Meir koronadokumentasjon

I vår starta Norsk Folkemuseum innsamlinga av dokumentasjon av folk si oppleving av koronapandemien på nettstaden minner.no. 700 bidrag har kome inn til no. No er minna offentleggjort, og Folkemuseet ynskjer seg meir dokumentasjon frå resten av året med pandemi. – Alt som er skjedd i 2020 i kampen mot pandemien vil uansett bli en del av vår identitet og historie, seier fyrstekonservator Audun Kjus i ei pressemelding frå museet. Det digitale arkivet er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire museum, og innhaldet er allereie teke i bruk av fleire forskarar.