Staten mot staten

I Tyssedal har ein no ein slags catch 22: Eit statleg prinsipp om sektoransvar slår ihjel eit anna prinsipp om å bevare og bruke eit freda kulturminne på best mogleg måte.

Tronaldo

Vern gjennom bruk: Eit freda kulturminne blir vedlikehalde av eit museum og bruka som dette museets viktigaste arena og attraksjon. No kjemper museet om å få behalde denne ordninga, mot ei statsforvaltning som ikkje kan bli einig med seg sjølv.

I tillegg til å vere museet sitt viktigaste museumsanlegg, er Tyssedal kraftverk både vedtaksfreda og del av bevaringsprogrammet for teknisk-industrielle kulturminne. Det er også oppført på landsverneplanen til Statkraft. No står museet i fare for å miste kraftverket som museumsarena, og vedlikehaldet av det freda kulturminnet kan bli redusert til eit minimum.

Sidan 2002 har NVIM hatt ei leigeavtale med eigarane av kraftverket, som også inneber at museet tek seg av kraftstasjonens innvendige vedlikehald. Denne avtalen vart gjort under ei forståing om at museet skulle få tilskot av Riksantikvaren til vedlikehaldet, sidan stasjonen er med i bevaringsprogrammet.

– Utan tilskot kan ikkje museet stå ved leigeavtalen der me tar på oss vedlikehaldet.

No står denne løysinga for fall på grunn av det såkalla sektorprinsippet, som seier at staten ikkje skal gje tilskot til staten. Konsekvensen er at museet kan miste sin største attraksjon. Kraftstasjonen er nemleg eigd av AS Tyssefaldene, eit selskap kor statlege Statkraft har aksjemajoriteten (ca. 60 prosent).

Knut Markhus, direktør ved NVIM
Knut Markhus, direktør ved NVIM opplever det som underleg at sektorprinsippet skal slå inn nå.
– Ingenting nytt har skjedd sidan 2012, då Statkraft fekk aksjemajoriteten i AS Tyssefaldene, seier han. Foto: Agurtxane Concellón

– På grunn av sektorprinsippet har forvaltninga funne ut at me ikkje lenger kan få støtte av Riksantikvaren til vedlikehaldet av det freda kulturminnet. Me opplever det som underleg at prinsippet plutseleg skal slå inn no. Statkraft fekk aksjemajoriteten i 2012, men sektorprinsippet blei ikkje tatt i bruk. Ingenting nytt har skjedd. Utan tilskot kan ikkje museet stå ved leigeavtalen der me tar på oss vedlikehaldet. Dermed kan me miste kraftstasjonen som museumsarena, seier direktør ved NVIM Knut Markhus.

STAT MOT STAT
Sektorprinsippet i statleg sektor inneber at kvar sektor i staten har ansvar for sine eigne kulturminne, og dermed også for finansieringa av vedlikehaldet av dei. Det er på bakgrunn av dette prinsippet at er det utarbeida landsverneplanar i snart kvar einaste statleg sektor i landet.

Riksantikvaren tok i fjor i bruk sektorprinsippet i handsaminga av tilskot til Tyssedal kraftverk fordi Statkraft har aksjemajoriteten i AS Tyssefaldene, og Statkraft ligg under Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). Slik kan ein seie at kraftstasjonen er statleg eigd, altså at AS Tyssefaldene er statleg, og sjølv må finansiere vedlikehaldet av kulturminnet. Men AS Tyssefaldene er også eigd av private Eramet/DNN Industries AS, som har nær 40 prosent av aksjane.

– Det verker som om ein ikkje tek innover seg at AS Tyssefaldene også er privat eigd, og at selskapet blir drive på kommersielt vis, seier Markhus.

– AS Tyssefaldene er klar på at det ikkje vil yta midlar til det innvendige vedlikehaldet på same måten som Riksantikvaren har gjort. Selskapet har frå før det utvendige vedlikehaldet. Kva som skjer når det gjeld tilskot i 2018 er ikkje endeleg avklart når Museumsnytt går i trykken. Markhus meiner KLD og RA bør fråvike sektorprinsippet når det gjeld det innvendige vedlikehaldet i kraftstasjonen. Det meiner også ein fulltallig kulturkomité,som bad KLD om å vurdere dette på nytt i ein budsjettmerknad for statsbudsjettet 2018. Markhus håper komitémerknaden skal bli redninga.

KRAFTSTASJONEN i Tyssedal
KRAFTSTASJONEN i Tyssedal, Hordaland, sto ferdig i 1918. Kraftverket er typisk for pionerfasen i utbygginga av vatnkraft i Noreg og anlegget vart freda av Riksantikvaren i 2000. Foto: Harald Hognerud/NVIM.

–Finansdepartementet sitt rundskriv om prinsippet opnar for at Riksantikvaren kan gje støtte til statseigde føretak. Denne retten bør bli nytta her, når kulturminnet berre er delvis statseigd og det er eit museum som har teke på seg vedlikehaldet, seier Markhus.

– Ein moglegheit kan vere om AS Tyssefaldene ser nærare på eigarskapet.


KVA ER VIKTIGAST?

– Tyssedal kraftverk er eit viktig kulturminne. Det vart freda i 2000 og er med i bevaringsprogrammet. Det skal takast vare på, og vi i Riksantikvaren er ønskjer å bidra til at saken blir løyst, seier Hanna Geiran som er avdelingsdirektør for Riksantikvaren si kulturminneavdeling.

– De meiner det er eit viktig kulturminne, men ikkje like viktig som eit statleg prinsipp?
– KLD har vore tydelege på at sektorprinsippet skal nyttast, og det må vi halde oss til, svarer Geiran, og utdjupar:

– At staten ikkje skal gje pengar til staten for kulturminne som kvar sektor sjølv må ta ansvar for, har vore grunnleggjande politikk i kulturminneforvaltninga i mange år, og er mellom anna tydeliggjort i rettleiaren til arbeidet med dei statlege verneplanane (2005). Dette burde ikkje hindre vedlikehald av bygningen, seier avdelingsdirektøren.

– Men korleis kan ein ivareta begge deler? Kan de instruere AS Tyssefaldene til å vedlikehalde Kraftstasjonen?

– Nei, vi kan berre oppmode, seier Geiran, – No vil eg ikkje forskottera, vi må først snakke med KLD att. Men ein moglegheit kan vere om AS Tyssefaldene ser nærare på eigarskapet, sidan det er eigarskapet som vanskeleggjer tilskotet, seier ho.

KRAFTSTASJONEN i Tyssedal
KRAFTSTASJONEN i Tyssedal sto ferdig i 1918. Kraftanlegget er typisk for pionerfasen i utbygginga av vatnkraft i Noreg og vart freda av Riksantikvaren i 2000. Historiske foto: frå AS Tyssefaldenes fotosamling.

SKAL STERKE GRUNNAR TIL
Nybakt klima- og miljøminister Ola Elvestuen er også tydeleg på at Tyssedal kraftverk er viktig, og ønskjer ei god løysing for bevaringa av anlegget.

– Det er ingen tvil om at Tyssedal kraftverk er eit viktig freda kulturminne. Det er også ein del av bevaringsprogrammet for teknisk-industrielle kulturminner, seier Elvestuen til Museumsnytt.

– Det er ingen tvil om at Tyssedal kraftverk er eit viktig freda kulturminne.

– I kulturminneforvaltninga gjeld ei ansvarsdeling som inneber at den sektoren som eit kulturminne kjem frå, også har ansvaret for å ta vare på kulturminnet og finansiere vedlikehald. I dette tilfellet er det kraftsektoren. Støtteordningane til Riksantikvaren føreset også at hovudansvaret for vedlikehald av kulturminnene ligg i den aktuelle sektoren, forklarar han.

– For å sikre at kulturminner blir tatt vare på, skal det sterke grunner til for å fråvike den ansvarsfordelinga som ligg i dette prinsippet. Eg er kjent med merknadane frå Familie- og kulturkomiteen og vil sjå på løysingar for å sikre at Tyssedal kraftverk vert bevart på ein
skikkeleg måte, forsikrar klima- og miljøministeren.

HAR SØKT OGSÅ I ÅR
Ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum har ein ikkje gitt opp håpet om at løysinga er å fråvike praktiseringa av sektorprinsippet, og har på nytt søkt om tilskot frå Riksantikvaren som før.

– Me har fått melding om at Riksantikvaren og Klima- og miljødepartementet skal snakka saman om saka. Konklusjonen reknar eg med me får i tilskotsbrevet for 2018, seier Markhus.

 

FAKTA //
TYSSEDAL KRAFTVERK
❱❱ Bygd 1906-1918
❱❱ Forsynte fabrikkar og samfunn i Odda og Tyssedal med straum. Var i drift til 1989.
❱❱ Er med i landsverneplanen til Statkraft
❱❱ Vedtaksfreda år 2000
❱❱ Er eitt av 15 prioriterte anlegg i Riksantikvaren sitt bevaringsprogram for tekniske og industrielle kulturminne.

 

FAKTA //
NORSK VASSKRAFTOG INDUSTRISTADMUSEUM
❱❱ Konsolidert tematisk ansvarsmuseum med hovudbase i Tyssedal/Odda
❱❱ Er med i NVE si museumsordning
❱❱ 17 tilsette
❱❱ Tyssedal kraftverk er viktigaste museumsarena, men museet har også vitensenter og fleire bygg i Odda.

 

FAKTA //

Tone W. Trøen, komiteleiar
Tone W. Trøen, komiteleiar

STORTINGETS FAMILIE- OG KULTURKOMITE BER OM EI LØYSING:

[…] Uten ekstern finansiering vil museet måtte trekke seg fra avtalen. Det vil medføre at anlegget blir stående ubrukt med et minimum av vedlikehold mens museets høye kompetanse på ivaretakelse av dette kulturminnet ikke videreføres. Komiteen er bekymret for situasjonen og mener det er grunnlag for å fravike sektorprinsippet, og ber regjeringen vurdere nøye om det er grunnlag for å fravike sektorprinsippet i denne saken, blant annet fordi AS Tyssefaldene kun er delvis statseid og fordi det i Finansdepartementets rundskriv 101 åpnes for at Riksantikvaren kan gi tilskudd til statseide foretak. Komiteen ber departementet gjennom dialog med Riksantikvaren, AS Tyssefaldene og NVIM sikre en løsning for Tyssedal kraftverk som gjør at museets kompetanse på vedlikehold av kulturminnet ivaretas.

(Utdrag frå merknad i statsbudsjettet for 2018)

 



Join the Conversation