Ferdaminne frå Ulvik sommaren 2018

«Lesa litteratur utan stønad av litteraturhistorie og skynsam kritikk er som å vasa rundt i Afrika utan kart. Du kan koma yver kong Salomons gruver, men det er mest truleg du tullar deg bort.» – Olav H. Hauge i dagboka, 9. mars 1970

LITA: Eg kjenner meg heime med det same i utstillinga, men sidan den berre består av 13 slike plansjar, med eit fotografi eller ein illustrasjon og eit utvalt sitat frå eit aktuelt verk, byrjar eg samstundes å lure på om denne utstillinga er for lita til å vurdere åleine. Foto: Haugesenteret

ANMELDELSE – gjennom KAM-prosjektet:

Eg lurer litt på kva eg har tatt på meg, når eg endeleg står der, inne i det eine, vesle rommet som rommar heile utstillinga «Ferdaminne frå Troja til Vestlandet» på Haugesenteret i Ulvik. Senteret ligg på kaia, i det kledeleg kommunale heradshuset i bygda, og heile dagen i førevegen har eg køyrt over fjell, gjennom tunnel, langs krokete vestlandsvegar for å kome meg hit. Eg har dura fram og dura på i ein liten, sitrongul Citroën, som eg har fått låne av bror min og som eg mildt sagt har hatt mine tvil om på vegen frå Ørsta til Ulvik. I tillegg til at bilen generelt ikkje verkar særleg robust i møte med samferdslenettet på Vestlandet, har den to vesentlege manglar: Om du stoppar bilen, kan du ikkje vere sikker på om du får starta den att. Og om du låser bilen, kan du ikkje vere sikker på om du får opna den att. Eit lett bytte for farande fant, med andre ord, men eg slår meg til ro med den same innstillinga som eg har til sykkelen min i Oslo: Det er då ingen som ynskjer å stele noko slikt rask, er det vel?

Sjarmøren av ein Citroën er snerten når du skal finne parkering på næraste daglegvarebutikk, men ikkje fullt så snerten om du til dømes skal køyre gjennom verdas lengste vegtunnel, den 24509 meter lange Lærdalstunnelen mellom Aurland og Lærdal. Men storleiken på bilen gjer det altså lett å finne parkeringsplass når du først har kome deg gjennom tunnelen, og dette fortrinnet gjorde eg flittig bruk av då eg stoppa på fleire av dei sentrale stadane frå Erlend Nødtvedts roman «Vestlandet».

Inne på Haugesenteret, i utstillinga om reiselitterære verk, er det nettopp Erlend Nødtvedt og «Vestlandet» som møter meg på den første plansjen, med eit velplassert sitat frå avslutninga av romanen. Etter å ha kome seg gjennom den vestlandske hinderløypa og fram til Lærdal, der hovudskallen til bondeopprøraren Anders Lysne skal førast attende, opnar omsider Erlend og Yngve sideren som dei har rappa frå kjellaren til Olav H. Hauge oppe i bakkane her i Ulvik,

 

og eg tek ein slurk idet steinane kjem eg kjenner det grønkast rundt meg alt er berre vokster og grøde

     eg opnar augo

    det vårast når eg bortover

    drivkvit asfalt går

    på Vestlandet

              heime

Eg kjenner meg heime med det same i utstillinga, men sidan den berre består av 13 slike plansjar, med eit fotografi eller ein illustrasjon og eit utvalt sitat frå eit aktuelt verk, byrjar eg samstundes å lure på om denne utstillinga er for lita til å vurdere åleine.

Lang reiselitterær tradisjon

Utstillinga er sett opp i samband med at det er 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje, ein pioner i (ny)norsk reiselitteratur, blei fødd. Utanfor rommet blir utstillinga introdusert slik: «Med «Ferdaminni skapte Vinje det første store litterære verket på nynorsk. I reiselitteraturen er derimot boka eit lite punkt i ei mykje eldre linje». Utstillinga viser difor fram eit utval frå denne lange reiselitterære tradisjonen, rett nok med størst vekt på nor(di)ske forfattarar frå nyare tid, og ei – i denne samanhengen – sjølvinnlysande overvekt av vestlandsforfattarar. I tillegg til å forvalte arven etter Olav H. Hauge er Haugesenteret eit senter for lyrikk, og temautstillinga tek difor særleg for seg korleis poesien er brukt i desse reiseskildringane. Utstillinga handlar såleis ikkje særskilt om Vinje og Hauge, men om tradisjonen dei står i.

