Musea reagerer på angrepet på Kongressen

Den amerikanske museumsalliansen (AAM) har kome med ei felles utsegn der dei fordømmer angrepet på kongressen i Washington DC 6. januar.

Musea understrekar at det var eit angrep på demokratiet og samfunnet, og at det var eit resultat av folkevalde sin påverknad og systematisk bagatellisering av rasisme. Vidare understrekar dei at angrepet skjedde i eit museum og museumsalliansen ber musea i USA om å ta kampen mot kvit overmakt og feilinformasjon gjennom kunnskap, empati og å forsterke marginaliserte stemmer.

Gjennom rolla som kultur- og historiefortolkarar og -undervisarar har museumstilsette makt til å oppretthalde demokratiet, sette fokus på hat og kjempe for likskap og rettferdigheit, skriv dei. No jobbar museumstilsette med å finne ut av skadeomfanget på samlingane ved kongressbygget, og ved Smithsonian jobbar dei med å samle inn gjenstandar frå dei høgreekstreme demonstrasjonane.