lørdag, 27. november, 2021

MENY

lørdag, 27. november, 2021
AktueltMellom alle stolar

Mellom alle stolar

Nesten eitt av fem museum har ikkje fått noko økonomisk støtte frå offentlege ordningar i perioden med smittetiltak og låge inntekter. Nokre av dei som fell mellom støttestolane er eit knippe museum med god eigeninntening og lite offentleg støtte. 

Med nokre få heiderlege unntak, har musea landet over hatt eit tøft år. Med variert grad av dramatisk nedgang i besøkstala, og periodar med pålagt stenging. I snitt gjekk museumsbesøket ned med over 53 prosent, ifølge Norges museumsforbund si undersøking.

Uavklart situasjon


For nokre av musea har moglegheitene til å få økonomisk kompensasjon for alle dei besøkande som ikkje kom, vore få.

Blant dei musea som har under 60 prosent statleg støtte, er det fleire som fortel Museumsnytt om uoversiktlege støtteordningar, lange ventetider og forvirrande informasjon. I det me skriv mars er det heller ikkje klart om musea vil få moglegheita til å søke kompensasjonsordninga for kultur i 2021.

 

Portrettbilde
UROA: Kon-Tiki-museet hadde ein femtedel av det vanlege besøket sitt i 2020. Direktør Martin Biehl er uroa. Foto: Kon-Tiki-museet

– Me hadde ein femdel av det vanlege besøket vårt i fjor, no veit me ikkje om me får kompensasjon for i år, og me er pålagt å holde stengt. Eg er uroa, seier direktør ved Kon-tiki museet Martin Biehl.

Han har hatt permitteringar og enda med å måtte nedbemanne i løpet av i fjor.

Tom konto

For musea i Oslo, der ein stor del av under 60%-musea ligg, har ikkje kunne opne dørene sidan byen stengte ned i november. Men det er ikkje berre i hovudstaden dei er oppgitt.

– Eg orkar nesten ikkje snakke om det, svarar administrasjons- og økonomisjef i Museum nord, Ole Martin Hammer på spørsmål om korleis dei har opplevd støtteordningane frå det offentlege.

Med ein driftsmodell som er delvis kommersiell og delvis museumsdrift, blei det vanskeleg å søke både den vanlege kompensasjonsordninga for næringslivet og på kompensasjonsordninga for kultur. Den fyrste fekk dei støtte frå, men revisor sa det var ein feil på grunn av skattefri inntekt i museumsbiten. Kulturrådet sa nei til kompensasjonsordninga fordi dei ikkje hadde vore heilt stengt. Det er ei lang historie om søknadar, avslag og råd frå ei rekke instansar. Resultatet er uansett tom bankkonto, tomt museum.

– Heldigvis hadde me eigenkapital etter eit godt 2019, men no er den snart brukt opp. Får me ikkje medvind gjennom 2021 går me konkurs, seier Hammer.

Forskrifter er ikkje ferdige

Det er eit uoversiktleg landskap museumsleiarane gir seg ut i. Frå Kulturrådet kunne dei i 2020 søke kompensasjons- og stimuleringsordningane. Den fyrste går til arrangement som er avlyst, den andre til arrangement som vert sett opp, men med lågare kapasitet. Det var lenge uklart om museum kunne reknast som arrangør, slik forskriftene omtalar søkarane, og om ein i så fall kunne søke som ordinært billettsal eller berre for arrangement ved musea.

For 2021 er forskriftene enda ikkje klare. Kulturdepartementet har sendt ut ei pressemelding for å klargjere at musea kan søke stimuleringsordninga for temporære utstillingar med nedsett kapasitet, men det er framleis ikkje klart om kompensasjonsordninga vil gjelde dei stengte musea eller ikkje. Eller kor stor del av tapte inntekter dei i så fall vil få kompensert.

Sommaren 2020 gjekk for mange museum betre enn dei frykta, men dei aller fleste enda med stor nedgang i besøkstal og inntekter. Kompensasjonen, for dei som fekk det, vart utbetalt i desember.

– At me fekk kompensasjon for sommaren så seint som desember, gjorde at me gjekk i pluss totalt sett, men det gav oss ikkje moglegheita til å gjere så mykje med pengane i løpet av året, seier direktør ved Norsk folkemuseum, Nina Refseth.

KUTTA 29 MILL: Norsk Folkemuseum kutta 29 mill. kroner gjennom permitteringer og å ikkje fylle ledige stillingar i 2020, fortel direktør Nina Refseth. Foto: Camilla Moe Rødven, Studio Prud

Stiftelsen Norsk Folkemuseum kutta 29 millionar i utgifter gjennom å permittere tilsette på våren og å ikkje fylle stillingar som sto tomme. Det har ført til få hender på jobb.

– Eg er urolig, men me ser på kva moglegheiter me har, seier Refseth.

Også dei er blant musea som ikkje veit kva støtte det offentlege vil gje dei i 2021 for tapa gjennom pandemien, men fryktar at dei må dekkje tap opp mot 50 millionar sjølve.

2019 bestemmer

For Skogfinsk museum har ei stor gåveutbetaling i 2019 gjort det vanskelegare å søke støtte for pandemiåret. Grunnlaget for kompensasjon frå Kulturrådet er rekneskapet frå 2019.

– Gåva gjorde at me kom over 40 prosent eigeninntening, og ikkje fekk kompensasjon frå KUD. Men gåva var øyremerkte middel, og ikkje til drift. Me fekk råd om å søke støtte frå Lotteri- og stiftelsestilsynet, og fekk der, seier direktør Dag Raaberg.

Det er fleire museum på lista over tildelingar frå stiftelsestilsynet, som Blaafarveverket og ei rekke bygdemuseum.

Men det er også fleire museum som opplever at tildelingar i 2019 skapar problem for støttesøknaden for 2020. Henie Onstad Kunstsenter fekk avslag på sin støttesøknad, fordi dei har fått støtte til eit utbyggingsprosjekt og dermed har pluss i rekneskapet.

– Men dette er øyremerkte middel som ikkje kan brukast til å dekke kostnadane pandemien har, seier kommunikasjons- og marknadsdirektør Gunhild Varvin.

Dei har klaga på vedtaket frå Kulturrådet, og ventar framleis på svar.

– Absurd

Tilbake hos Museum Nord seier Hammer at han føler det er noko som ikkje stemmer når musea søker hjelp og ikkje får det.

– Det verkar ikkje som det offentlege bryr seg. No er me heilt på sparebluss, og besøksgrunnlaget om me opnar er heller ikkje noko å snakke om, seier han.

Norges museumsforbund har heile tida jobba for at støtteordningane skal hjelpe musea.

– Det er absurd at musea med høg eigeninntjening skal komme dårlegare ut enn resten, med tanke på regjeringa sitt ønske om akkurat høgare eigeninntjening, seier generalsekretær i Norges museumsforbund, Liv Ramskjær.

Portrett
UKLART: Det har vore mykje uklarhet i kva ordningar som gjeld musea og ikkje, seier generalsekretær i Museumsforbundet Liv Ramskjær. Foto: Thomas Johannessen

Ho seier kompensasjonsordninga for dei musea som har storparten av tilskota sine frå Kulturdepartementet har fungert bra. Men at musea som høyrer inn under andre departement, og dei med under 60 prosent eller ingen offentleg støtte, lid mykje meir under pandemien.

Ramskjær seier det har vore frustrerande og krevjande å jobbe for musea sin plass i støtteordningane som kjem, og at det har vore mykje uklarheit i kva ordningar som gjeld dei og ikkje.

– Det vert eit semantikkspørsmål. Det er ikkje openbart at musea er innanfor stimuleringsordninga, slik den siste offentlege versjonen er utforma. Denne veka kom det pressemelding frå kulturministeren om at musea kan søkja stimulering til midlertidige utstillingar, men dette treff ikke dei sårbare stengde musea med låg eller ingen offentleg støtte, seier Ramskjær.

