Lyser opp blindsonene

Musea må bli flinkare til å ta ansvar for å nå ut til folk i heile landet, ikkje berre dei som kjem på besøk, meiner direktøren for Nynorsk Kultursentrum.

Per Magnus Finnanger Sandsmark meiner musea sjølve har ansvar for å finne eigne blindsoner, både folk ein ikkje når ut til og tema som treng belysast. For Nynorsk Kultursentrum betyr det mykje reiseverksemd.

– I fjor besøkte me 78 kommunar, det er fleire enn Riksteateret, fortel han.

Dei har 38 utstillingar som dei låner ut gratis, og fem program for Den kulturelle skulesekken. Sandsmark syns dei musea som sit på nasjonalt ansvar må ut for å treffe nasjonalt.

– Dei som kallar seg nasjonale, må vere nasjonale. Det held ikkje med eit nasjonalt namn og adresse i Oslo, seier han.

Ut, ut, ut

Med adresser langt utanfor Oslo, må Nynorsk kultursentrum ut i landet for å treffe deler av publikumet sitt.

– Og det held ikkje med digital formidling, ein kan ha så gode nettsider ein berre vil, det er fysiske møter som gjeld. Å snakke med folk, høyre kva dei er opptatt av og formidle det me har å vise fram, seier han.

I ein bakke med utsikt mot Ørsta, ligg Ivar Aasen-tunet med gamle bygg side om side med signalbygget signert Sverre Fehn. Men å sitte på kontoret i Ørsta og lese Hagen-utvalet si definisjon av nasjonale institusjonar som hovudstadsinstitusjonar, vart provoserande.

– Ein blir ikkje rekna som nasjonal fordi ein ikkje har eit bygg i Oslo, medan me turnerer landet rundt heile året. Eg meiner det nasjonale kravet må gjelde å både dokumentere alle deler av landet, men også å nå ut til alle, ikkje berre vente på besøk.

MØTESTAD: Musea kan lære av biblioteka og deira jobb for å verte ein møtestad for folk flest, meiner Sandsmark. Foto: Svein Olav Humberset

Leiargruppa ved museet fekk i julegåve å reise til nynorskkommunane som ikkje har fått besøk før. Den relativt ferske direktøren meiner ein har eit demokratisk ansvar for å leite opp dei områda og dei menneska som ikkje finn si meining på museet, og gje dei det. For ein institusjon som jobbar for å styrke nynorsken, er det til dømes ikkje berre Jon Fosse som er viktig.

I løpet av få minutt snakkar Sandsmark både om kor viktig prosjektet deira om skeiv litteratur er, om å belyse dei sidene av litteraturen som har fått lite fokus, og om kor viktig det er å møte rånemiljøet i Ørsta.

– Me må ha alle brillene på for å sjå kva blindsoner som fins, både fagleg og med tanke på målgrupper. Ofte går dei to hand i hand. Det gjeld til dømes ei gruppe nynorskbrukarar Sandsmark er svært opptatt av.

– Ifølge forskinga er den gruppa menneske som i minst grad skiftar målform frå nynorsk til bokmål, menn med yrkesutdanninga som bur i nynorskområde. Men dei er også dei som les og skriv minst, og me som kulturinstitusjon møter dei sjeldan.

Rånenynorsk

Dømet er ein mann med namn Gudbrand, ein bilopprettar frå Nord-Aurdal som var avbilda i ein fotoserie om nynorskbrukarar.

– For sånne som Gudbrand, har me lite tilbod. Men det er eit velkjent rånemiljø her i bygda, og dei har ein sterk musikkultur som også er tufta på norsk dialekt, og det er ein kultur me veit lite om, seier Sandsmark. Dei blindsonene musea har på kven dei når, vert ofte også blindsoner på kva som vert dokumentert.

– Min viktigaste jobb som museumsdirektør er å snakke med flest mogleg, og å finne ut kvar møtepunktene våre er. Klarar me ikkje møte alle nynorskbrukarane med det me gjer her, må me ut og høyre kva dei treng. For dei trur han fins, stort sett alltid. Då han tidlegare jobba ved Hauge-senteret i Ulvik, hadde dei samarbeid med vidaregåande skular i området. Å lære om lyrikk vart gjort gjennom å sjå på tekstane til rap-låtar på VG-lista, og på idrettslinja leita dei fram dikt om idrett.

– Gjennom desse fellespunkta kunne me dra vidare inn i det som for dei var ukjent, med ei større kjensle av at det er noko relevant.

For som han seier, for å ta vare på ein (skrift)kultur, må ein dokumentere den. Då vert avstanden til folk problematisk, for medan litteraturen gjer mykje av dokumentasjonsjobben sjølv, er rånemiljøet nok ein stad der ein må oppsøke menneska for å lære meir.

– Me må møte folk fordomsfritt, snakke med dei, finne ut kva dei er opptekne av.

Meir aktivisme

For eit museum som skal vere styrkande for eit skriftspråk som er i mindretal, er ei viss grad av aktivisme naturleg. Nynorsk kultursentrum skal jobbe politisk for å styrke nynorsken, og for at språkpolitiske mål skal oppfyllast. Den førre direktøren, Ottar Grepstad, var kjent for å alltid vere klar for å ta ein debatt i media, og Sandsmark tek med seg tradisjonen vidare. Med god erfaring frå mange år i ungdomspolitikken.

– Me er ein organisasjon som meiner noko politisk, og det er litt ulikt frå andre museum.

Det er ikkje berre språkpolitikk som er på blokka, også kulturpolitikken og museumspoltikken generelt, og om det som gjeld språk innan alle felt.

Sandsmark meiner fleire museum burde ta den rolla.

– Kvifor tek ikkje fleire museum ordet når dei har kunnskap på eit felt. Ta kommunesamanslåinga, kor mykje kunnskap sit ikkje musea på frå historia som er relevant her? Eg er forundra over at ikkje fleire museum seier noko provoserande, smart eller sjølvkritisk om det.

Å ta del i samfunnsdebatten som fagkunnige, bør vere ei naturleg rolle for musea, meiner han. Men også å meine meir.

– Ein treng ikkje alltid ta klare standpunkt, men vise den kunnskapen ein har i aktuelle saker. Kor er musea når ein diskuterer utsjånaden på kommunevåpen?

I si definisjon av kva samfunnsansvaret til musea er, meiner Sandsmark nemleg at dei har ei plikt til å ta vare på kunnskap på feltet sitt, og å bruke det til det beste for samfunnet.

– Ein kan ikkje berre vere ein formidlar av ei koseleg identitetskjensle for eit område eller felt, ein må tørre å ta standpunkt.

– Men skal ikkje musea også representere ein slags nøytralitet?

– Jo. Men det nøytrale ligg i kunnskapen som vert dokumentert, den skal vere forskingsbasert og etterretteleg. Skulen skal også vere nøytral, men det ligg jo eit verdigrunnlag i botn likevel.

VENSTREMANN: Sandsmark har lenge sett mot venstre i politikken, erfaringa derfrå er god å ha som museumsdirektør. Foto: Svein Olav Humberset

Fakta // Per Magnus Finnanger Sandsmark (30)

❱❱ Direktør Nynorsk kultursentrum
❱❱ Tidlegare redaktør i Allkunne
❱❱ Har hatt ei rekke verv i Venstre på kommune, fylkes- og stortingsnivå.
❱❱ Mastergrad i museologi

Fakta // Stiftinga Nynorsk kultursentrum

Eig og driv:
❱❱ Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H Hauge- senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje.
❱❱ Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival og Litteraturdagane i Vinje.
❱❱ Nettleksikonet Allkunne og barnenettstaden Tunkatten.


Dette intervjuet er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 1/2020). Kontakt redaksjonen for abonnement til kr. 300 i året.



Join the Conversation