Museum med meining(ar)

Sidan 90-talet har staten stilt krav om at musea tek ei aktiv samfunnsrolle, gjennom kulturmeldingar og føringar frå Kulturrådet.

MOTORSYKKELFRIHEIT: Fotoutstillinga av Hells Angels var del av Kulturhistorisk museum si markering av grunnlovsjubileet «Ja, vi elsker frihet». Den provoserte så mykje at det vart ei sak i Stortinget då stortingsrepresentant Anders B. Werp (H) stilte spørsmål til kunnskapsministeren om utstillinga sette grunnlovsjubileet i «en korrekt kontekst». Foto: Marcel Leliënhof

Musea skal fremje demokrati og ytringsfridom, legge til rette for debatt og vere «viktige premissleverandører i et moderne demokratisk samfunn», som det står i stortingsmeldinga Framtidas museum. Dei siste åra er fokus blitt enda meir på å diskutere si eiga rolle og definisjonsmakt, og i den siste utlysinga frå Kulturrådet i programmet Samfunnsrolle og makt stilles større krav til metodikk «… der kritisk formidling og involvering skal sette varige spor i museenes virksomhet.»

Men det er mange vegar til Rom. Musea blir bedne om å ta opp vanskelege tema, å sleppe til dei uhøyrte stemmene, å sjå kritisk på si eiga rolle som historieformidlar, å stille spørsmål ved vedtekne sanningar, utfordre maktstrukturar, og spegle heile samfunnet vårt.

André Larsen Avelin frå Eidsvoll 1814 skriv lenger bak i dette bladet om den nye samfunnsrolla til musea. Han meiner det er behov for ein debatt om korleis det skal gjerast.

For å utfordre etablerte sanningar, både om utstillingstema og om museumsrolla, skapar nokre gongar reaksjonar, og ueinigheit om korleis ein skal gjere det. For kvar er det eigentleg dei norske musea er på veg, og korleis skal dei komme dit?

Makta forpliktar

– Musea må våga å gå inn i ukjent terreng, truverdet deira er ikkje verdt noko viss ikkje dei brukar det til noko, seier Åshild Andrea Brekke om korleis norske museum skøyter samfunnsrolla si.

Ho har lang fartstid i Kulturrådet, og i doktorgradsavhandlinga si har ho undersøkt korleis museum endrar praksis. Tesen er at samfunnsrolla i musea i stor grad blir teken på prosjektbasis. Ho meiner musea sjølv må ta eit større ansvar.

– Informantane mine i musea sa ofte at motivasjonen deira var politikken og krava dei får. Det dei ikkje snakka om, og som er elefantane i rommet, er makt og verdi. Det handlar om at musea har mykje makt og definerer kva versjonar av historia som blir ståande. Dei har seleksjonsmakt, definisjonsmakt og legitimeringsmakt. Det forpliktar, seier Brekke.


ÅSHILD ANDREA BREKKE
❱❱  Disputerte i år med avhandlinga «Changing practices – a qualitative study of drivers for change inNorwegian museums and archives»
❱❱  Tidl. seniorrådgjevar i Kulturrådets museumsseksjon
❱❱  Jobber nå i Kulturetaten i Oslo kommune


Poenget hennar blir forsterka av at så godt som alle eksempla som blir presentert på kva debatt musea har skapt i Noreg, er prosjekt frå Kulturrådet sitt BRUDD-program. Frå 2006-2014 skulle det bidra til at vanskelege historier blei tema på musea, og «utøve en problemorientert samfunnskritisk funksjon», og skulle bøte på mangelen på det. Men ifølge Brekke skjer det ikkje meir når prosjektmidla blir borte.

– Kvifor er ikkje musea ein større del av samfunnsdebatten i Noreg?

– Det har ikkje vore tradisjon for det. Mange er nok litt redde for å bli oppfatta som unøytrale og ikkje objektive. Men ein nøytral posisjonen er òg ein posisjon, den aksepterer den rådande maktbalansen.

Tolerere intoleranse?

Utstillingar om Vidkun Quisling og Hells Angels provoserte mange. Om ein skal pakke ut marginale meiningar og ta dei fram i lyset, eller «no platforming» – å ikkje gje ekstreme haldningar ein arena – er ein lang debatt. Og medan langt dei fleste museumsprosjekt jobbar ut frå å vise dei verdiane dei jobbar for, er det prosjekta som ser nærare på det marginale som får mest merksemd. 

– Er det ein del av samfunnsrolla til musea å vise fram det som kan vere skadeleg for verdiar som demokrati og ytringsfridom?

– Eg trur det nettopp er slike rundar museet må orka å ta med seg sjølve. Kor langt skal ein til dømes tolerera intoleranse? Om musea evnar å skapa eit rom for usemjefellesskap som fører til konstruktiv dialog der det til og med er mogleg å endra standpunkt, så er jo det ei fantastisk flott rolle å ta.

Brekke nemner her Randsfjordmusea, som for eit par år sidan knytte temaet andre verdskrigen til kvardagsrasisme og inviterte både veteranar og frontsøstre til dialogseminar.

«Samfunnsrolla er noko du tek»

I følge Brekke er det nesten ikkje grenser for kva rollar musea kan ta. Ho studerte i England, og såg der museum som bygde verkstader som kunne fungere som både undervisningsrom for museet og som dei kunne låne ut til unge sjølvstendig næringsdrivande utanom opningstidene. Ho er oppteken av at musea tek seg meir tid til å høyre på publikum, spørje kva dei ynskjer av museet sitt.

– Mange museum veit veldig lite om publikumet sitt, og kva til dømes lokalsamfunnet ynskjer av dei. Ein må spørje seg om verdien av å ha huset fullt av turistar heile sommaren, dersom naboane ikkje veit at det er ope om vinteren, seier Brekke.

– Men kva når musea peiker på manglande ressursar og tid?

– Eg vil hevda at når du skreller vekk alle lag med stortingsmeldingar, politiske føringar, strategidokument og tildelingsbrev så handlar samfunnsrolla i botn og grunn om kva slags museum ein eigentleg er eller vil vera.

Brekke meiner at ei aktiv samfunnsrolle krev eit aktivt val, ikkje berre løysing av pålagte oppgåver.

– Som ein av informantane så treffande sa det, «Samfunnsoppdrag er noko du får, samfunnsrolle er noko du tek». Det er altså hovudet og hjartet det kjem an på, ikkje hattane.

«Må tåle kjeft»

Samfunnet er nok ikkje heilt klar over at musea har ei samfunnsrolle som har endra seg ein del dei siste åra, seier Kathrin Pabst, leiar for fagseksjonen ved Vest-Agder-museet.

KATHRIN PABST, Vest-Agder-museet
KATHRIN PABST, Vest-Agder-museet

Pabst har skrive PhD-avhandling om moralske utfordringar museumstilsette møter i arbeid med vanskelige tema.

– Som museum må ein stå sterkt og tåle å bli kritisert, men det krever sin prosjektleiar. Eit eksempel er utstillingane om Wehrmacht i Tyskland for nesten 20 år sidan. Dei endra ideen om historia, om at Wehrmacht ikkje hadde vore «like ille» som andre grupper av NS-regimet. Det førte til at det kom bombetrugslar mot utstillingane og prosjektleiaren måtte ha politivakt. Reaksjonar me ser i Noreg no, med lanseringa av Marte Michelet si bok om kva motstandsrøyrsla i Noreg visste om jødeforfølginga, er også ein konsekvens av at boka rører ved eit bilete som har vore utelukkande positivt. Då er det mange som reagerer veldig sterkt.

– Har musea eit ansvar for å ta «møkka» fram i lyset?

– Når det gjeld vanskelege tema, er det oftare akseptert å fortelje offera si historie. Eit tenkt scenario kan vere offer av overgrep. Hadde me derimot snakka med overgriparen, og fortalt frå den ståstaden, kunne det blitt ramaskrik. Men kva om formålet då er å få fram problemet, for å reagere i forkant der det er mogleg? Det er vanskelege spørsmål. Det viktigaste er at ein ikkje skal gjere noko berre for å få merksemd, ein må alltid ha faglig grunn både for tema og vinkling, seier Pabst.

Museumsfolk som rikssynsarar

At musea opplever sterke reaksjonar på utstillingar, viser vidare at ein del av samfunnsrolla til musea er å ta debatten om akkurat den rolla, meiner styreleiar i norsk ICOM, Paal Mork.

PAAL MORK, Norsk ICOM
PAAL MORK, Norsk ICOM

– Hells Angels-debatten under grunnlovsjubileet viser tydeleg at folk ikkje ser på musea som ein debattarena. Og så vert spørsmålet om det er formatet eller debatten ein debatterer. For seier den debatten eigentleg at Hells Angels ikkje er stovereine nok til å representere ved jubileet, eller seier det noko om at dei ikkje passar på museum, spør han.

Han meiner musea burde ta meir plass i den daglege samfunnsdebatten, og at museumsfolket sit på enormt med kunnskap som berre dei få får ta del i. Men han meiner å sjå tendensar til endring, og trekker fram Museumsforbundet sine arrangement under Arendalsuka og at direktør for Nasjonalmuseet, Karin Hindso, ofte er ute i media med tema ho er engasjert for.

– Men er det på debattsidene og i Dagsnytt Atten musea bør vere synlege?

– Eg syns det, og eg trur jobben med å komme dit ligg hos musea sjølve. Dei må ut med relevante saker til det som skjer, og kaste seg på. Museumsfolk kan fint ta rolla som rikssynsarar, og utfordre gjengangerforskarane. Men journalistane er ikkje vane med at musea kan ha meiningar, seier Mork.

«Eit overskotsprosjekt»

Ole Marius Hylland, kulturhistorikar og fagkoordinator for kulturforsking ved Telemarskforskning, meiner samfunnsrolla fort blir ei prioriteringssak i kvart enkelt museum.

OLE MARIUS HYLLAND, Telemarksforskning
OLE MARIUS HYLLAND, Telemarksforskning

– Musea har fått så mange rollar å fylle, utan at gamle har fosrvunne, at reknestykke ikkje går opp. Noko må prioriterast opp eller ned. Ein må hugse at dei også er materielle institusjoner, og dei har mykje å ta seg av. Debattrollen vil bli eit overskotsprosjekt, om eg skulle gjette, seier Hylland.

Eksempla på utstillingar som har skapt debatt, meiner han er unntaka som stadfestar regelen om at musea stort sett er det han kallar «konsesussøkande harmoniske institusjonar». Men at prosjekt som BRUDD var vellukka fordi det skapte debatt om kva tema ein tek opp, og korleis.

Som debattaktør meiner Hylland det er viktigare at musea bidrar til ein debatt om historie og om musea si eiga rolle som identitesskapar.

– Det er meir aktuelt enn nokon gang. Måten fortellinga blir vist i museet kan utfordrast. Vidare kan ein diskutere om til dømes musea kunne ha formidla ei så ekstrem samtidshistorie som 22. juli. Vågar dei ta i den?

(Les også artikkelen Forvent motstand)

KONTROVERSIELL: BRUDD-prosjektet frå Kulturrådet blei ein paraply for fleire museumsprosjekt som skapte debatt dei åra det pågjekk, frå 2003 til 2014. Til dømes Telemark Museum fekk sterk kritikk for ei utstilling om Vidkun Quisling (2007) der ein la vekt på han som menneske, med ein barndom og ein oppvekst som alle andre. Foto: Dag Jenssen, Telemark Museum
KONTROVERSIELL:
BRUDD-prosjektet frå Kulturrådet blei ein paraply for fleire museumsprosjekt som skapte debatt dei åra det pågjekk, frå 2003 til 2014. Til dømes Telemark Museum fekk sterk kritikk for ei utstilling om Vidkun Quisling (2007) der ein la vekt på han som menneske, med ein barndom og ein oppvekst som alle andre.
Foto: Dag Jenssen, Telemark Museum

Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 4/2018). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300 i året)



Join the Conversation

1 comment

  1. Forvent motstand - Museumsnytt

    […] (Les også artikkelen Museum med meining(ar)) […]