Kvindemuseet skifter namn til «Køn»

Namneskiftet i Danmark kjem til å treffe betre med endra føremål for museet, seier leiinga. Museet sitt ansvarsområde er kjønna si kulturhistorie, med utgangspunkt i kvinnehistoria. Sjølv understrekar museet at innhaldet kjem til å vere likt, men namneskiftet har skapt høglytt debatt.

1 600 har skrive under på ein kampanje for å stoppe namneskiftet, og hovudargumentet er at om ein skal ha eit kjønnsmuseum, er det ikkje kvinnene sitt vesle tilkjempa territorium ein skal ta av. I debattinnlegga har ord som høgforræderi og knebling blitt brukt om at ordet kvinne forsvinn frå museumsnamnet.

På andre sida har støttespelarar, som direktøren for Sjøfartsmuseet i Helsingør, sagt at det er på tide å ta vekk det spesifikke kvinnenamnet når det skal handle om kjønnshistoria. Nettopp for å gjere museet til ein relevant institusjon for kjønnsdebatt, ikkje berre det museumsdirektøren kallar eit ekkokammer der mange menn ikkje har kjent seg velkomne.