EFFEKTIVE OPPKVIKKARAR: På nokre hyller langs eine veggen står det 13 kort i ulike fargar med namna til forfattarane. Foto: Haugesenteret
EFFEKTIVE OPPKVIKKARAR: På nokre hyller langs eine veggen står det 13 kort i ulike fargar med namna til forfattarane.Foto: Haugesenteret

På nokre hyller langs eine veggen står det 13 kort i ulike fargar med namna til forfattarane, og på baksida av korta er der korte introduksjonar til forfattarane, dei utvalde sitata og verka dei er henta frå: Homer, Ludvig Holberg og Heinrich Heine; Camilla Collett, Rønnaug Kleiva og Virginia Woolf. I tillegg kjem Aasmund Olavsson Vinje, J. R. R. Tolkien, Tove Jansson, Jon Michelet, Kjartan Fløgstad, Tomas Espedal og Erlend Nødtvedt.

Desse korta i grøne, grå, turkise og blå fargar er effektive oppkvikkarar i rommet, og arbeidet med å bla gjennom dei, for slik å kople tekstane på korta til tekstane på plansjane, er enkelt, men engasjerande nok til å halde meg i gang gjennom heile utstillinga. Utvalet forfattarar er kanskje føreseieleg, men likevel variert nok i utsyn og sjanger til å halde på interessa mi. Kva slags reiselitteratur har til dømes Virginia Woolf skrive? Svaret er essayet «Gatestreif. På eventyr i London» (1930), der Woolf skal ut i byen for å skaffe seg ein ny blyant. Lengre frå Bloomsbury trong ho ikkje reise for å finne noko nytt. Heller ikkje tyskaren Heinrich Heine trong tilsynelatande å reise veldig langt for å skrive boka Tyskland. Eit vintereventyr (1844). Men Heine flytta altså til Paris i 1831, der han lét seg begeistre av dei franske revolusjonane, og han var berre attende i Tyskland to gongar resten av livet. I det episk-lyriske vintereventyret frå Tyskland skildrar han reaksjonære tendensar i heimlandet. Det minner meg om at også heimkomsten er ein del av reisa, og at ein stundom lærer heimstaden å kjenne på ny når ein reiser vekk.

Uskiljeleg frå basisutstillinga

Eg ser og les meg rundt i rommet med interesse, men tanken slepp aldri heilt taket: Det er vanskeleg å verkeleg la seg begeistre eller frustrere av utstillinga i seg sjølv.

Men så er også temautstillinga nærast uskiljeleg frå basisutstillinga på Haugesenteret. Frå resepsjonen går publikum gjennom ein liten portal og inn i basisutstillinga. Der blir ein leia gjennom fleire utstillingsrom om Hauge før ein nærast umerkeleg hamnar i temautstillinga. Som kritikar med oppdrag om å melde utstillinga er eg sjølvsagt merksam på at eg har bevega meg over i eit anna utstillingsrom, men eg ser for meg – og opplevde også då eg var der – at publikum ikkje nødvendigvis vil vere så medvitne det. Det er dessutan også eit sitat frå Hauge som fører publikum inn i temautstillinga, noko som igjen tyder på at den skal sjåast i samanheng med basisutstillinga:

Ferdaminni er ei genial bok. Dikt, reiseskildringar, essay, utgreidingar um økonomi, politikk, jordbruk, dokumentert med døme, konkrete, faste, humoristiske, ja reine novellor skifter, rein reportasje sume tider. Alt i ein frisk, levande stil, kjernegod norsk, folkeleg språk, men òg litterært.

Først når eg les dette Hauge-sitatet på nytt etter å ha sett utstillinga, blir eg medviten nokre ting eg gjerne skulle ha sett utdjupa der. Det gjeld særleg sjangermangfaldet som Hauge dreg fram i sitatet. Utstillinga gir som nemnt mange døme på korleis poesi blir brukt i reiselitterære verk, men inneheld lite som set sjangerrefleksjonen i gang hos publikum. Reiseskildringa verkar å vere ein uvanleg flytande og open sjanger, og reisa synest å gjere det mogleg å ta inn nær sagt kva som helst i teksten – reportasje, forteljing, poesi – utan at reiseskildringa blir sjangerforvirra av den grunn. Men kvifor er reiseskildringa særleg open for poesi? Er det noko poetisk ved sjølve reisa? Er i så fall sjølve prosaen også meir poetisk i reiseskildringar? Eller er det berre rytmikken i reisa som opnar for å flette inn dikt og poetiske avsnitt? Dessutan: Korleis har sjangeren endra seg? Skriv ein reiselitteratur på same måte i dag, i masseturismen og teknologiens tidsalder? Ein viss refleksjon rundt reisesjangeren kunne ein ha venta seg, og ikkje berre døme frå litteratur der reisa er eit viktig motiv.

DEL AV BASISUTSTILLINGA: Som utstillingsrom er altså «Ferdaminne frå Troja til Vestlandet» mest som ein integrert del av basisutstillinga på Haugesenteret. Foto: Ingvil Skeie Jones
DEL AV BASISUTSTILLINGA: Som utstillingsrom er altså «Ferdaminne frå Troja til Vestlandet» mest som ein integrert del av basisutstillinga på Haugesenteret. Foto: Ingvil Skeie Jones

Også informasjon om Hauge sjølv – om kva slags reiselitteratur han las og eventuelt skreiv, og kva slags reiser han sjølv la ut på i løpet av livet – er det lite av. Eg kan forstå behovet for å fylle utstillinga med andre emne enn Hauge, som trass alt ikkje skreiv noko stort reiselitterært verk og som dessutan har heile basisutstillinga for seg sjølv. Likevel er det nok av nikk til Hauge i temautstillinga, og undervegs blir eg gåande å gruble på Hauges reiser. Eg hugsar at han skreiv eit dikt om gamlebyen i Warszawa, men var han der eller dikta han om byen på avstand? Hauge omsette ei rekkje dikt frå engelsk, fransk og tysk, men var han nokon gong i desse landa? I basisutstillinga finn eg svar på eitt og anna, men med materialet, kunnskapen og kompetansen Haugesenteret sit på her, kunne ei slik temautstilling også ha vore eit høve til å kartleggje Hauge si reiseverksemd og reiselektyre og leggje fram resultatet for publikum.

Som utstillingsrom er altså «Ferdaminne frå Troja til Vestlandet» mest som ein integrert del av basisutstillinga på Haugesenteret. Men nettopp difor kunne også integreringsarbeidet ha vore utført med større omsut, slik at kryssingspunkta mellom Hauge og reiselitteraturen blei betre belyst. Dei som reiser for å sjå denne temautstillinga, vil også sjå resten av utstillinga, og mest truleg nokre fleire stadar i bygda som er knytt til Hauges liv og verk – garden der han vaks opp, huset der han budde som vaksen eller grava der han er jordfesta i dag. I dette landskapet trur eg Hauge sitt blikk bør få styre, og såleis at perspektiva hans på reiselitteraturen burde ha vore utdjupa i utstillinga.

For den som reiser hit, gjer det gjerne med Hauges dikt og dagbøker, med livet og litteraturen hans som kart. Med eit slikt kart kan ein fort kome til å snuble over kong Salomons gruver – om ikkje inne på Haugesenteret, så kanskje ein stad på vegen heim? Vestlandslandskapet var i alle fall ikkje heilt det same då eg køyrde heimover, anten det var fordi eg hadde sett denne utstillinga eller fordi eg køyrde i motsett retning, om enn på same veg.

Anmeldelsen er den andre i en rekke museumsutstillingskritikker som vil bli publisert på museumsnytt.no som en del av KAM-prosjektet: Kritikk av museumsutstillinger. Prosjektet har fått støtte av Kulturrådet og Fritt Ord. Les mer om prosjektet her: Flere utstillingsanmeldelser gjennom KAM.

FAKTA // FERDAMINNE FRÅ TROJA TIL VESTLANDET 

Nynorsk kultursentrum, Ulvik i Hardanger
Olav H. Hauge-senteret, 1. høgda
3. april–7. oktober 2018
Konsept, innhald og formgiving: Olav H. Hauge-senteret



Join the Conversation