All makt til regionane

Nesten alle musea kan gå ut av Kulturdepartementet sitt budsjett. Alle museumsrelevante støtteordningar i Kulturrådet kan bli overført til regionane.

Dersom tilrådingane til ekspertutvalsrapporten «Regionreformen. Desentralisering av oppgaver fra staten til fylkeskommunene» går gjennom og blir vedteke, skal finansieringa av «dei fleste» musea i Det nasjonale museumsnettverket flyttast til dei nye regionane. Det vert heller ikkje mykje att å gjere for Kulturrådet sin nye museumsseksjon i Bodø, kan det sjå ut som. Rapporten har skapt ein hissig sentrum-periferi-debatt, og store delar av kulturlivet er bekymra for forslaga. Men treng det å bli så ille?

norge-skjema

Men om det skal vere nokon vits i denne reforma, må dei nye regionane få auka legitimitet.

FORSLAGET KAN RØSKE OPP
Kulturforskar og seniorrådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet, Georg Arnestad, er positiv til tilrådingane, sjølv om han ser nokre svake sider ved rapporten.
– Mykje av denne motstanden handlar om at det norske kulturlivet framleis har ei sterk tru på «danskekongen» og ein tilsvarande mistillit til lokale og regionale styresmakter. Kulturlivet meiner òg at fylkeskommunen har liten respekt for prinsippet om armlengdes avstand, seier han.

Sjå også leiar: Historielaust regionaliseringsforslag

Sjølv har han ein motsett innfallsvinkel:
– Forslaget frå ekspertutvalet vil kunne røske opp og gi regionene moglegheit til sjølve å ta ansvaret for kulturpolitikken. Mellom anna på grunn av stoltheit og ansvarskjensle, trur eg dei nye regionane er klare for og vil ta desse oppgåvene på alvor, seier han. Han har jobba med regionaliseringsspørsmål i meir enn ti år, mellom anna var han involvert i prosjekt som «Kulturregion Vestlandet» og «Vestlandsmanifestet».

– No kjem det for første gong eit heilt konkret forslag på bordet for nye oppgåver til dei større regionane, og utvalet foreslår ei radikal desentralisering på kulturfeltet. Mykje er framleis uklart og dette er ikkje tida for å ha fastlåste standpunkt, menier Arnestad.

– Men om det skal vere nokon vits i denne reforma, må dei nye regionane få auka legitimitet gjennom nye oppgåver og større ansvar. Dei må også få oppgåver som heng saman. Dette utvalet har sett på kva som kan regionaliserast, og eg synest dei i stor grad svarar godt på oppdraget, seier han.

KOR ER DEN NASJONALE KULTURPOLITIKKEN?
Samstundes meiner Arnestad at rapporten på kulturfeltet har éin alvorleg veikskap.

– Eg finn inga drøfting av, eller refleksjon over, korleis nasjonen skal forvalte eit kulturpolitisk ansvar, i eit kulturliv som vert så sterkt regionalisert. Kva er att til den statlege kulturforvaltninga? Finansieringsansvaret for nokre få kulturinstitusjonar i hovudstaden? Det er behov for nokre tydelege nasjonale retningsliner i kulturpolitikken, og ei klargjering av kva dei skal bestå av. Ekspertutvalet har knapt ofra dette éin tanke.

– Trur du forslaga går gjennom?
– Eg trur ikkje at alle forslaga går gjennom, men heller ikkje at heile innstillinga blir totalt avvist. Fylka skal jo slåast saman, og nokon oppgåver må nødvendigvis overførast. Også på kulturfeltet, seier Arnestad

– Sjølv vonar eg likevel at mesteparten av dei kulturinstitusjonane ekspertutvalet peikar på, vert overførte frå staten til regionnivået. Dette vil skape eit godt grunnlag for ei vellykka regionalisering.

– GOD GRUNN TIL URO
– Eg meiner det er god grunn til uro, seier Liv Ramskjær, generalsekretær i Norges museumsforbund.
– Kunnskapsgrunnlaget utvalet byggjer på verkar spinkelt. Dei kan ikkje vite mykje om dei norske musea slik dei framstillast som reint regionale med lokalt publikum.

Ramskjær har fått mange tilbakemeldingar frå museum som er redde for at kulturmidlane skal bli nedprioritert i regionane som må handtera meir presserande oppgåver, og om lokalpolitikarar som ikkje er seg bevisste prinsippet om armlengdes avstand.
– Det er mange fylkeskommunar som ikkje har så stort fokus på kultur i dag. Somme er flinke, men langt frå alle, seier ho. Rapporten blei levert til Regional- og moderniseringsdepartementet 1. februar, og er sendt ut på offentleg høyring med frist 9. mai.

Regionreforma skal setjast i verk i 2020, da skal 18 fylker bli til 11, og oppgåvene til dei nye regionane skal vere på plass. Samtidig skal det utarbeidast ei ny kulturmelding, venta å vere klar til politisk behandling i 2019. I tillegg er det meininga at museumsreforma skal evaluerast.

SOM FØR MUSEUMSREFORMA
Utvalet vil regionalisere staten sin del av finansieringa til musea som får driftstilskot frå Kulturdepartementet. Unntaka er museum med eit «klart definert nasjonalt oppdrag». Nasjonalmuseet og Norsk Folkemuseum nemnast som einaste eksempel i rapporten. Men i følgje utvalsleiaren på ein dagsnytt 18-debatt er også mellom anna Nynorsk kultursentrum blant institusjonane med eit «nasjonalt oppdrag».

– Det er fortsatt noko uklart kva utvalet definerer som «nasjonalt oppdrag». Og det er synd viss dette koker ned til ein sentrum-periferidebatt, det trur eg er lite produktivt. Dette handlar om utviklinga av feltet, overordna nasjonal kulturpolitikk og om korleis kulturlivet skal vere om 20 år, seier Ramskjær. Ramskjær meiner forslaget minner om organiseringa før museumsreforma. I 2003 fekk musea statstilskotet sitt gjennom fylkeskommunane, med unntak av 16 institusjonar som fekk tilskota direkte frå KUD. Frå 2004 vart KUDs tilskot til alle musea fordelt direkte, og ein fekk det tredelte finansieringssystemet slik det er i dag (sjå faktaboks).

Liv Ramskjær. Foto: Thomas Johannessen
Kjartan Aa Berge. Foto: Thomas Walle
Georg Arnestad. Foto: Roy Sunde

REGIONALISERING AV SØKBARE MIDLER
I tillegg til sjølve driftstilskotet til musea, som utgjer om lag 1,5 mrd. kroner, så vil utvalet regionalisere støtta til nasjonale kulturbygg, og alle museumsrelaterte ordningar og søkbare midlar som handteras av Kulturrådet. Det gjeld prosjekt- og utviklingsmidlar på museums- og arkivfeltet, mellom anna sikringstiltak, søkbare museumsprogram og prosjektmidlar for privatarkiv. Ramskjær er usikker på korleis desse midla kan kome til sin rett om dei vert smurt tynt utover i regionane.
– Eg er redd et vert svært vanskelig å gjere større løft. For eksempel låg prosjekt- og utviklingsmidla til museum på om lag 16 mill. kronar i fjor. Det blir ein dryg million til kvart fylke, og det kjem ein ikkje så langt med, seier Ramskjær.

– EIN KULTURPOLITISK REVOLUSJON
Viss desse tilrådingane skulle gå gjennom får vi ein kulturpolitisk revolusjon, meiner Kjartan Aa Berge, direktør ved Musea i Sogn og Fjordane.
– Det ville bety mykje usikkerhet. Det blir ikkje nødvendigvis verre enn i dag, men det vil vere viktig at ein legg nokre grunnleggjande premiss for korleis ein skal kunne ivareta den nasjonale kulturarven. Berge er uroleg for armlengdesprinsippet, og for at kulturen og musea skal bli instrument i ein kulturpolitikk meir vinkla mot kulturkonsum og opplevingar enn kritikk og samfunnsrolle. I tillegg meiner han at forslaga utfordrar faglege standardar og faglege miljø for musea.
– Musea har behov for overordna faglege standardar, og det er uklart for meg korleis det skal bli ivaretatt med ei slik organisering. Eg synast mykje av dette verker litt vilkårleg og manglar drøfting.

– Musea har behov for overordna faglege standardar, og det er uklart for meg korleis det skal bli ivaretatt med ei slik organisering.

TILSIKTA OM «HOVUDSTADSINSTITUSJONAR»
Mindre vilkårleg meiner derimot Berge at utspelet om hovudstadsinstitusjonar og kva institusjonar som skal få behalde den statlege støtta, er. Han meiner faktisk at det er tilsikta, slik at resten av tilrådingane skal gå gjennom.
– Det er så kontroversielt at all støyen legg seg der, slik at dei forslaga med substans ikkje vert drøfta. Dette tek imot medietrykket. Eg gjettar at det ordnar seg for Den nasjonale scene og Musikkselskapet Harmonien og somme institusjonar til som er plassert utanfor Oslo, slik at dei andre forslaga kan gå stille og roleg gjennom, sier Berge.

Sjå også leiar: Historielaust regionaliseringsforslag

FAKTA // FORSLAGA I EKSPERTUTVALETS RAPPORT
❱❱ Lenke til rapporten:«Regionreformen: Desentralisering av oppgaver fra staten til fylkeskommunene»
❱❱ KUD sitt driftstilskot til «dei fleste» musea skal flyttast til regionane. Unntak er institusjonar med «klart definerte nasjonale oppdrag». Nasjonalmuseet og Norsk Folkemuseum nemnast som einaste eksempel.
❱❱ Midlane til «Nasjonale kulturbygg» skal flyttast til regionane.
❱❱ Prosjekt- og utviklingsmidlar på museums- og arkivfeltet skal flyttast til regionane, det vil seie sikringstiltak, søkbare museumsprogram og prosjektmidlar for privatarkiv.

FAKTA // MUSEUMSREFORMA
❱❱ I 2001 fekk museum med statleg driftstilskot av Kulturdepartementet (KUD), kanalisert og fordelt tilskotet gjennom fylkeskommunane.
❱❱ Dette gjaldt om lag 270 museum.
❱❱ 16 institusjonar hadde særskilt nasjonal status, og fekk tilskota direkte over KUDs budsjett.
❱❱ 2004 hadde mange museum slått seg saman, og blitt til i overkant av 90 konsoliderte einingar.
❱❱ Da la ein om tilskotssystemet, og frå 2004 fekk alle musea statstilskotet fastsatt og utbetalt direkte av staten.
❱❱ 2017: Konsolideringa har fortsatt, og i dag er det 63 museum i «Det nasjonale museumsnettverket», som får statstilskot direkte frå KUD.
❱❱ Desse musea har ein tredelt finansieringsmodell: ein del frå KUD, ein del frå fylkeskommunen og ein del frå kommunen. Storleiken på delane varierer.



Join the Conversation

1 comment

  1. Historielaust regionaliseringsforslag - Museumsnytt

    […] Sjå også artikkelen All makt til regionane […]