Historielaust regionaliseringsforslag

FOTO: CATO EDVARDSEN

Rapporten om regionalisering av statlege oppgåver blei lagt fram av eit ekspertutval 1. februar i år. Den har skapt sterke reaksjonar, ikkje minst på kulturfeltet.

På generelt grunnlag argumenterer utvalet i og for seg greitt for forslaga, også på kulturfeltet. Regional forankring og nærleik til lokale og regionale behov, er forståeleg materie. Samtidig er det så store svakheter ved rapporten at den ikkje bør vege for tungt når politikarane skal avgjere framtida til det norske museumslandskapet.

Sjå også artikkelen All makt til regionane

Den manglar heilt refleksjonar omkring dei siste 15 åras utvikling og politikk på museumsfeltet, og gjev inga peikepinn på korleis dei konsoliderte musea kan plassera seg i ei regionalisering som foreslått.

Eg seier ikkje at det ikkje kan gjennomførast, men eg ser ikkje at rapporten er borti spørsmålet.

I dag har musea ein tredelt tilskotsmodell: Ein del direkte frå Kulturdepartementet, ein frå fylkeskommunen og ein frå kommunen. I følgje Museumsforbundet er mange museum nøgde med denne modellen, som dei meiner bidrar til føreseielege driftsvilkår og sikrar armlengdes avstand-prinsippet. Men slik har det jo ikkje alltid vore. For berre 14 år sidan fekk alle musea, unntatt nokre få «utvalde», regionalt fordelte statstilskot. Nett slik det er foreslått av dette utvalet. Dei få utvalde musea som fortsatt skal stå på statsbudsjettet denne gongen, har i følgje rapporten eit «klart definert nasjonalt oppdrag». Nasjonal status var også situasjonen før reforma, for om lag 16 museumsinstitusjonar. Kva institusjonar skal få slik status i dag? Dei same som i 2001? Kva kriterier vil ein bruke for å definere «nasjonalt oppdrag»?

Utvalets vurderingar av museas rolle ser elles ut til stort sett å dreie seg om geografisk nedslagsfelt og samarbeid med næringssektoren. Forslaget om også å fordele alle tilskotsordningane som i dag vert administrert av Kulturrådet, underbyggjer eit inntrykk av å ikkje vere kjent med politiske mål om at musea skal ta ei rolle i samfunnet, og ikkje berre i lokalsamfunnet. Korleis denne rolla skal bli ivaretatt i ein regionalisert modell, er eit tema som ikkje er vidare utforska i denne rapporten. Eg seier ikkje at det ikkje kan gjennomførast, men eg ser ikkje at rapporten er borti spørsmålet. Utvalet foreslår altså ei reversering av ei politisk villa reform, med kvalitetsheving, profesjonalisering og samfunnsrolle som mål. Det er meininga at museumsreforma skal evaluerast i løpet av året. Ei evaluering burde avdekke om måla er nådd. Det er bra og riktig med tiltak for å styrke regionane, men det er dumt å legge opp til å reversere ei kvalitetsreform før ein har fått tilbakevist at ho har fungert.



Join the Conversation

1 comment

  1. All makt til regionane - Museumsnytt

    […] Sjå også leiar: Historielaust regionaliseringsforslag […]