LederTing Tar Tid

Ting Tar Tid

I mars leverte kulturminister Abid Q. Raja meldinga «Musea i samfunnet. Ting tar tid», unnskyld: «Tillit, ting og tid», til Stortinget.

«Det handler om tempo – fra idé til resultat i seige museumsstrukturer», skriv Maja Musum på s. 44 i dette bladet, som ein av lærdomane Randsfjordmusea har tatt med seg vidare etter prosjektet «Håkon Hacker Museet».

Seige museumsstrukturer. Det er ikkje det at det behøver å vere noko galt i at ting tar tid. Somme ting kan for eksempel tyde på at museumsfolk flest er meir tålmodige enn andre folk. Det er kanskje ikkje så rart sidan jobben deira tross alt er å sjå ting frå evighetens synsvinkel. Og at tid er eit viktig element i museumskvardagen, er vel eit faktum.

Tida kan vere ein slags fiende. Det er tida som går som gjer at samlingane må bevarast skikkeleg og til tider også reparerast. Det er tida som går frå eit museum ser at no MÅ vi få bygd eit vernebygg til denne 140 år gamle jekta som btw. er Nord-Europas største og best bevarte klinkbygde jekte, elles blir ho heilt møllspist av sol og skadedyr, fram til regjeringa fem år seinare finn ut at no satsar vi på kystkultur, så da kaaan vi kanskje klare å spa opp dei 10 millionane (av eit kulturbudsjett på 20 milliardar) til formålet. Den tida – dei fem åra – er ein fiende.

Tida som går når det er pandemi, derimot, har potensiale i seg til å vere meir vennskapeleg. For til fortare tida går i pandemitid, til kortare tid er det til museet i ein hardt råka region kan gjenopne. Til å vere ein type publikumsinstitusjon med særs gode moglegheitar for å ha kontroll over besøkarane sine, har musea tillitsfult og relativt stillferdig akseptert at deira plass for gjenopning er sånn ca. nest sist. Litt på same måte som 35-45-åringane i vaksinekøen, si.

I mars leverte kulturminister Abid Q. Raja meldinga «Musea i samfunnet. Ting tar tid», unnskyld: «Tillit, ting og tid», til Stortinget.

Beklager blødmen, men denne likskapen med Piet Heins kjente T.T.T.-gruk kjem ein jo ikkje unna.

Tillitsfulle har musea også vore i påvente av ein ny politisk retning for sektoren. I tida som har gått mellom Trond Giskes Framtidsmuseum og Abid Q, Rajas TTT-museum har det gått med 12 år, eitt regjeringsskifte, 6 kulturministrar, drøye 10 nye museumssamanslåingar, ein del byråkratiske endevendingar med nye måleeiningar og måleinstrument, og ikkje minst: ei rivande rask teknologisk utvikling som vedkjem musea på eit heilt anna nivå enn for berre 12 år sidan.

Og musea berre: Vi er med!

Tempo der altså. Men litt seige strukturar likevel, for det nitide digitaliseringsarbeidet, det som er ein del av sjølve samlingsforvaltninga, er ikkje alltid høgste prioritet eller det som trekk sponsormidlar. Og plutselig er digitaliseringsverktøya ein starta med utdaterte før ein er halvvegs.

Erindringsvers:

Jeg har skrevet et sted,
hvor jeg daglig må se,
det manende tankesprog:
T.T.T.
Når man føler hvor lidt
man når med sin flid,
er det nyttigt at mindes,
at Ting Tar Tid.

-Piet Hein

 


Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 2-2021). Kontakt redaksjonen for abonnement på kr. 300,- i året.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser