Fri oss frå evalueringstyranniet

Dei har vore her i mange år. Med sine mange spørjeskjema, overflatiske analysar og uheldige rolleblandingar har forskingsinstitutt sendt frå seg den eine evalueringsrapporten etter den andre om museumsreforma.

Ordsky evaluering

Å lage evalueringsrapportar er blitt eit kulturpolitisk ritual. På papiret oppfyller evalueringane krav i lover og regelverk om å kontrollere bruken av offentlege midlar, men dei står i fare for å devaluere verdien av kunnskapsbasert kulturpolitikk.

Ottar Grepstad er direktør ved Nynorsk kultursentrum
Ottar Grepstad er direktør ved Nynorsk kultursentrum

For kulturinstitusjonar er det eit gode å bli sett utanfrå med kritiske, uavhengige blikk. Mykje skulle vere gale om det ikkje var noko å lære av desse evalueringane, men når prislappen nærmar seg ein halv million, går diverre ikkje reknestykket kost/nytte opp. Då gjeld det å stille presise krav til dei som skal gjere jobben. Resultatet blir ikkje betre enn det oppdragsgivaren legg til rette for.

I all hovudsak er desse utførte av Telemarkforsking, Agderforsking og PWC Cooper Waterhouse på oppdrag frå fylkeskommunar. Forskarane bruker ganske konsekvent eit snevert utval av dokument. Dei viser gjerne til stortingsdokument, og ein og annan fylkeskommunal langtidsplan sleng forbi. Derimot gjer forskarane lite for å studere utviklinga i lys av musea sine eigne planar. Langt på veg behandlar dei sjølvstendige kulturinstitusjonar som offentlege forvaltningsorgan.

Sjå svaret frå Telemarksforsking her

Likevel er dei ganske kjeldestyrte av musea som skal vurderast. Ei spørjeundersøking eller to høyrer med, men svara møter forskarane sjeldan med eit kritisk blikk. Meir enn ønskjeleg blir dermed evalueringane ei systematisering av det aktørane sjølve meiner. Heller ikkje vurderer forskarane om fylkeskommunane og departementet har gjort det ein kunne vente ut frå deira eigne styringsdokument Det svakaste punktet er nok dei statistiske analysane. I ein rapport skriv forskarane at ein svarprosent på 44 er over snittet for slike spørjeundersøkingar, men i to andre rapportar har 73 og 72 prosent svara i same typen undersøking. Det er som ein ikkje nektar seg noko for å vinne truverde. I ein og same rapport opererer forskarane med ulike tidsrom i tabellane, prosentrekning blir brukt jamvel når utvalet er på ni museum, desimalane strøymer på i umotiverte mengder.

Ein del forskarar verkar merkeleg ustø i omgangen med statistikk. Ein statistisk samanheng seier som kjent lite om årsak. I eitt fylke fann forskarane fleire interessante skilnader mellom musea som sjølve slo seg saman og dei som måtte slå seg saman. Den openberre hypotesen er at dei musea som tok grep sjølve, også var dei best drivne, og at dette kunne forklare kvifor desse kom best ut. Så langt tok ikkje forskarane seg tid til å tenkje.

Sjølv om dei same forskingsinstitutta står for dei fleste evalueringane, jamfører dei sjeldan med tidlegare funn i eigne eller andre rapportar. Dei har heller ikkje passa på å bruke såpass like kategoriar i ulike studiar at jamføring gir meining.

Forskarane er ganske trygge når dei held seg til velkjende storleikar som inntekter, billettprisar, gjester. Derimot er dei langt frå à jour med viktige trekk i moderne museumsverksemd. I 2012 meinte eit institutt berre at «ny digital teknologi» har opna for fleire formidlingsformer, og i 2017 skreiv eit anna institutt fire linjer om digitale tenester i ein rapport på 67 sider. Også kunnskapsproduksjon i form av dokumentasjon eller forsking blir sjeldan kartlagd og analysert.

Utan atterhald går forskarane frå å vere forskarar til å vere kulturpolitikarar.

Eitt ord som går att, er profesjonalisering, men definert blir det aldri. Til glede for oppdragsgivarane slår forskarane likevel fast at musea er blitt meir profesjonelle, for det er det musea sjølve har svara. Slikt går greitt i avisintervju, men ikkje i studiar frå forskingsinstitutt. I staden for å grave seg djupare inn i materialet, endar mange forskingsrapportar i tilrådingar. Utan atterhald går forskarane frå å vere forskarar til å vere kulturpolitikarar. Med lånt autoritet frå forskarrolla kryssar dei frå vitskapens er til politikkens bør. Forskarane må gjerne peike på moglege konsekvensar av ulike val. I desse evalueringane er det noko anna som skjer. Utan å leggje frå seg forskartitlane meiner dei både eitt og hitt om kva musea bør gjere. Oppdragsforsking er av det gode, oppdragsmeining er det ikkje.

Kva problemet er? At desse rapportane blir lagde til grunn for vidare politiske tiltak. Ikkje noko er betre for folkevalde enn å kunne vedta at ei reform eller eit tiltak har verka. Hordaland fylkesting drøfta ein evalueringsrapport hausten 2017 og vedtok at «musea i Hordaland har nådd mange av måla for reforma». Fylkeskommunane ventar også at musea byggjer vidare på det rapportane viser, men bør først vurdere om rapportane held mål.

Snart kjem den samla vurderinga, Våren 2017 bad Stortinget samrøystes «regjeringen gjennomføre en helhetlig vurdering av museumsreformen så langt og synliggjøre framtidsutfordringer i et helhetlig museumstilbud». Send ein varm tanke til dei som då skal skrive samandraget av alle desse forskingsrapportane. Om ikkje før kan arbeidet med den stortingsmeldinga rydde opp i denne overflateforskinga og fri oss frå evalueringstyranniet.

Sjå svaret frå Telemarksforsking her



Join the Conversation

1 comment

  1. Forskarar om evalueringskritikk: - Urimeleg angrep - Museumsnytt

    […] Les Grepstads kronikk «Fri oss frå evalueringstyranniet» […]