Museum i sanntid

I det same pandemien var erklært, sette musea i gang med å dokumentere den. Å stå midt oppi ein situasjon ein veit at mest sannsynlig vil bli eit kapittel i historiebøkene og eit skille i tida, gjer musea viktigare enn nokon gong.

Portrett av mann, kvinne i sykepleierantrekk og to døtre, i døråpningen til huset sitt

Ved Randsfjordmuseet vart dokumentasjonsprosjektet Koronaarkivet lansert på formiddagen 12. mars, timar før landet stengte. Museet såg det som ei hastesak å dokumentere kva som skjedde.

– Me ville få inn historier og inntrykk i sanntid, og då hasta det, fortel prosjektleiar Kari-Mette Avtjern.

Via ei Facebook-side og ei eiga nettside samla dei inn dagboknotat og historier frå folk flest. Før påske hadde det kome inn rundt 500 bidrag.

– Dei fyrste vekene var det stor aktivitet, men så blei nok folk litt koronatrøtte, seier Avtjern.

Fleire planar

Ho fortel at museet er vane med å jobbe med arkiv og dokumentasjon, og difor fekk opp prosjektet så fort. I ein utviklingsplan frå i fjor, hadde dei planar om aksjonsgrupper for innsamling når ting må skje fort, no fekk dei for fyrste gong bruk for strategien.

Fire personer rundt et møtebord ser på tv-skjerm som viser pressekonferanse
FRÅ KORONAARKIVET: Tilsette i Jevnaker kommune, føl Statsministerens pressekonferanse der dei de strengeste tiltak gjort i landet i fredstidvert presentert 12. mars kl 14:28. Foto: Øyvind Sogn

– Me etablerte gruppa på formiddagen, og dagen etter var nettsida oppe og gjekk. No når ting har roa seg litt ned, og det har blitt tydeleg at dette vil vare ei stund, har dei fleire planar for vidare dokumentasjonsprosjekt.

– Me har fotoprosjektet #sammenhadeland2020 på instagram saman med fotograf Bjørn Tore Stokke. Det skal bli ei utstilling og ei bok til neste år, utandørs, i koronaens ånd, seier Avtjern.

I tillegg samarbeider dei med Norsk Folkemuseum i å samle inn dokumentasjon av 17. mai-feiringa, og dei har planar for å dokumentere årets sommarferie. Dei har også lånt utstillinga «Hjemme hos mennesker med alvorlig og langvarig psykisk sykdom» av Nasjonalt medisinsk museum, og skal sette den i samanheng med intervju om korleis koronakrisa har påverka den pasientgruppa.

– Me var heldige og hadde handlingsrom og fekk tid til å jobbe med dette. No vil me følge situasjonen framover og sjå meir på kva konsekvensar dette får vidare.

– For mykje heimekontor

– Det er for nært eigen navle, meiner direktør for Preus Museum, Ingrid Nilsson om dokumentasjonsprosjekta musea har starta om koronakrisa.

Portrett av kvinne - ansikt
SKUFFA: Direktør ved Preus museum, Ingrid Nilsson. Foto: Helle K. Hagen AS

Under Kulturrådet sitt webinar «Museenes samtidsdokumentasjon i krisetider» var ho ikkje imponert over prosjekta som blei presentert, og syns det var alt for mykje fokus på heimekontora.

– Det manglar dokumentasjon og analyse i ei så viktig tid som dette er. Ein bør sjå betre etter og spørje kva som skjer. Om heimekontoret er det einaste me har dokumentert, så sit me her om ti år – når omtrent alle sikkert har heimekontor, og har lite av verdi, seier ho.

Nilsson peiker på dei store konsekvensane av krisa, som arbeidslause, heile bransjar som er i ferd med å forsvinne og store samfunnsendringar – ikkje heimekontor.

– Desse heimebildene er identiske. Det vert for enkelt, ein må problematisere meir, sjå på vår eigen samfunnsrolle, lokalsamfunnet, kva skjer? Ho syns musea har vore for tradisjonelle i tankegangen når dei har sendt ut ein fotograf i staden for å snakke med folk og utforske kva som skjer. Særskilt sidan det også er ei rekke fotografar rundt i landet som jobbar med eigne prosjekt og kan vere moglege samarbeidspartnarar.

– Ein viser heimekontor fordi det er det som gjeld oss sjølve. Men det er ikkje det som er viktig for samfunnet. Nilsson er opptatt av at ein dokumenterer det som får varige endringar, og ikkje er så opptatt av dei som berre gjeld under krisa.

