Talde feil

I Statistisk Sentralbyrå sin årlege museumsstatistikk kjem det fram at norske museum fekk 9 prosent mindre offentlege tildelingar i 2017 enn i 2016. På grunn av ein feil viser det seg at den eigentlege nedgangen er om lag halvparten så stor. 

Offentlege løyvingar i alt. (SSB)

Ifølge museumsstatistikken frå SSB, er det ein nedgang på 9 prosent i statleg tilskot til dei norske musea frå 2016 til 2017, noko som vart slått opp i fleire medium. No viser det seg at den dramatiske nedgangen skuldast ein feil i statistikken.

ALVORLEG: Generalsekretær i Norges museumsforbund, Liv Ramskjær, meiner nedgangen i middel til musea er alvorlege, til tross for feil i statistikken til Kulturrådet. Foto: Thomas Johannessen
ALVORLEG: Generalsekretær i Norges museumsforbund, Liv Ramskjær, meiner nedgangen i middel til musea er alvorlege, til tross for feil i statistikken til Kulturrådet. Foto: Thomas Johannessen

Utanom i eit par fylker, er det ifølge statistikken jamt over ein nedgang på nokre få prosent i offentleg tilskot til musea. Men eitt fylke skil seg ut. I Hordaland er nemleg dei statlege tilskota meir enn halverte frå 2016 til 2017. No viser det seg at det er skulda ei stor underrapportering. Feilen vart oppdaga då Museumsnytt såg på saka.
— Dette burde me ha oppdaga før tala gjekk til SSB, og det er ein feil me beklagar veldig, seier Unni Fortun i Kulturrådet.

Det er framleis uklart kor stor underrapporteringa er, så den reelle utviklinga i museumssektoren er usikker.
– Etter ei gjennomgang har me no funne manglande rapportering på vel 130 millionar kroner, seier Fortun. Likevel er det tydeleg at det er ein nedgang i offentlege middel til norske museum, den første nedgangen på veldig mange år.

– Om me no kan rekne med at nedgangen er på 4-5 prosent, er det om lag som venta når me har sett at musea ikkje har fått kompensert for pris- og lønsvekst etter 2013, seier leiar i Norges museumsforbund, Liv Ramskjær.

Ho peikar på at statistikken også viser ein nedgang i tal på tilsette i musea, og på opne kulturhistoriske bygg.
– Det er ei alvorleg utvikling. Den samla statistikken viser at musea har eit økonomisk fall, og må prioritere enda hardare enn dei allereie gjer, seier ho.

Om den store feilrapporteringa seier ho at det kan vere ein konsekvens av harde prioriteringar også i Kulturrådet.
– Dette er kanskje prisen å betale for hestehandelen det var å flytte museumsseksjonen til Bodø, at ein får så store kapasitetsproblem i overgangsfasen at ein ikkje klarar å overskue slikt. Det er jo naturleg at det får konsekvensar når hovuddelen av staben vert skifta ut, seier Ramskjær.

– Feilen i museumsstatistikken skuldast underrapportering frå feltet. Det er sørgjeleg, men tala blir retta opp i museumsstatistikken for 2017, som Kulturrådet gir ut i haust, seier seksjonssjef for museum i Kulturrådet, Ole Jakob Furset til det.

Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 3-2018). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- pr år); post@museumsnytt.no

 



Join the Conversation