Søk
Close this search box.
Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
ReportasjeKunst på utlån

Kunst på utlån

Nasjonalmuseet sender kunst til alle fylka i landet, Nordenfjeldske kunstindustrimuseum viser den i vindauga og på biblioteka. Sjølv om musea stenger, skal kunsten ut til folket. 

Annonser

Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum er stengt for oppussing på ubestemt tid og Nasjonalmuseet har måtte utsette opninga av det nye museet igjen. Medan musea er stengt, skal kunsten deira få møte nye publikum, og visast i heilt nye utstillingsrom.

– Det er ei storslagen hending for oss! Det er nesten så eg grugledar meg litt, det er noko spesielt med å jobbe med så viktige verk, seier kurator ved Blaafarveværket, Sandra Lorentzen.

Ikoniske verk

Då Nasjonalmuseet offentleggjorde at opninga av det nye museet måtte utsettast til neste år, var Blaafarveværket kjapt ute og spurte om moglegheitene til å låne verk frå samlinga deira.

– Me høyrte at dei utsette opninga, og fekk ideen om at det var mogleg å få låne verk som elles er utilgjengeleg sidan dei er del av den faste utstillinga deira, seier Lorentzen.

Bilde av Theodor Kittelsens maleri Langt langt borte så han noe lyse og glitre (Soria Moria)
LANGT BORTE: Theodor Kittelsen – Langt, langt borte så han noe lyse og glitre, 1900.

På den tida, i november i fjor, hadde dei allereie planar for årets utstilling. Dei vart fort lagt på is, og ei ny utstilling er no utarbeidd på kort tid. I mai opna «Sommereventyr», ei utstilling med fokus på 1800-talskunsten. Medan nordmenn flest må halde seg i nærområdet, får ein her vere med kunstnarane på reiser i inn- og utland.

Verk frå Nasjonalmuseet inkluderer Theodor Kittelsen sitt «Langt, langt borte så han noe lyse og glitre» og kjende verk av mellom anna Harriet Backer, Kitty Kielland og Edvard Munch. Nasjonalmuseet har tidlegare fått kritikk for å ikkje sørge for at kunsten deira i stor nok grad har vore tilgjengeleg for folk sidan Nasjonalgalleriet vart stengt for over to år sidan. No satsar dei stort på utlån i året før nyopninga. I programmet «Kunsten kommer hjem», som Blaafarveværket si utstilling er ein del av, skal kunsten deira ut på tur.

Kunst til folket

– Me skal vise fram kunsten i nord og i sør, til fjells, i bygda, på togstasjonen, under havoverflata og bak fengselsmurane, seier direktør for Nasjonalmuseet, Karin Hindsbo i ei pressemelding.

No skal viktige verk frå samlinga visast på stader dei har ei tilknyting til, og alle fylka i landet skal få besøk av eit Nasjonalmuseet- verk. Til dømes skal J.C. Dahl sitt «Fra Stalheim» visast på Stalheim hotell i Voss, og «Pile o´ Sápmi Supreme» av Máret Ánne Saras skal til Kautokeino. I tillegg skal nokre verk på noregsturné, som «Brudeferd i Hardanger» som skal besøke både fengsel, sjukeheim, verft og asylmottak på ferda.

På toppen av det heile kjem fire samarbeidsutstillingar på plakatane. I tillegg til utstillinga på Blaafarveværket, vert det utstillingar med verk frå Nasjonalmuseet på Teknisk museum, ved De kongelige samlinger og Kunstnernes hus.

– Kunsten er på veg til sin nye heim i Nasjonalmuseet, men den høyrer også heime ute blant folk, seier Hindsbo.

Transitt-kunst

Den same holdninga har museumsdirektør ved Nordenfjeldske kunstindustrimuseum, Sissel Guttormsen.

– Me kallar det Nordenfjeldske Transitt, og verk skal vere konstant på reise dei neste åra, seier ho.

Museet stengte dørene for omfattande rehabilitering den 1. februar. Medan trønderane må klare seg utan å besøke museet i Munkegata, får dei moglegheita til å sjå deler av samlinga til museet både i Trondheim og omegn.

– Me har allereie opna to utstillingar, ei på Hannah Ryggen-senteret og ei på Ringve Musikkmuseum. I tillegg har me nytta dei store vindauga me har mot gata, og stiller ut verk i små monter som blir som titteskap frå gata, seier Guttormsen.

Kunst på biblioteket

Ifølge planen vil det ta fleire år å gå gjennom 30 000 gjenstandar i magasina på museet, og på veg mot nytt magasin, håpar dei å kunne vise fram mange av dei på ulike arenaer.

– Det er viktig at me held oss relevante medan museet er stengt, både i samarbeid med resten av MiST og med andre utstillingsstader, seier Guttormsen.

Målet er å besøke alle kollegamusea i Museene i Sør-Trøndelag (MiST), bruke museet sine utstillingslokale ved Stiftsgården, Austrått og Hannah Ryggen-senteret, og samarbeide med andre.

– I sommar skal me opne eit minimuseum ved Trondheim hovudbibliotek, og skal samarbeide med folkebiblioteka om utstillingar rundt i bydelane, seier Guttormsen.

Det er framleis usikkert når museet vil opne igjen, og om det vil bli i same form som no. Det kan verte mogleg å samlokalisere Nordenfjeldske med Trondheim kunstmuseum. Guttormsen seier dei jobbar ut ifrå eit mål om å opne museum att i 2030.


Artikkelen er hentet fra papirutgaven av Museumsnytt (nr. 2-2021). Kontakt redaksjonen for abonnement på kr. 300,- pr år.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser