Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
Fra museumsmagasinetMuse på museum

Muse på museum

I andre etasje i det gamle misjonshuset i Halden sentrum står denne bunken med teaterkulisser lent opp mot ein vegg. Bunken er ein «Korinthisk Søilehal med Apollon og Muser», og vart skaffa til Arendal Comediehuus i 1819.

Annonser

Per Magnus Finnanger Sandsmark, redaktør og dagleg leiar for Allkunne i Nynorsk kultursentrum, kjem i haust med boka Skjulte skattar der han syner fram gjenstandar frå norske museumsmagasin. Sandsmark presenterer Teaterkulisse frå Arendal:

Sidan scena i Arendal ikkje var så stor som i mange av dei europeiske teaterhusa, var det berre plass til Apollon og sju av dei ni musene frå gresk mytologi. Dette kulissesettet har Aust-Agder museum tatt vare på, og saman med kulissene er det deponert til Østfoldmuseene.

Samlingane av kulisser frå Halden og Arendal er den eldste og største samlinga av gjenstandar frå det borgarlege teateret på 1700- og 1800-talet i Europa. Då var kulissane ganske standardiserte. For å setje opp komediar trengte du ei gate, ei stove og ein skog. Skulle du òg ha tragediar i teateret ditt hadde du gjerne behov for ein plass, ein sal, ein park og eit fengsel i tillegg.

Det var profesjonelle målarar som reiste rundt og lagde kulisser for teatera. Skodespelarane var ofte omreisande amatørteatertruppar som nytta standardkulissene som låg klare i kvart teater. I stor grad brukte skodespelarane kvardagskleda sine som kostyme, slik også Nora og Isak i SKAM på NRK hovudsakleg har på seg skodespelarane sine eigne klede.

 3 TING Å MERKE SEG

SYMBOL
Kvar av dei ni musene har eit symbol knytt til seg. Kaliope, musa for episk poesi, har ei skrivetavle.

FERDIGTAPETFIGUR
Musene vart kjøpt som ferdigtapetfigurar i Paris og limt på dei måla kulissane.

PERSPEKTIV
Musene er like høge på alle kulissene, men nisjane dei står i er målt lågare lenger bak, slik at perspektiveffekten vert forstørra.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser