Museumsmann på sin hals

I den nordlige delen av ei fragmentert kulturforvaltning, sit ein museumsmann som er opptatt av heilskap og samarbeid og som brenn for utviklinga av betre nasjonale standardar.

MUSEUMSBYRÅKRATEN: Ole J. Fursets tankar om heilskap og andre ting i ei fragmentert kulturforvaltning. FOTO: Frida Bringslimark

Det er fredag før palmesøndag i Bodø, når Museumsnytt møter Ole Jakob Furset, sjefen for museumsseksjonen i Kulturrådet. Lokala er påfallande innreia nøyaktig som på kontoret til Kulturrådet i Oslo, og sikkert også i Trondheim. For i den oppdelte institusjonen skal dei stilreine grå nyansane og den oransje kontrastfarga gi ei kjensle av heilskap lell.

– Ein skal liksom verkeleg kjenne at det er på Kulturrådet ein er, gliser Furset. Lett sarkasme er ein integrert del av eksilbergenseren sin kommunikasjonsform.

HEILSKAP

Det er likevel ikkje sikkert det er så dumt å vektlegge heilskaps- eller einskapskjensle, når ein heil fagseksjon vert flytta frå Oslo til Bodø, og når flesteparten av dei tilsette vert skifta ut i løpet av eit drøyt år. Åtte av ni stillingar i Bodø er no fylt opp med nye, bra folk som vil noko, i følgje sjefen deira. Dei fire stillingane som er att i Oslo står for kontinuiteten i seksjonen, då berre ein av desse er nytilsatt. Til saman er dei fleire enn nokon gong, trur han.

ÅPNING I BODØ: Kulturrådets museumsseksjon avdeling Bodø blei høgtideleg åpna av kulturminister Trine Skei Grande 4. september i fjor. FOTO: Kulturrådet
ÅPNING I BODØ: Kulturrådets museumsseksjon avdeling Bodø blei høgtideleg åpna av kulturminister Trine Skei Grande 4. september i fjor. FOTO: Kulturrådet

Sjefen er altså Ole J. Furset, som byrja i denne jobben i mars i fjor. Før det hadde han vore direktør for Sør-Troms Museum i 17 år. Furset er opptatt av seksjonens overordna rolle og blikk på sektoren.

– Behovet for oss i sektoren er heilt klart. Med eit nasjonalt og heilskapleg blikk kan vi mellom anna bidra til å løfte fram «best practice», dei gode eksempla, og prosjekt med høg overføringsverdi, seier han.

Han snakkar i lys av museumsvurderingane, som seksjonen nettopp har gjort seg ferdig med. Furset meiner at det går framover med musea i Noreg.

– Vi ser mykje godt arbeid, og eg meiner at mange ting er blitt betre enn før. Til dømes er det fleire små museum som har gode prosjekt eller gjer det veldig bra på enkelte områder, men som kanskje ikkje har kapasitet eller ressursar til å vise seg fram og formidle det. Med heile sektoren i bakhovudet kan me bidra til at det likevel kan løftast fram og få ein overføringsverdi.

KUNNSKAPSINNHENTINGSÅRET

Avgjerda om at museumsseksjonen skulle flytte til Bodø kom i februar 2017. I januar 2018 gjekk Venstre inn i regjeringa og overtok kulturministerposten. Februar same år kom Hagenutvalgets rapport med forslag til oppgåveoverføringar til dei nye regionane i samband med regionreforma. Rapporten skapte stor usikkerhet om korleis finansieringsordninga for musea vil bli påverka av reforma, men den største bekymringa til mange museumsfolk vart gjort til skamme da den nye kulturmeldinga kom før jul i fjor: Tredelinga mellom forvaltningsnivåa i finansieringa av musea i Det nasjonale museumsnettverket skal halde fram. Det er likevel varsla at dei nye fylka vil kunne få større økonomisk ansvar, også for musea.

Det er i denne situasjonen at museumsforvaltninga ved Ole J. Furset skal bidra til ei landsomfattande publikumsundersøking, ei landsomfattande bygningsvernundersøking, museumsreforma skal evaluerast, det skal antakeleg lagast ei museumslov og det heile skal munne ut i ei museumsmelding.

SAMARBEID: Furset meiner musea kan dra nytte av større samarbeid på tvers av dagens skillelinjer. FOTO: Frida Bringslimark
SAMARBEID: Furset meiner musea kan dra nytte av større samarbeid på tvers av dagens skillelinjer. FOTO: Frida Bringslimark

– 2019 er det store kunnskapsinnhentingsåret, det er mykje som skal på plass før museumsmeldinga. Dei to undersøkingane vil kvar for seg gi heilt ny kunnskap, som vi treng. Og i slutten av januar fekk vi ut museumsundersøkinga, som er eit ledd i evalueringa av museumsreforma.

MUSEUMSFORSKING

I museumsundersøkinga har museumsleiingane i Det nasjonale museumsnettverket svart på ei rekkje spørsmål. Her trekk musea sjølve fram forsking som den staden skoen trykker mest. Det kjem også fram at det er ei viss usemje knytt til kva som kan definerast som forsking, og at det er dei små musea som slit mest med forskinga.

– Kva kan Kulturrådet bidra med for museum som ønskjer å bli betre på FoU?

– Vi fordelte midlar på programmet «Forsking i museer» i fjor for ei periode på tre år framover. Vi kjem til å følgje desse programma tett opp med samlingar der vi også bruker eksterne ressursar for å bidra til gode prosjekt og sikre overføringsverdi. Her brukte vi også folk med kompetanse på forsking og gjennomføring av forskingsprosjekt. Vi har helt klart ei forventning til at dei som har fått midlar skal bidra til å styrke andre på dette feltet gjennom nettverksarbeid og anna samarbeid. Så vil vi også følgje opp med fagdagar og liknande.

– Av museumsseksjonens 12 tilsette har de éi stilling der «utvikling av museenes FoU-arbeid» er ei av seks oppgåver som er tillagt stillinga. Kor godt er det, når det er openbart at musea treng drahjelp på området?

– Det er kanskje litt svakt, ja.

– Er fagfellevurderte artiklar det einaste saliggjerande?

– Nei, anna FoU-arbeid er også viktig som kunnskapsutvikling for musea. Vi tel det i museumsstatistikken, så sant det vert rapportert. Samstundes er det heilt klart at museumsforsking er det same som anna forsking når det kjem til vitskapeleg nivå. Ein fagfellevurdert artikkel er ein fagfellevurdert artikkel, uavhengig av institusjonstilknyting.

Ein hjartesak for Furset er at musea i større grad ser heile verksemda under eitt:

– Vi saknar at musea ser heilskapleg på arbeidet med forsking og samfunnsrolle, og at det vert betre integrert i heile verksemda. Musea bør bevisstgjere seg på kva FoU-arbeidet betyr og kan bety for sitt museum, og så forankre kunnskapsutviklinga i heilskapen. Det same gjeld samfunnsrollearbeidet. Det bør vere ein samanheng mellom museet si samfunnsrolle, FoU-arbeid, formål, vedtekter og samlingar.

SAMARBEID

Som del av Den Store Kunnskapsinnhentinga og arbeidet med museumsmeldinga, skal Kulturdepartementet og forvaltninga i løpet av 2019 reise landet rundt på «dialogmøter » med musea og regionane. Her er alle musea invitert, ikkje berre dei med finansiering frå KUD. I museumsmeldinga Kulturens kraft står det mellom anna at: «Det er naturleg å drøfte» mogleg samarbeid og konsolidering med museum med tilknyting til andre departement og Sametinget.

– I denne formuleringa framstår det som at ein kunne tenke seg konsolidering mellom alle typer museum. Men er det mogleg (eller ønskeleg) å slå saman museum som f.eks. Norsk vegmuseum og Lillehammer museum?

SPESIELT KLOKKETÅRN: Kulturrådet i Bodø ligg rett ved domkyrkja frå 1956, teikna av Blakstad og Munthe-Kaas. Kyrkja er mellom anna kjent for det frittståande 36 meter høge klokketårnet, og vart freda etter kulturminneloven i 2002 som ein del av etterkrigsarkitekturen i Bodø. FOTO: Frida Bringslimark
SPESIELT KLOKKETÅRN: Kulturrådet i Bodø ligg rett ved domkyrkja frå 1956, teikna av Blakstad og Munthe-Kaas. Kyrkja er mellom anna kjent for det frittståande 36 meter høge klokketårnet, og vart freda etter kulturminneloven i 2002 som ein del av etterkrigsarkitekturen i Bodø. FOTO: Frida Bringslimark

– Akkurat det kan eg jo ikkje svare på. Men i desse formuleringane, og i det at alle musea er inviterte til dialogmøta, ligg det ei større vilje enn før til å sjå heile feltet. Det er samarbeid dette handlar om. Vi skal snakke saman, og eg er overtydd om at vi kan få god effekt av eit større samarbeid mange plassar. Det er mykje å hente begge vegar

PENGAR

Regionreforma står ikkje på agendaen i desse møta, ei heller fordeling av regionale og statlege middel til musea. Det vert ein eigen prosess, fortel Furset.

Signala frå KUD er uansett at fordelingsnøklene kan bli endra i samband med at fylka skal få meir ansvar.

– Er det mogleg å forestille seg at det vert ei utjamning av innsatsen frå statleg hald? At eit museum som frå før får liten andel statlege museumsmiddel kan få meir, medan regionane må bu seg på å ta større del av rekninga for museum dei i dag slepp billig unna med?

– Dette kan eg sjølvsagt ikkje kommentere, seier Furset, og let som ein ekte byråkrat.

Likevel er han «museumsmann på sin hals», seier han. Eit forståeleg sjølvbilde når ein har jobba på museum heile yrkeslivet.

– Korleis har du opplevd overgangen frå museumsleiing til museumsbyråkrati?

– Overgangen frå eit middels stort museum i det nasjonale nettverket er ganske stor. Men no passar det meg svært godt å arbeide overordna og med eit nasjonalt perspektiv, samanstille kunnskap og bidra til utvikling av dei store linjene. At det kjem ei ny museumsmelding gjer jo jobben ekstra spennande.

– Kva har du med deg frå museumslivet som er viktig for denne jobben?

– Eg meiner eg har eit godt grunnlag for å forstå både moglegheitar og begrensningar for institusjonane, med den lange erfaringa eg har frå eit museum. Eg håpar også at dette kan gi grobotn for god dialog.

– Saknar du museumslivet?

– Nei, overraskande nok ikkje.

NASJONALE FØRINGAR

Til no har Furset pendla mellom Bodø og Harstad, men snart flytter han til Bodø. Sektoren kan nok dermed rekne med at han har kome for å bli. Så kva vil han med musea?

– Eg brenn for godt leiarskap, kunnskapsoverføring og betre nasjonale standardar, seier Furset.

– Du brenn for betre nasjonale standardar?

– Ja, eg meiner det må til. Det ligg an til at vi no vil få ei museumslov, og den vil kunne gi nokre nasjonale føringar og forventningar til kva eit museum er og skal gjere. Eg synast det er ein god ting.

– Kvifor?

– Føringar på forvaltning, dokumentasjon, formidling og forsking – standardar som gjer resultata av slikt arbeid målbart og dermed samanliknbart – kan vere nyttig i seg sjølv, men også i ei tid med auka regionalisering.

– Korleis?

– Ein fare ved auka regionalisering kan vere at det får utvikle seg for store forskjellar mellom regionane. Om ein får samanlikna museumsdrifta meir og betre, kan det hindre for stor ulikskap, seier Furset.

Han presiserar at ei museumslov også vil måtte gjelde heile feltet og ikkje berre KUD sine museum. Dette støtter opp under signala om ein ny heilskapleg tankegang, meiner Furset.

– Viss ein meiner alvor med at musea har ei rolle å spele i demokratiet, må ein sjå til at dei held eit visst nivå over heile landet, uavhengig av kva departement dei høyrer til.


OLE J FURSET (54)

❱❱ Seksjonssjef museum i Norsk kulturråd sidan 2018
❱❱ Direktør for Sør-Troms museum, tidl. Trondarnesdistriktsmuseum frå 2000 til 2018
❱❱ Hovudfag i arkeologi (1994)
❱❱ Leiarutdanning (MBA) (2014)

FOTO: Frida Bringslimark
FOTO: Frida Bringslimark

FAKTA // KULTURRÅDETS MUSEUMSSEKSJON

Hovudoppgåver:
❱❱ Rådgjevande organ overfor Kulturdepartementet i museumssakar
❱❱ Sørge for at museum som mottek støtte frå Kulturdepartementet praktiserar og utviklar seg i tråd med vedtatt politikk på feltet


Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 2/2019). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- pr år)



Join the Conversation