mandag, 14. juni, 2021

MENY

mandag, 14. juni, 2021
AktueltUro og håp under pandemien

Uro og håp under pandemien

Musea i verda har i snitt tapt 80 prosent av inntektene under korona-pandemien, ifølgje ein ny Unesco-rapport. 

I rapporten, publisert i april 2021, har Unesco kartlagt kva konsekvensar pandemien har for musea i verda. Med tal frå dei 87 medlemslanda, har dei sett på korleis det går med 104 000 museum. Den økonomiske nedgangen som rapporten har kartlagt gjer UNESCO uroa over konsekvensane, mellom anna dei sikkerheitsmessige følgene for samlingsforvaltninga etter pandemien.

Undersøkinga er gjort blant dei nasjonale musea, men organisasjonen meiner tilbakemeldingane frå desse seier mykje om situasjonen for musea generelt. Nokre av hovudfunna er at 83 av dei 87 medlemslanda har måtta stenge som følge av pandemien. I snitt har dei stengt ned i 150 dagar. Også dei musea som ikkje har måtte stenge, har opplevd ein nedgang på 70 prosent i besøkande. I snitt har musea tapt 80 prosent av inntektene sine, samanlikna med i 2019.

Nokre få oppturar

Men det er heldigvis ikkje berre negative konsekvensar av pandemien, i alle fall ikkje om ein ser positivt på det. For dei musea som har hatt gode digitale tilbod, har dette vore ein viktig moglegheit til å bruke desse i større grad.

– Eg hatar denne pandemien, det har vore eit forferdelig år. Det har vore veldig få oppturar, men å ha alt dette digitale materialet tilgjengeleg for å støtte ei profesjonell utvikling for lærarar har vore ei av dei positive konsekvensane. Me kan nå langt fleire lærarar no, og kjem til å fortsette med det, seier direktør for Victoria & Albert Museum i London til Unesco.

Unesco er likevel uroa for manglande museumsaktivitet, særskilt for musea som utdanningsarena og arena for sosial aktivitet. Dei understrekar at sjølv om mange museum har tatt i bruk digitale verkemiddel for å vidareføre noko av aktiviteten, er det stor skilnad på kor langt dei ulike landa og regionane har kome i digitaliseringsarbeidet. Dette har vore ei stor hindring for at musea kan oppfylle funksjonen som utdanningsinstitusjonar.

Halvparten av medlemslanda til Unesco har redusert dei offentlege løyvingane til musea under Covid-19. Ein firedel har auka den, og ein firedel har halde den på same nivå som før.

FN-organisasjonen er uroa for kva konsekvensar som ventar på andre sida av pandemien, og det er dei ikkje aleine om.

– Museet spelar ei viktig rolle for sosialt samhald, nasjonskjensle og tilhøyre. Krisa kan bety at museum ikkje lenger vil bli vurdert, og kanskje bli mindre viktig fordi prioriteringa utvilsamt vil vere andre stadar. Alt som er mogleg å gjere, må gjerast for å sikre at musea ikkje døyr, seier direktør ved det nasjonale rådet for museum i Libanon, Anne-Marie Maila Afeiche, i rapporten.

Musea si samfunnsrolle er utfordra

Musea melder at dei er uroa for at dei ikkje har moglegheit for å fylle samfunnsrolla si godt, i ei tid med økonomisk og sosial ulikskap og alvorlege klimaendringar. Unesco slår fast at musea spelar ei nøkkelrolle på vegen mot å oppfylle bærekraftsmåla.

Rapportforside med tekst: Museums around the world in the face of covid 19
Unesco-rapport om museum i verda under pandemien

– COVID har gjort noko utenkjeleg ved å skape fenomenet sosial distansering. Dette har brutt opp samfunna våre. I helingsprosessen må vi samle oss att og gjenskape det mellommenneskelege samfunnet, seier direktør ved Museum of Black Civilizations i Senegal, Hamady Bocoum.

Men det er håp. Unesco understrekar at musea har anerkjent og teke på seg den samfunnsrolla situasjonen har kravd. Og at dei har «fornya forpliktinga dei har til forholda i samfunnet i samtida» gjennom fokus på til dømes Black Life Matters-røyrsla og følgene av pandemien.

– Det er viktig å hugse dei tankane me har hatt dei siste månadane. Før eller seinare vil me bli dratt inn i den nye normaliteten og det er lett å gløyme alle dei fantastiske ideane me har hatt under lockdown. La oss gjere mest mogleg ut av desse refleksjonane og sette dei ut i live saman i nær framtid, seier direktør for Nasjonalmuseet for antropologi i Mexico, Antonio Aborit.


Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 2-2021). Kontakt redaksjonen for abonnement på kr. 300,- i året.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse