søndag, 19. september, 2021

MENY

søndag, 19. september, 2021
AktueltUlik koronastøtte

Ulik koronastøtte

Nobels fredssenter er oppgitt over lite bistand frå Kulturdepartementet.

Sidan koronapandemien slo til, har det i hovudsak vore tilskot, stimulering og kompensasjon frå departement og Kulturrådet som har stått for inntektene til dei fleste musea. Men ikkje alle får like mykje hjelp. Museumsnytt har tidlegare skrive om at fleire av musea som får mindre enn 60 prosent av inntektene sine frå det offentlege, har hatt vanskar med å få kompensasjon for tapte inntekter og å finne fram blant støtteordningane. Dei er også hardare ramma av pandemien, då høg eigeninntening har ført til større reduksjon i inntektene under pandemiåret.

I slutten av mars sendte Kulturdepartementet (KUD) ut pressemelding om at 9 av desse musea skulle få ekstra tilskot på til saman 35 millionar kroner. På lista sto dei aller fleste av musea som vanlegvis får tilskot frå departementet, men ikkje Nobels fredssenter.

KJERSTI FLØGSTAD, direktør ved Nobels Fredssenter.
Foto: Johannes Granseth / Nobels Fredssenter

– Det gjer meg veldig skuffa og uroa, seier direktør ved Nobels fredssenter, Kjersti Fløgstad.

Ulik grunngjeving

Ho fortel at museet har nedbemanna med 25 prosent og permittert alle som jobbar i publikumsfunksjonar for å spare kostnadar.

KUD skriv at dei løyver ekstra stønad til dei ni musea for å sikre museumsfunksjonar og sikre at museumstilsette kan vere i arbeid. I tillegg skriv dei at andre kompensasjons- og støtteordningar ikkje er innretta slik at dei tek vare på desse musea på ein tilfredsstillande måte.

– Akkurat det same gjeld jo oss. Men når kulturministeren svarar på spørsmål om kvifor me ikkje fekk meir i tilskot, legg han plutseleg samlingsforvaltning til grunn, seier Fløgstad.

Kulturminister Abid Raja måtte nemleg svare på kvifor fredssenteret var halde utanfor, då Åslaug Sem-Jacobsen (SP) sendte skriftleg spørsmål i stortinget. Då var grunngjevinga at musea på tilskotslista har forvaltningsansvar for store samlingar som krev forvaltning og sikring, i motsetnad til Nobels fredssenter. Han viser også til at fredssenteret står på ein annan budsjettpost enn dei andre musea.

– Eg syns det verkar veldig rart. I den nye museumsmeldinga skriv dei mykje om musea si rolle for demokrati, ytringsfridom og turismen. Me er ein viktig formidlar av den immaterielle kulturarva knytt til Nobels fredspris, og formidlinga vår handlar i stor grad om demokrati og ytringsfridom i så måte, seier Fløgstad.

Ordningar som ikkje passar

I svaret sitt legg statsråden også til grunn at museet søker kompensasjons- og stimuleringsordningane som er tilgjengelege, til tross for at departementet sjølv har skrive at desse er dårleg tilpassa musea.

– I fjor fekk me 1,9 millionar frå støtteordningane, det er ti prosent av inntektsnedgangen me opplevde, seier Fløgstad.

I år har dei allereie søkt stimuleringsordninga om 770 000 kroner til å vidareutvikle fredsprisutstillinga og ei arrangementrekke. Dei fekk 125 000.

– Det er fordi me passar så dårleg inn i desse ordningane. Me skulle mellom anna legge til grunn budsjetterte inntekter, og på grunn av pandemien er dei sjølvsagt svært forsiktige. Hadde eg lagt til grunn normale inntektstal no, ville det vore heilt uansvarleg, seier Fløgstad.

Museumsnytt har spurt KUD om kvifor dei har ulike grunngjevingar for kven som får ekstra løyvingar, og kvifor Nobels fredssenter ikkje fekk. Svaret frå statssekretær Emma Lind er identisk med Raja sitt svar i Stortinget, og utdjuper ikkje dei ulike forklaringane.

Håpar på oppklaring

Kjersti Fløgstad seier ho skal i møte med departementet, og håpar å få større forståing for prioriteringane deira då.

– Me jobbar hardt for å oppretthalde eit museumstilbod også under nedstenginga, og har digitale tilbod som vert mykje brukt. Dei tilsette her jobbar meir enn nokosinne, men om me ikkje får auka tildelingar, vil det gå ut over publikumstilbodet, seier ho.

Heller ikkje Kistefos fekk ekstra løyvingar, det grunnar departementet med at dei hadde ei auke i besøk og inntjening i 2020, og såg det difor ikkje som naudsynt å vurdere ekstra løyvingar til dei.


(Red.anm.) Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 2-2021). Sidan bladet vart publisert i midten av mai har museet hatt møte med departementet, utan at det førte fram. Museet har imidlertid åpna att i juni, på linje med dei andre musea i Oslo.


Kontakt redaksjonen for abonnement til kr. 300,- i året.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse