Størst på face

Hardanger fartøyvernsenter har svimlande 88 192 følgjarar på facebooksida si, og slår Munch-museet, Nasjonalmuseet og danske Vikingeskibsmuseet i Roskilde langt ned i støvlane på SoMe-plattformen.

I tillegg opplev dei som driv sidene stort engasjement og sterk lojalitet. Den siste videoen museet la ut på Facebook «gjekk viralt» heilt av seg sjølv, med snart 7 millionar visningar då Museumsnytt gjekk i trykken. Talet aukar fortare og fortare. Engasjementet er blitt så stort at det genererer i overkant mykje meirarbeid.
– Når folk spør eller kommenterer i sosiale media så må dei få svar frå oss. Elles mister vi dei att, seier formidlingsleiar Tina Kjerland.

VIKTIGE VIDEOAR

Hausten 2016 hadde museet om lag 5000 følgjarar på Facebook. På halvanna år har talet altså mangedobla seg. Kva er løyndommen bak slik ein suksess? I følgje SoMe-analyseverktøyet likealizer.com er fartøyvernsenteret blant dei beste musea i verda på Facebook. Nett det tek Kjerland med ei klype salt, men noko må liggje bak.

Med filmsnuttar som mellom anna dokumenterer båtbygginga som skjer i senteret, gjev museet meirverdi til følgjarane sine

– Saman med to andre frå Hardanger og Voss museum deltok eg hausten 2016 på eit todagers kurs i regi av Innovasjon Norge. «Hvordan lykkes på nett», heitte det. Vi beit oss nok mest merke i råda for bruk av sosiale medier, og har prøvd å ta innover oss det me har lært, seier ho. Videoane dei publiserer på Facebook og Instagram kan nok ta mykje av æra, meiner Kjerland. Januar 2017 tilsette dei Silje Ensby, som er frilans filmskapar og illustratør med kunstutdanning, i ei 40 prosent prosjektstilling for å produsera innhald til nett, Facebook og Instagram.

– Ho har også vore museumspotet som oss andre. Men det er liten tvil om at ho har eit heilt spesielt tak på dette med å fanga og formidle handverk, skryt Kjerland. Det var då dei begynte å publisere videoane til Silje, at talet på følgjarar skaut fart for alvor. Med filmsnuttar som mellom anna dokumenterer båtbygginga som skjer i senteret, gjev museet meirverdi til følgjarane sine. Det skader heller ikkje at mange er interesserte i tradisjonshandverk, og at videoane har eit litt instruksjonsvideoaktig preg, trur ho.

– Ting som «går viralt» på sosiale medier er oftast enten svært morosamme, ein sjanger me ikkje har prøvd oss på enno, eller har form av tips eller råd. Og der er vi, seier formidlingsleiaren. I tillegg til videoar og bilete, deler museet blogginnlegg frå eigen blogg på Facebook. På fartøyvernsenteret har dei 20-25 handverkarar i sving på senteret kvar dag, og det er fartøyvernkonsulentane og handverkarane sjølve som deler bilete og erfaringar frå oppdraga sine.

– Sidan dei bloggar sjølve, kjem ein tett på. Dei er vår naturlege ressurs, og har mykje spennande for seg. Arbeid med tre, naturmateriale og gamle teknikkar fenger veldig, så både video- og bloggforma passer godt til vårt museum. Sidan me har stadig større del utanlandske følgjarar, er også ein del av blogginnlegga på engelsk, fortel Kjerland.

LOJALITET OG ENGASJEMENT

– Tidlegare bruka vi Facebook mest til å informere om arrangement og andre tilbod. Dette er jo ting det er viktig for oss å nå ut med, men om sida berre byr på slikt kan folk lett bli leie. For å få lojale tilhengarar må ein by på noko meir, seier ho.

Lojaliteten er nok viktig i suksessen til Hardanger fartøyvernsenter. Kjerland kan for eksempel fortelje at det ser ut til at dei fleste ser heile videoane deira, medan det elles i verda er vanleg å regne med eit gjennomsnitt på om lag sju sekunder. Den sist publiserte – som har vorte vist over 6,8 millionar gonger – er på to og eit halvt minutt.

– Ekte engasjement det ser me også på kor mange som deler og kommenterer. Når du går til det steget står du inne for og vil være deg bekjent av at du er interessert i dette.

PLAN, ANALYSE OG PRIORITERING

Kurset dei gjekk på ga mellom anna innføring i bruk av analyseverktøy, slik at ein kan bli kjent med målgruppa undervegs.

båt san fran
TIL SAN FRAN: Leiar av småbåtverkstaden, Peter Helland-Hansen, og lærling Josefine Bill, lagar båtar til heile verda. Båten på biletet vart skipa til San Fransisco. Foto Silje Ensby.

– Me fekk auguene opp for ein del ting. Det er viktig å ha ein plan og følgje den. Etterkvart som me har publisert har me følgt med på kva som skapar respons, og kva som kanskje er meir irriterande og har skapt fråfall. Så har me justert kursen etter det. Hardanger fartøyvernsenter er den største avdelinga ved Hardanger og Voss museum. Av dei 35 faste tilsette ved museumsverftet, er det fleire som bidreg med innhald til nettsatsinga. På museumsavdelinga er det 2,3 stillingar (konservator, formidlingsleiar og marknadsførar) som har kontoret som arbeidsplass. Ingen av dei jobbar med sosiale medier på full tid, men likevel prioriterer dei dette arbeidet.

Arbeid med tre, naturmateriale og gamle teknikkar fenger veldig, så både video- og bloggforma passer godt til vårt museum.

– Det er heilt i kjernen av kva me skal drive med, nemleg vidareføring av tradisjonshandverk. Prosessane blir dokumentert, dette har verdi her og nå knytt til dei aktuelle fartøya og prosjekta, men også for ettertida. Så lenge musea sitt samfunnsoppdrag inneber å være tilgjengelige og nå flest mogleg, meiner Kjerland at dette arbeidet burde verdsetjast meir.
– Det er vel ein tendens til at det ikkje er heilt stovereint å bruke mykje tid på sosiale medier, men om ein kunne rapportert til Kulturrådet på digitale gjestar så ville vi kome heilt i toppen. Tina Kjerland er ikkje redd for at folk sit heime og ser på instruksjonsvideoar i staden for å kome på museet.
– Nei det er heller motsatt. Vi har hatt besøksrekord i år. Og det er mange som skriv i postane at «no må eg kome meg hit». Ein kjenner tross alt ikkje tjærelukta gjennom ein videosnutt.

tinaTINAS TIPS!

❱❱ Finn forma! Ha ein klar tanke om kven du er. Kva kan du begeistre med?
❱❱ Definer målgruppa
❱❱ Set av tid – også til å evaluere og respondere på engasjement
❱❱ Hald deg oppdatert på teknologi

FAKTA // HARDANGER FARTØYVERNSENTER

❱❱ Avdeling ved Hardanger og Voss museum.
❱❱ Aktive på Facebook, Instagram og museumsbloggen www.fartoyvern.com
❱❱ Ny nettside er under arbeid.

FAKTA // FACEBOOK

❱❱ Rosenborg ballklubb: 216 738 følgjarar
❱❱ Dyreparken: 204 826 følgjarar
❱❱ TusenFryd: 195 365 følgjarar
❱❱ Hardanger Fartøyvernsenter: 88 192 følgjarar
❱❱ Munch-museet: 73 033 følgjarar
❱❱ Rockefeller scene, Oslo: 71 156 følgjarar
❱❱ Nasjonalmuseet: 50 330 følgjarar
❱❱ Bymuseet Oslo: 49 858 følgjarar
❱❱ Rockheim 34 658 følgjarar
❱❱ Akvariet i Bergen: 34 050 følgjarar
❱❱ Norsk Teknisk Museum: 32 934 følgjarar

Lista viser tal på følgjarar til nokre utvalde attraksjonar på Facebook. Tala er frå 13. februar 2018.



Join the Conversation