Museumstidsskriftet går godt

Norsk museumstidsskrift har vore populært medan folk har sitte inne. Talet på artikkelvisningar har auka jamt og trutt sidan lanseringa i 2016, men gjorde eit stort hopp i fjor. Frå under 8000 artikkelvisningar i 2019 til over 12000 i 2020, viser tal som redaktør Elisabeth S. Koren har oppgitt.