Lita hytte på utsiktspunkt i fjellet

Gjennom prosjektet «Villreinløypa» har Gudbrandsdalsmusea vald å knytte samfunnsrolla si til lokal og regional verdiskaping, og vore aktive i utviklinga av eit kulturbasert reiseliv.

Gudbrandsdalsmusea er prosjekteiger og tidlegare prosjektleiar for prosjektet «Villreinløypa». No er prosjektleiarskapet overført til ekstern aktør. Museet har fortsatt eigarskapet, og bidreg i prosjektet ved sjølv å vere del av ein pilot.

«Villreinløypa» er eitt av fleire hovudprosjekt i Miljødirektoratets verdiskapingsprogram «Villreinfjellet som verdiskapar». Formålet med prosjektet er å utvikle formidlings- og reiselivsprodukt basert på villreinen og den mange tusen år lange fangsttradisjonen knytt til villrein i fjellområda i Nord-Gudbrandsdalen.

Museet i lokalsamfunnet

Det er stort behov for auka verdiskaping i distrikta, og ein har og lokalt sett eit behov for å betre formidling av kunnskap om villrein, fangsttradisjonar og verneområda, til både lokalbefolkning og tilreisande.

Gudbrandsdalsmusea har i lang tid hatt ei aktiv rolle i utviklinga av eit kulturbasert næringsliv i regionen, noko som og er nedfelt i både vedtekter og strategiar for museet. For avdelinga på Lesja er dette spesielt knytt til den store betydninga villreinen har hatt i området.

Utsnitt frå utstilling med bl.a. reinsdyr
FANGSTHISTORIE: Utstillinga «Villreinjegerane kjem» på Lesja Bygdemseum tek oss gjennom 11 000 år med fangsthistorie. Foto: Ellen M. Sørumgard Syse / Gudbrandsdalsmusea

Under planlegging av formidling av eit stort massefangstanlegg for villrein, «Verket», på fjellet mellom Lesja og Vågå, kom det fleire innspel på at heile regionen burde kunne samlast rundt formidling av kunnskap om villrein og villreinfangst, og at regionen kunne nytte dette i marknadsføring. Da Miljødirektoratet på same tid lyste ut sitt verdiskapingsprogram, var vegen frå idé til prosjekt kort.

Med avdelingar i heile regionen og kompetanse på formidling og kulturhistorie, hadde Gudbrandsdalsmusea eit godt grunnlag for å initiere og leie prosjektet. Prosjektet vart etablert med museet som eigar, og med representantar frå nasjonalparkane, Norsk Fjellsenter, Norsk Villreinsenter Nord og destinasjonsselskapet Nasjonalparkriket i styringsgruppa.

Som rapporten «Museum og samfunn» frå Telemarksforsking òg slår fast, så har musea ofte mykje tillit og autoritet i eit lokalsamfunn fordi folk oppfattar dei som truverdige kunnskapsinstitusjonar. Tillit og kontakt med lokalsamfunnet var viktige element i fyrste fase av prosjektet der det handla i stor grad om kartlegging, informasjonsarbeid ut mot lokalsamfunna og vidareutvikling av villreinrelaterte utstillingar og attraksjonar knytt til formidlingslokalitetane Norsk fjellsenter, Norsk villreinsenter nord og Lesja bygdemuseum.

Lokalt næringsliv og produktutvikling

I fase to av prosjektet skulle lokalt næringsliv i langt større grad trekkast inn og det vart behov for anna kompetanse inn i prosjektleiinga. Frå 2020 har utviklingsselskapet Nordveggen AS vore innleigd som ekstern prosjektleiar. Dei er ein regional næringsaktør med god erfaring med produktutvikling og innovasjonsprosjekt. Dei har også god kjennskap til reiselivsbedrifter og anna næringsliv i Lesja og resten av regionen.

I overgangen frå informasjonsformidling og kartlegging til produktutvikling var det nødvendig å skape ei eigarskapskjensle blant dei ulike næringsaktørane i regionen. Prosjektleiar Line Horvli frå Nordveggen forklarar at det no blir jobba med både kompetanseheving retta mot næringsaktørar i Nord-Gudbrandsdalen, og pilotar innan produktutvikling knytt til villrein. Det er no i gang tre pilotar/delprosjekt i Villreinløypa.

Utvikling av nye attraksjonar

Dei tre pilotane skal på ulike måtar utvikle nye og attraktive opplevingar for lokale og tilreisande. Aktørane som står bak pilotane er reiselivsbedrifter, opplevingsbedrifter og formidlingslokalitetar som ynskjer å styrke si tilknyting til nasjonalparkane og villreinområda.

Kompetansehevinga gjennom Villreinløypa handlar i stor grad om kurs, seminar og møteplassar med tematikk knytt til rein. Det kan vere bruk av lokale råvarer, formidling og fagleg påfyll om villreinen sitt levesett. Desse tiltaka er for aktørar frå alle bransjar og forhåpentlegvis bidreg dei til ei auka interesse for å sjå næringsutvikling og forvaltning av villreinstamma i samanheng.

Då Lesja bygdemuseum gjekk ut av prosjektleiinga, gjekk dei på same tid saman med andre reiselivsaktørar i Lesja og søkte på ein av tre utlyste Villreinløype- pilotar i april 2020. I skrivande stund bidreg Lesja bygdemuseum med si kompetanse på formidling, villreinhistorie og fangstanlegg i piloten Reinstrakket. Reinstrakket utviklar ein guida fjelltur der deltakarane lærer om villrein og villreinfangst spesielt, og natur og bruk av og liv i fjellet generelt. Det er fokus på god og korrekt kunnskapsformidling, og i tillegg frå deltakarane og ein smak av rein undervegs.

For ei lita museumsavdeling er det inspirerande og lærerikt å kunne delta i eit slikt samarbeidsprosjekt, og museet ser fram til vidare satsing som ein reiselivsaktør med fokus på kunnskapsbasert formidling av natur- og kulturhistorie.


Artikkelen er skriven av:

Line Horvli frå Nordveggen AS og Ellen Marie Sørumgård Syse frå Gudbrandsdalsmusea


Denne artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 3-2020). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- pr år)



Join the Conversation