Utstillingsrom med skulpturer og veggdekor. Mange av elementa er håndtak.

Nytt bygg, større bygg, nye utstillingar og ei omorganisering av dei gamle. På Museum of Modern Art (MoMA) i New York er det mykje nytt. Med det prøver museet å gjere opp for tidlegare synder, og trekke fram kunstnarar som ikkje har fått den plassen dei burde fått før på grunn av kjønn, nasjonalitet eller etnisitet. Med renovasjon og påbygg skal også museet vere meir tilgjengeleg for folk flest, med nye gratis utstillingar, eksperimentelle rom og større mingleområde.

Andre forteljingar

I andre etasje på MoMA, med rekkverk ned mot inngangen og dei nye delene av museet, er eit heilt rom dedikert til installasjonen Handles av Haegue Yang. Store sølvfarga folietrekantar og ei rekke stålhandtak dekkar veggane.

– Dette er det gamle atriumet til MoMa, og dette verket vart laga på kommisjon til nyopninga av museet, fortel omvisar Paula.

Rundt på golvet står figurar dekka av små bjeller, som i løpet av dagen blir flytta rundt på golvet for å endre rommet medan dei skapar lyd. Verket bygger på lyd og opplevingar frå alt frå sjamanistiske ritual til dagens politiske situasjon.

Etter år med påbygging av museet, stengte MoMa frå juni til oktober for å gjere klart til nyopning med omorganisering av dei faste utstillingane. Etasjane er framleis delt inn i tidsperiodar, men tema, uttrykk og -ismar er stokka om, og romma har namn som «i møte med krig» i staden for tidsepokar eller retningar.

MoMA har lenge fått kritikk for å vere eit alter for den kvite mannlege kunstnaren og prøver, som mange andre museum i desse dagar, å møte kritikken. Meir kvinner, meir etniske minoritetar. Og ei ny utforsking av kunsthistoria. For den versjonen som til no har fått råde, vart i stor grad skriven både av og om dei kvite mennene.

Kunstmarknaden er ikkje veldig likestilt. Kunst av kvinner sel mindre og genererar lågare prisar enn den av menn. Til tross for at det er eit fleirtal av kvinnelege kunstnarar i Noreg, ifølge NRK sto likevel mennene for 90 prosent av kunstomsetninga i fjor. Og det er ein oppgang, talet for auksjonar verda over dei siste ti åra er 98 prosent, viser ei undersøking frå Artnet.

At kunstverda er svært mannsdominert har vore kjent lenge. Aktivistar som Guerilla Girls har sidan 80-talet demonstrert mot overrepresentasjonen av kvite menn i museum og galleri.

Musea har fått kritikk for å ikkje ta meir ansvar for å endre det skeive biletet. Men dei har til no vore seine til bordet. Berre ni prosent av verka innkjøpt av dei største kunstmusea i USA dei ti siste åra av kvinner, tre prosent var av afroamerikanske kunstnarar. Nyleg skapa Baltimore Museum of Art overskrifter for å konstatere at dei berre skal kjøpe kunst av kvinner i 2020. I samlinga si har dei no berre fire prosent verk av kvinner.

Sjølvransaking på Kode

– Me er i ei brytningstid, seier direktør for samling og utstillingar ved Kode i Bergen, Line Daatland. Ho meiner musea no ser nytt på si eiga rolle og åtferd på ein så omfattande måte at me er på veg mot ein heilt ny måte å bruke kunstmusea på.

– I dag har me eit større medvit om kva hol som fins i samlingane og kva utfordringar det gir musea i å spegle eit samfunn, seier ho.

Portrettfoto av kvinne foran et maleri på museet (Kode)
BRYTNING: Direktør for samling og utstillingar på Kode, Line Daatland, meiner kunstmusea er inne i ei brytningstid. Foto: Dag Fosse, Kode

For brytninga er å finne her i Noreg også.

– Når til dømes Nasjonalmuseet tek ansvar for å jobbe med den samiske kunsten, er det eit uttrykk for at no er det rekneskapens time, meiner Daatland.

– Ein jobbar med å betre representasjonen og innhaldet i utstillingar og samling, men også med å undersøke til dømes undertrykkande mønster. I den same trenden ligg meir forsking på proveniens og å undersøke om verka har kome inn i samlinga på ein reieleg måte, seier ho.

I sjølvransakinga ser ein også nytt på korleis ein designar utstillingane. Kunsten er ikkje berre verket lenger; historia og konteksten rundt det er også veldig viktig.

Kode er kjent for å vere nytenkande i utstillingsdesign. Munchutstillinga dei sette opp i vinter, er eit godt eksempel på det. Det 800 kvadratmeter store rommet i Kode 2 var heilt tomt då arbeidet starta. Under renoveringa vart tidlegare utstillingsveggar tekne ned, og Munch-konseptet kunne få bestemme både arkitektur og design, fortel Daatland.

–Med denne utstillinga jobba me for fyrste gong med ein teaterscenograf, og det blei ein veldig fruktbar prosess for oss kuratorar. Scenograf Bård Lie Thorbjørnsen hadde ei genuin interesse for Munch, og me jobba med designet ut ifrå Munch sin kunstnarskap, seier ho.

Med buktande halvveggar som skapar avdelingar i det store utstillingsrommet, og fargeval som gir ulike stemningar, var målet at utstillinga skulle ha ei kjensle av å vere syklisk. På same måte som Munch sine motiv og kunstnaren sitt livssyn var.

– Ingen veggar sluttar heilt, men går over i nye samanhengar, det er ikkje ein tydeleg start og slutt. Me ville gje publikum ei tydeleg kroppsleg oppleving, seier Daatland.

Bilde av avrunda, grøn utstillingsvegg inne på Kode. Fleire Edvard Munch-maleri på veggen.
UTSTILLINGSVEGGANE slynga seg gjennom rommet og gjorde at Munchutstillinga «I oss er verdener» på Kode ikkje hadde ei klar start og slutt, eller skiller mellom romma. Foto: Dag Fosse, Kode

Ei slik haldning gjer det naturleg at også eiga samling vert sett på med langt meir kritiske augo. Ikkje berre er verka i seg sjølve viktige, men også historia og samfunnsstrukturane rundt dei. Ein skal utforske kvifor den kvinneskapte kunsten ikkje har fått plass på veggar og i samling, og når den no får plass skal ein i tillegg kjenne på kroppen kva kunstnaren prøver å sei, og i kva rom den blei skapt.

Meir performance

På MoMA er rom dedikert til installasjon og performance noko av det museet oftast trekker fram i skrytetekstar om det «nye» museet. Det nye studioet skal ha «live-program og performance som reagerer på, stiller spørsmål ved og utfordrar historiar om moderne kunst og den noverande kulturelle augneblinken».

Kunsthistoriker og kvinna bak nettstaden Kunzt.no, Silje Engja Sigurdsen trur kunstnarane også vender seg meir mot ei retning der ein i større grad opplever verka med heile kroppen, og nemner Kode si Chiharu Shiota-utstilling, som besto av eit rom dekka av raud tråd.

– Shiota-utstillinga var ingen provokasjon, men ei oppleving. Og kanskje kjem det meir installasjonar framover, ryktet seier at få kunststudentar ynskjer å jobbe med måleri, og heller vil ha meir handverk. Ein vil ha det meir fysiske, seier ho.

Ho hugsar korleis det gjorde eit veldig inntrykk då ho i 2016 såg korleis ARoS i Århus hadde gått vekk frå den kvite kuben.

– Måleria gjekk liksom igjen i veggane. Som publikumar merkar ein at arkitekturen og interiøret blir tilrettelagt etter kunsten, at den ikkje berre heng på ein vegg og ein går inn og ser den og ut igjen, seier Sigurdsen.

Fleire historier, ny kvalitet

Basisutstillingane ved Kode skal snart fornyast, og Daatland fortel at utfordringa dei har gitt seg sjølve er å lage noko utstillingar for ei ny tid.

– Me ser på arkiv og kontekst på nye måtar, og som fleire andre museum lagar me utstillingar med fleire forteljingar og jobbar med å hente ut dei viktigaste historiene i samlinga, i staden for å lage kunsthistoriske overblikk og overordna samanhengande historier, seier ho.

Sigurdsen håpar oppgjeret mange museum no gjer med eigne samlingar kan føre til ei ny kvalitetsvurdering med dagens briller.

– Det verkar som det er fleire som går gjennom eigne arkiv og finn att gamle skattar. Kanskje får ein då eit nytt blikk på samlinga og kan skape nye opplevingar.

Men i ei tid då det kan verke enkelt å få merksemd og medieoppslag av å gjere sjølvkritiske vurderingar og hente fram tidligare nedprioriterte kunstnarar, er det også viktig å ikkje la seg rive med, meiner Sigurdsen.

– Kvalitet må alltid kome fyrst, også no.

Bilde av kvinne med solbriller som filmar seg sjølv
PERFORMANCE: Silje Engja Sigurdsen frå Kunzt.no trur me vil sjå meir performance framover. Foto: Ingeborg Løvlie


Join the Conversation