Forskarar om evalueringskritikk: – Urimeleg angrep

I kronikken «Fri oss frå evalueringstyranniet» kritiserer Ottar Grepstad evalueringsrapportane om museumsreforma som er gjort i ulike delar av landet. Forskarane kjenner seg ikkje att i kritikken.

Ordsky evaluering

Vi kjenner oss ikkje att i det heile tatt, seier Bård Kleppe og Ole Marius Hylland i Telemarksforsking. Dei opplever kronikken som eit angrep på integriteten til kvar enkelt forskar, og dei synast den er urimeleg.

Les Grepstads kronikk «Fri oss frå evalueringstyranniet»

– Grepstad maler med brei pensel. Når generaliseringsnivået er høgt, blir presisjonsnivået fort lågt, og det bærer kronikken preg av, meiner kulturforskarane.

– BRUKAR BERRE KVALITATIVE METODAR
Telemarksforsking har gjennomført fire av dei regionale evalueringsrapportane som er gjort på temaet, som oftast på oppdrag på fylkeskommunen. Direktøren for Nynorsk kultursentrum nemner ingen bestemt rapport, men Telemarksforsking er ei av dei tre forskingsinstitusjonane han nemner. Mange element i rapportane vert kritisert, frå forskarane si manglande museale kompetanse til å vere for kjeldestyrte i rapporteringa. «Det svakaste punktet er nok dei statistiske analysane », skriv han.

– Til dette vil vi svare at vi utelukkande har bruka kvalitative metodar i rapportane våre, seier forskarane. – Så denne kritikken kan ikkje vere retta mot oss. Vi bruker rett nok museumsstatistikken, og det er generelt utfordrande å finne gode indikatorar i statistikkar. Det vil alltid vere ting som ikkje kjem fram i slike registerdata. Men det er ei grundig database, som ein må kunne bruke i ein rapport, og vi meiner vi har tatt tilstrekkeleg med atterhald og gjort grundige nok vurderingar i vår bruk av han.

– JAMFØRER HEILE TIDA
Grepstad kritiserer rapportane også for å vere for kjeldestyrte, for ikkje å jamføre resultat rapportane imellom, og for ikkje å ha noko aktivt forhold til omgrepet «profesjonalisering».

– Avhengig av bestillinga, har vi gått inn i materialet på ulike måtar. I fleire av rapportane har vi vore opptekne av overordna problemstillingar, for eksempel korleis ein kan styre ein institusjon med så komplekse eigarstrukturar som mange museum har. I desse tilfella jamfører vi jo heile tida. Forskarane tilbakeviser også at dei er kjeldestyrte.

– Vi har primært nytta empirien til å løfte fram generelle og overordna problemstillingar. Døme på dette kan vere musea sine prioriteringar – av samlingar, avdelingar, nybygg, formidlingstiltak og så vidare. Profesjonalisering er ei anna viktig problemstilling. Her har vi mellom anna sett på forsking og kompetanse blant dei tilsette. I fleire rapportar har vi drøfta «profesjonaliseringens pris»; om profesjonalisering kanskje ikkje alltid er eit gode, og på kva måtar museumsfagleg profesjonalisering kan råke motivasjonen i det frivillige arbeidet, seier Hylland og Kleppe.

HELD SEG OPPDATERTE
Kulturforskarane meiner seg også i høg grad kompetente, og tilbakevisar at dei ikkje held seg à jour med moderne museumsverksemd.
– Vi held oss à jour, ja. Tre av dei fire forskarane som har jobba med evalueringane har phd. Fleire av oss har jobba ved museum tidlegare og alle publiserer vitskaplege artiklar på museumsfeltet. Som kulturpolitikkforskarar med god innsikt i feltet, meiner vi at det er riktig, og ikkje er rolleblanding, å komme med tilrådingar. Vi har gjennomgåande vore drøftande og i enkelte tilfelle heller fått kritikk for at vi ikkje har kome med meir konkrete tilrådingar, seier Kleppe og Hylland.

Les Grepstads kronikk: «Fri oss frå evalueringstyranniet»

FAKTA // EVALUERINGSRAPPORTAR

❱❱ TRYGVE NORDBY HAR LAGA RAPPORTANE:
• Akershusmuseet. Organisasjonsgjennomgang, 2011
• Synlighet, fart og retning. Organisasjonsgjennomgang av Vest-Agder-museet, 2012

❱❱ PWC HAR LAGA RAPPORTEN:
• Museumsreformens betydning for museene i Møre og Romsdal, 2012

❱❱ TELEMARKSFORSKING HAR LAGA RAPPORTANE:
• Det lille i det store. Gjennomgang av organiseringen ved Telemark museum, 2011
• Haugalandmuseene. Anbefalinger om fremtidig organisering, 2014 • Mange formål – en reform. Evaluering av Akershusmuseet, 2015
• Til lands og til vanns og på sokkelen med. Evaluering av museumsreformen i Rogaland, 2016

❱❱ AGDERFORSKNING HAR LAGA RAPPORTEN:
• Evaluering av museumsreformen i Hordaland, 2017



Join the Conversation

1 comment

  1. Fri oss frå evalueringstyranniet - Museumsnytt

    […] Sjå svaret frå Telemarksforsking her […]