Mysteriet om støvet i Kode 1 – ei varsla katastrofe

Då støvet la seg over fleire tusen museumsgjenstandar i Kode 1, låg det ikkje klart noko lag med plast som kunne ta imot det.

TYDELEG: Det er eit tydeleg lag av støv over møblane i magasina i Kode 1. Merka viser kor det er testa metodar for å fjerne støvet. Foto: Maria Pile Svåsand

I staden har betongstøvet lagt seg som eit fint lag av trøbbel over lakka møblar, over utskorne musikkinstrument, over maleri, over sølvtøy og over ryktet til det tradisjonsrike bergensmuseet.

– Eg har ikkje høyrt om ei så omfattande sak som dette før, seier nyleg avgått leiar i Nordisk Konservatorforening i Noreg, Vigdis Vingelsgaard.

Les også lederkommentaren: Redaksjonelle kvaler

Saka ho snakkar om er den at da Kodes bygning Kode 1 – gamle Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum – blei rehabilitert i 2016/2017, oppsto ein støvlekkasje under utvidinga av ei heissjakt. Støvet spreidde seg til tre utstillingssalar. Dei tre salane blei bruka som mellombelse magasin under oppussingsarbeidet.

FRÅ VESTLANDSKE KUNSTINDUSTRIMUSEUM: Gjenstandane er i hovudsak frå kunstindustrimuseet, og består i hovudsak av møblar, gjenstandar i metall, glas, tre og keramikk samt måleri og fotografi. Foto: Maria Pile Svåsand
FRÅ VESTLANDSKE KUNSTINDUSTRIMUSEUM: Gjenstandane er i hovudsak frå kunstindustrimuseet, og består i hovudsak av møblar, gjenstandar i metall, glas, tre og keramikk samt måleri og fotografi. Foto: Maria Pile Svåsand

– Uheldig og beklageleg

Det er mange omsyn å ta under ei omfattande oppussing av eit gamalt hus. Men korleis kan det ha seg at fleire tusen museumsgjenstandar i magasin på museum ikkje har vore sikra betre mot at noko som dette kan skje?

Det var noverande direktør ved Nasjonalmuseet, Karin Hindsbo, som var direktør ved Kode fram til 23. mai 2017. I denne saka har ho gitt eitt sitat, det er som følgjer:

– Støvspreiinga var uheldig og beklageleg. Det vart i kontraktsinngåingar og planlegging lagt vekt på føresetningar om reint og tørt bygg. Eg tok situasjonen på alvor og handsama den basert på kunnskapen som låg føre. Det blei konkludert med at støvet var mogleg å fjerne over tid, utan at gjenstandane ville ta skade av dette. Utover dette må eg vise til dei som handsamar saka i dag, all den tid eg ikkje lenger er direktør for Kode.

– Dette er ein prosess å lære av, og det med å vere nøye på å ha gode og riktige ekspertar med på førebuinga til byggesaker er svært viktig, seier Vingelsgaard.

Ho har tidlegare kritisert Hindsbo for å ha avvikla konservatoravdelinga ved Kode for heller å kjøpe konservatortenester frå eksterne selskap. Sjølv om Kode hadde fagpersonar med under synfaringer og i planlegging og gjennomføring av oppussinga, meiner Vingelsgaard det burde vore meir konservatorressursar med i gjennomføringa.

– Førebygging er det me kan. Under eit byggeprosjekt er det alltid fare for støv, og det skjer alltid noko uførutsett. Difor er det viktig å alltid ha med folk som er utdanna innan konservering for å sjå og å prioritere dei farane som fins. Det er lett å bli den som dei andre syns overproblematiserar, men me har opplevd slike ting før, seier ho.

FRÅ VESTLANDSKE KUNSTINDUSTRIMUSEUM: Gjenstandane er i hovudsak frå kunstindustrimuseet, og består i hovudsak av møblar, gjenstandar i metall, glas, tre og keramikk samt måleri og fotografi. Foto: Maria Pile Svåsand
FRÅ VESTLANDSKE KUNSTINDUSTRIMUSEUM: Gjenstandane er i hovudsak frå kunstindustrimuseet, og består i hovudsak av møblar, gjenstandar i metall, glas, tre og keramikk samt måleri og fotografi. Foto: Maria Pile Svåsand

Ho meiner det er typisk at desse omsyna vert nedprioriterte i ein stor prosess der presset på å verte ferdig er stort, men at konsekvensane vert uventa store når det fyrst skjer noko.

– Det vert som regel større og meir omfattande enn ein trur, og då ville det jo som oftast vore enklare å ha dekka ting til.

Men kva var det som skjedde?

Kven som skal ta rekninga for støvsaneringa er for tida ei uavklart sak mellom Kode, entreprenøren og deira to forsikringsselskap, noko som gjer at det er vanskeleg for dei involverte å gje ut særskilt mykje informasjon. Men me har eit relativt godt bilete av kva som har skjedd, spørsmålet er kva mekanismar som har ført til det.

Så for å ta det frå byrjinga:

I juni i 2016 vart det inngått kontrakt mellom Kode, entreprenør og arkitektar om oppussinga av Kode 1. Under ei synfaring dagen etter at kontrakten vart signert, er det referert at eit av spørsmåla var følgjande:

«Hvordan håndterer man støvproblematikk ifb.m. rive- og byggearbeidet? Dette må planlegges nøye, og sluser el.. må vurderes. Et godt samspiIl med Kode er her viktig for å ha kontroll på evt. avgrensninger og spesielle hensyn til samlingsforvaltningen. Spesielt der arbeidene kommer i kontakt med museets utstillings-/lagringsarealer i 2. og 3. etasje. Dette gjelder spesielt arbeider med utvidelse av heissjakten. Forøvrig er det stilt krav i tilbudsgrunnlaget om at Rent Tørt Bygg (RTB) skal etterleves ifbm med ombyggingen.»

I november vert det klart at det i samband med arbeidet med å utvide heissjakta har kome støv inn i tre salar som vert brukt som midlertidige magasin, og at gjenstandane der no er dekt av betongstøv.

KOMPLEKS: Musikkinstrument som vert omtalt som kompleks i NIKU sin rapport om støvskadane, og som treng nødkonservering før støvsaneringa. Dette gjeld ein del av gjenstandane i magasina, og ressursar til nødkonservering kjem i tillegg til reknestykket for å sanere for støv. Foto: Maria Pile Svåsand
KOMPLEKS: Musikkinstrument som vert omtalt som kompleks i NIKU sin rapport om støvskadane, og som treng nødkonservering før støvsaneringa. Dette gjeld ein del av gjenstandane i magasina, og ressursar til nødkonservering kjem i tillegg til reknestykket for å sanere for støv. Foto: Maria Pile Svåsand

I samarbeid med Museumssenteret i Hordaland vert det starta eit arbeid med å kartlegge skadane og å fjerne støvet. I e-postar seg imellom påpeikar både museumstilsette og tilsette ved museumssenteret at det hastar å gjort noko med problemet. Grunnen er at betongstøvet er etsande, og kan gjere uoppretteleg skade om den kjem i kontakt med fukt.

Det viser seg snart at arbeidet er meir omfattande enn forventa, og at det er vanskeleg å finne ein stad å flytte møblane til etterkvart som dei er reinska for støv. Ifølge ekspertane som er involverte, og den informasjonen Karin Hindsbo får, vert truleg ikkje gjenstandane meir skadd enn dei allereie er, så lenge dei er i rom med stabil temperatur og låg nok fuktigheit. Støvsaneringa vert lagt på is etter kort tid, samstundes som arbeidet med å ferdigstille bygget til opning fortset.

23. mai opnar Kode 1 med brask, bram og dronninga. Det er også den siste dagen på jobb for Karin Hindsbo, som då overtek roret ved Nasjonalmuseet. Og støvet får ligge i fred heilt til Petter Snare startar i stillinga som direktør ved Kode den 1. oktober. Då går det ikkje lang tid før støvet vert teke opp med styret for museet, og meld inn som forsikringssak. Begge deler skjer om lag akkurat eit år etter at støvet fyrst vart oppdaga.

Kan aldri heilgardere seg

Det kjem fram av møtereferat Museumsnytt har fått tilgang til at entreprenøren for arbeidet, Obas Vest, har teke på seg ansvaret for at det kom støv inn i romma som ikkje var ein del av oppussinga. Samstundes seier dei at Kode skulle flytte alt av høg verdi, også frå dei romma.

DIREKTE: I følgje NIKU sin rapport er om lag 1500 av gjenstandane direkte ramma av støv. Foto: Maria Pile Svåsand
DIREKTE: I følgje NIKU sin rapport er om lag 1500 av gjenstandane direkte ramma av støv. Foto: Maria Pile Svåsand

– Dette er veldig leit for alle partar, seier prosjektleiar i Obas Vest, Rune Nilsen.

Han understrekar at det gjennom heile oppussingsfasen var eit veldig godt forhold mellom partane, men seier likevel at sjølv om byggstøv ideelt sett ikkje skal spreie seg til rom som ikkje er omfatta av oppussinga, så kan ein aldri heilgardere seg. Firmaet blei varsla om at det var kome støv inn i magasina undervegs i arbeidet, men ikkje om kor omfattande arbeidet med å reinse tinga ville bli.

– Me var i dialog om det, og undervegs viste det seg at støvet ikkje var så viktig, dei skulle fikse det sjølv, og det vart estimert 100-200 000 kroner i meirkostnadar, seier Nilsen.

Då saka så vart teken opp igjen av Petter Snare, var det blitt til ei langt større sak.

– Når reparering av skadane kostar så mykje som dette, burde det vore teke ansvar for å flytte eller sikre gjenstandane, seier Nilsen.

MERKA viser kor det er testa metodar for å fjerne støvet. Foto: Maria Pile Svåsand
MERKA viser kor det er testa metodar for å fjerne støvet. Foto: Maria Pile Svåsand

I Bergens Tidende har Hindsbo fått kritikk frå både tidlegare Kode-direktør Erlend Høyersten og frå sin eigen styreleiar Henning Warloe for å ikkje ha informert om og handsama saka. Oppryddingsarbeidet har no nemleg fått ein pris, og den er ikkje låg for museet, som i utgangspunktet har ein svært pressa økonomi for tida.

Ifølge Norsk institutt for kulturminneforvaltning (NIKU) vil det ta om lag 6500 timar å reinske alle gjenstandane for støv. I tillegg kjem arbeidet med å flytte gjenstandane til eit midlertidig magasin, og å skifte takkledning og kanskje også lyssettinga i dei tre salane. Eit svært forsiktig anslag av ein pris er ti millionar, ikkje så langt unna dei 14 millionane Kode hadde i negativ eigenkapital i 2017. I tillegg er opninga av utstillingar i dei aktuelle romma i Kode 1 utsett i minst eit år.

Ventar på ei løysing

– Kva som skjedde før mi tid som direktør vil eg ikkje uttale om, men eg har ingen grunn til å tru at dei ikkje har vurdert risikosituasjonen før oppussinga. Det som har skjedd var vel eit uhell, der risikovurderinga ikkje stemte med røynda, seier direktøren som i haust starta i jobben og fekk støvproblema i fanget, Petter Snare.

Det er i hovudsak gjenstandar frå Vestlandske Kunstindustrimuseum som er ramma av støv. Ei rekke av dei skal etter planen på utstilling så snart som mogleg. Men førebels står dei nedstøva i det same magasinet og ventar på ei løysing.

NIKU påpeikar i rapporten at det ikkje er vanleg å pakke inn gjenstandar som møblar og liknande i magasin. Torunn Kojan Bøe ved Museumssenteret Hordaland vil likevel anbefale dette, særskilt i eit bygg som er under arbeid. Det var Museumssenteret som var på synfaring og så vidt starta på jobben med å reinse gjenstandane for støv like etter at det vart oppdaga, seinhausten 2016.

– På generelt grunnlag kan eg sei at me rådar til å dekke til gjenstandar i magasin med ein Tyvek-duk, og under byggearbeid må ein sjølvsagt vere særskilt forsiktig, seier Bøe.

NY I JOBBEN: Petter Snare starta i jobben som direktør ved Kode 1 oktober i fjor. Han tok over støyproblema etter Karin Hindsbo, og medan saka vert handsama av forsikringsselskapa, set Snare opp ei rekke utstillingar i dei andre lokala til museet. Foto Linn Heidi Stokkedal
NY I JOBBEN: Petter Snare starta i jobben som direktør ved Kode 1 oktober i fjor. Han tok over støyproblema etter Karin Hindsbo, og medan saka vert handsama av forsikringsselskapa, set Snare opp ei rekke utstillingar i dei andre lokala til museet.
Foto Linn Heidi Stokkedal

Petter Snare vil ikkje sei meir om kva som har skjedd for at ein skal ha prioritert ned sikkerheita i magasina. Han vel å sjå framover.

– Å løyse problem er ein direktør si oppgåve, ein løyser det som kjem opp på den mest effektive måten. Vi må klare å få ordna opp i dette på ein fornuftig måte, og vi skal ha tinga utstilt att, og salane til bruk, lovar han.

Les også lederkommentaren Redaksjonelle kvaler

Tidsline //Kva skjedde når?

Juni 2016:
– Kontrakt om oppussing.
– Synfaring, der fare for støv blir presisert.
– Byggearbeidet startar.

Nov./des. 2016:
– Det vert klart at betongstøv har kome inn i tre salar brukt som midlertidige magasin.
– Kartlegging av skadane i samarbeid med Museumssenteret i Hordaland.
– Støvsanering byrjar

Vinter 2016/17:
– Støvsaneringa vert førebels avslutta.

23. mai 2017:
– Kode 1 opnar
– Karin Hindsbo sluttar som direktør for Kode

Oktober 2017:
– Petter Snare tiltrer som direktør for Kode
– Styret for Kode vert varsla om støvet
– Saka vert meldt inn som forsikringssak

Fakta // Gjenstandar

Ulike kjelder opererer med noko ulike tal på gjenstandar, men Museumsnytt brukar tal frå NIKU sin rapport frå hausten 2017:
❱❱ Det er minst 3000 gjenstandar i magasina, og alle må gjennom ein saneringsprosess.
❱❱ Ca 1500 av desse er direkte ramma av støv.
❱❱ 665 gjenstandar må finsanerast.

Siste// Ber om penger

9. mai skriv BT at Kode har søkt stat, fylkeskommune og kommune om totalt 12,2 millionar kroner i tilleggsløyvingar til å rydde opp i støvet. Direktør Petter Snare seier til avisa at dei gjer dette for å vere føre var, og fordi dei ikkje reknar med å få alle utgifter dekka av forsikringsselskapet. Forsikringsaka er framleis ikkje avgjort.



Join the Conversation

1 comment

  1. Redaksjonelle kvaler - Museumsnytt

    […] et ganske utvetydig ja, kom vi til etter å ha gått noen runder med oss selv og andre. Når 3 000 museumsgjenstander er dekket av potensielt etsende betongstøv i forbindelse med et oppussingsarbeid, og prisen for å rydde opp ligger i 10 millionersklassen, […]