– Det er det som blir verande endra som er viktig, kven mister jobben, kva betyr dette for folk? Og om det er heimekontoret som gjeld, burde ein gjort ein betre analyse av det. Heimekontor er ikkje nytt, berre omfanget av det. På Preus museum jobbar dei med eit samfunnsrolleprosjekt som går på at alle i dag kan fotografere seg sjølve, og vil mellom anna få eldre til å dokumentere korleis deira kvardag endrar seg med smittevernstiltaka.

– Må ha litt tolmod

Nilsson kritiserer ikkje einskildprosjekt blant dei seks prosjekta som vart presentert på webinaret til Kulturrådet, men eit av musea som presenterte var Randsfjordmuseet. Prosjektleiar for Koronaarkivet der, Kari-Mette Avtjern seier ein må ha litt tolmod.

– Me har aldri dokumentert ein pandemi før, dette er så stort og me hadde ikkje moglegheit til å vite kva me gjekk inn i då det starta, seier ho. Ho peiker på at dei fleste trudde dette ville gå over på nokre veker då tiltaka vart sett inn. Difor sette dei straks i gang det dei kunne for å få dokumentert det som skjedde så fort som mogleg.

– Slik me såg det då, trudde me det hasta å dokumentere noko som ville gå over snart. Me såg kanskje ikkje dei store konsekvensane, men det er sjølvsagt naturleg å dokumentere dei no og framover, seier ho. Ho meiner det er no ein kan ta eit steg tilbake og sjå djupare på konsekvensar og samfunnsendringar.

Pandemidokumentasjonen

Her er nokre eksempel på dokumentasjonsprosjekt i musea. Men det finst mange fleir der ute!

KORONADAGBØKENE: Nasjonalt Medisinsk Museum har fått folk – flest frå helsesektoren men også andre – til å skrive tekstar, foto og video i dagboksform. Poenget er å følgje nokre stemmer i djubda og over tid.

ØSTFOLDMUSEENE: I eitt av sine tre koronarelaterte prosjekt vil Østfoldmuseet gjerne ha lappane som endra åtferda vår i vår. Stengt-skilt, handvaskoppskrifter, informasjonsoppslag, det har ikkje mangla på instruksjonar i papirform i det siste.

FOTOINNSAMLING: Sør-Troms museum ber publikum om hjelp, og samlar inn fotodokumentasjon av kvardagen i Sør-Troms under koronaepidemien.

 

skjermdump
PANDEMISKE OBJEKT: Victoria & Albert dokumenterar pandemien gjennom objekt, men kva objekt kjenneteiknar krisa, og kva seier dei om den? På nettsidene sine har dei eit redaksjonelt prosjekt som tek for seg dei ulike gjenstandane og set dei i samanheng med både pandemien og verda slik me kjente ho ein gong.

 

skjermdump
17. MAI 2020: 17 museum samarbeider om å samle inn minner frå 17.mai i år. Via nettstaden minner.no, som Norsk Folkemuseum står bak, kan folk flest legge inn sine 17.mai-erfaringar frå året utan barnetog.
TOMME SCENER: I fotoprosjektet «Mitt stille land» har Rockheim samarbeida med fotografar i dei største byane i Noreg, og dokumentert tomme musikkarenaer under krisa. Tomt i Grieghallen, tomt på konserthuset, tomt på Samfundet. Bileta kan ein sjå på nettsidene til museet. Foto: Øystein Haara / Rockheim
Mann med pc og kvinne med mobil rundt et bord med mye papirer på. En liten gutt sitter på bordet og leker med en bil
#INNESTENGT: Vest-Agder-museet samarbeider med Barnefilmfestivalen om å dokumentere barn og unge si oppleving av koronakrisa. Dei samlar inn lyd, video, bilete, teikningar og tekst frå dei yngste. Prosjektet skal bli ein dokumentarfilm og ei utstilling. Foto: Oline Hennestad Døble, 9 år
Skjermbilde
HEIMEKONTOR: Det dei fleste (og heldigaste) av oss kanskje kjem til å hugse best frå koronatida, er heimekontoret. Museene i Akershus (MiA) har difor bede om bilete og informasjon om heimekontora til publikummet sitt. På nettsidene kan ein sjå og lese om mange av dei. MiA har også starta eit fotoprosjekt for å dokumentere alt som er stengt og stille i koronatida, og eit prosjekt om butikktilsette og den samfunnskritiske rolla dei har i ei krise.

 



Join the Conversation