Museumsforbundet håpar også på at det kan verte mogleg å opne opp dei stengte musea for nokre grupper.

– Me har bedt Oslo kommune sjå på moglegheita for å opne for skular, for å avlaste dei i ein krevjande kvardag. Mange har lite opplevingar å sjå fram til i ein stengt by, og så lenge skulane er opne kunne det vore mogleg for dei å besøke museum, då dei er gode på forsvarleg smittevern, seier ho.

Vil ta vare på musea

Ifølgje statssekretær Gunhild Berge Stang i Kulturdepartementet vil ordningane for 2021 ta betre vare på musea enn i fjor.

– Vil musea kunne søke for å få kompensert ordinære billettinntekter?

– Arrangørar som må avlyse eller nedskalere arrangement som følgje av råd eller pålegg frå styresmaktene, kan få dekt ein del av dei uunngåelege kostnadene sine, men ikkje lenger tapte billettinntekter. Arrangørar som har fått tilsegn om tilskot frå stimuleringsordninga, kan behalde ein del av tilskotet dersom dei må avlyse arrangement etter pålegg frå styremaktene. Andre arrangørar kan få kompensasjon frå kompensasjonsordninga. Stortinget slutta seg til dette forslaget frå regjeringa i Prop. 79 S (2020–2021).

Portrett
VIL IVARETA MUSEA: Kulturdepartementet vurderer korleis dei kan ivareta musea med mindre enn 60 prosent offentleg støtte i dei nye ordningane, seier statssekretær Gunhild Berge Stang. Foto: Ketil Frøland, KUD

Ifølgje forskrifta for stimuleringsordninga kan arrangørar som gjennomfører eit billettert kulturarrangement, få tilskot. Tolkinga av arrangementsomgrepet har ført til at stimuleringsordninga for oktober–desember 2020 ikkje trefte heile museumssektoren like godt. Vi vurderer derfor korleis stimuleringsordninga for første halvår 2021 kan ta vare på musea på ein betre måte, seier statssekretæren.

– Kan dei søke komepensasjonsordninga?

– Vi jobbar med utforminga av kompensasjonsordninga for første halvår 2021, og vi tar sikte på å sende eit utkast til forskrift på offentleg høyring tidleg i mars. Vi vurderer korleis vi kan vareta museum med mindre enn 60 prosent offentleg støtte i ordningane.

– Når vert forskrifta til kompensasjonsordninga klar?

– Vi vil informere om ordninga så snart ho er vedtatt.

– Det er særskilt mange museum med lite offentleg støtte i Oslo, der det også har vore stengt i lang tid, vil desse musea få moglegheit til å søke kompensasjon for tapte inntekter i vinter?

– Som nemnt går regjeringa inn for at arrangørar som må avlyse eller nedskalere arrangement som følgje av råd eller pålegg frå styresmaktene, kan få dekt ein del av dei uunngåelege kostnadene sine. Kompensasjons- og stimuleringsordningane vil gjelde for første halvår 2021. Ein kan søkje tilskot for perioden 1. januar til 30. juni. Ordningane vil gjelde for aktørar i heile landet.

– Kvifor er det ikkje ei klar ordning for korleis desse musea, som har størst eigeninntjening (i tråd med regjeringa sine ønskjer), skal komme seg gjennom pandemien?

– Eg meiner at regjeringa har varetatt desse musea på ein god måte gjennom pandemien så langt. Fleire museum – mellom anna Norsk Folkemuseum og Astrup Fearnley Museet – har mottatt støtte frå kompensasjonsordningane for kultursektoren i sommar og haust. Vi jobbar no med å få på plass ordningane for kultursektoren for første halvår 2021. Dei vil vareta musea på ein betre måte enn stimuleringsordninga for oktober–desember gjorde, seier statssekretær Gunhild Berge Stang.

 

 

 

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse