Vil fjerne kunstverk

Tyrkiske myndigheiter går hardt ut mot eit kunstverk på ein vegg i Oslo, og kallar det terrorpropaganda. Kunstverket viser sju kvinner og sitatet «Eit samfunn kan aldri bli fritt utan kvinners frigjering» av den fengsla PKK-leiaren Abdullah Öcalan. Kunstnaren er kurdiske Gelawesh Waldekani. Det kurdiske arbeiderpartiet PKK står på fleire lands terrorliste, og det har vore væpna konflikt mellom dei og tyrkiske styrker i mange år. I ei pressemelding skriv tyrkiske myndigheiter at terrorpropagandaen må stoppast, og at dei vil minne om at «dei som tolererer terrorisme også kan verte ramma av det». Oslo kommune har mottatt over 80 klagar på kunstverket, og det norsk-tyrkiske miljøet har engasjert seg for å få det fjerna. Men leiar i Oslo bystyres kulturutval, Eivor Evenrud (R) seier til Subjekt at det er uaktuelt for kommunen å legge seg opp i saka, det ville vere sensur, seier ho.