identifiseres;
❱ Avdelingene har som mål å bidra til redusert klimabelastning fra flyreiser, transport o.l. gjennom økt bruk av digitale løsninger, tilrettelegging for arbeid på togreiser, o.l.»

Vidare skal leiargruppa tidlegare i haust ha vedteke ein miljøstrategi for eigne arrangement, som konferansar og møte:

– Der inngår ei rekkje tiltak om avfall, innkjøp, transport og informasjon. Det har også blitt innført ein miljøpolicy for profileringsartiklar, skriv kommunikasjonsrådgjevar Thomas Hansen i ein e-post.

– Lite kontrollerbare mål

– Dette gjev jo ei retning, seier seniorforskar i CICERO Asbjørn Torvanger etter å ha sett på vedtaka.

– Men  eg er tilhengar av å vere mest mogleg konkret. Det er rett fram å ha vage mål, og lett å snakke om å vere oppteken av klima. Men det vert vanskeleg å vurdere om ein når måla når dei ikkje er konkrete og når det manglar tal og indikatorar, seier Torvanger.

Han meiner at institusjonar som ønsker å redusere utslepp av klimagassar gjer lurt i å vere transparente.

– Ein bør setje seg mål som kan kontrollerast, offentleggjere dei, og rapportere på oppfylling av måla i årsmeldingar og liknande. Slik vert det lettare å følgje med på sjølv, og også mogleg å samanlikne seg med andre, seier han.

Torvanger meiner også det for mange kan vere lurt å få hjelp av ein konsulent, for å få oversikt og eit godt system på arbeidet.

– Eit viktig første skritt

Verken Kulturrådet eller museumsinstitusjonar har politiske føringar på å ta klimaansvar, gjennom tildelingsbrev eller anna. Det ligg dermed på institusjonane sjølve å ta det ansvaret.

For Kulturrådet er miljøbevisstheten dei har nedfelt i administrasjonen først og fremst eit viktig første skritt i miljøsatsinga til verksemda.

– Miljøstrategien for arrangement og profileringsartiklar som vart innført i år er det til no mest konkrete utfallet av satsinga, seier kommunikasjonsrådgjevar Thomas Hansen.

Han seier vidare at det er openbart at satsinga må følgjast opp med meir konkrete målsettingar i tida framover.

– Desse må vi både synliggjere og rapportere i våre eigne dokument. Akkurat når dette vil skje kan eg ikkje seie noko om, men innsatsområda er jamnleg tema på leiarmøta i organisasjonen.

Sjå også artikkelen Korleis kan musea redde verda


Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 4-2019). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- i året).



Join the Conversation