– Kunnskap er likestilling

Marit Myrvoll vil lære den norske majoriteten meir om minoriteten, berre slik kan kulturarvane våre verte likestilte, meiner ho.

– Musea sit på ein enorm kunnskap, og har ei viktig rolle i å gjere kulturarvane i Noreg meir likestilte, seier Marit Myrvoll.

Leiaren av det samiske utvalet i Norges museumsforbund og museumsleiar ved Várdobáiki sámi musea/samiske museum meiner den samiske kulturarva enda har langt å gå på veg inn i den kollektive kulturhistoriske forståinga i Noreg.

flytter
FLYTTEFOT: Várdobáiki samiske museum har nyleg flytta til nye lokale i Evenskjer. Åtte år etter at museet vart etablert får det no utstillingsareal og magasin. FOTO: REIDUN SOLHEIM

 

 

 

KUNNSKAP DET VIKTIGASTE
– Eg har halde foredrag på vidaregåande skular i Nord-Norge, og elevane visste ikkje korleis det samiske flagget ser ut, eller i kor mange land det bur samar. Det seier seg sjølv at dei ikkje likestiller seg med noko ein ikkje veit noko om, seier Myrvoll.

Ho er utdanna lærar og sosialantropolog, og skreiv mastegrad om demokratiseringa av det tibetanske samfunnet i eksil. På slutten av 80-talet var ho sentral i arbeidet med å starte Sametinget, og har seinare jobba i både privat og offentleg forvaltning innan kulturminnevern. Ho har vidare vore forskar ved Norsk Institutt for Kulturminneforsking (NIKU). I doktorgradsavhandlinga si skreiv ho om samar si religiøse verkelegheitsforståing, og ho har skrive ei lang rekke publikasjonar om samisk tru, kulturarv og identitet.

Noko av lærarbakgrunnen ligg der nok framleis, for ho meiner skuleverket og utdanninga vår er blant dei viktigaste faktorane om dei to kulturhistoriene i Noreg skal kunna likestillast. Ho har sjølv mellom anna bidratt med bøkene.

«Samene – ett folk i fire land» frå 1999 og «Gávnos» frå 2007, ressursbøker for lærarar i grunnskulen.

– Utan kunnskap vil det ikkje vekse fram ei forståing hos majoriteten for urfolk sin kultur, språk og historie. Den nasjonale læreplanen har kunnskapsmål om samiske forhold på kvart klassetrinn. Likevel har elevar med 13 år på skule bak seg nesten ikkje noko kunnskap om samar. Korleis er det mogleg at skuleverket ikkje tek dette på alvor?

Somme meiner samefolkets dag den 6. februar burde verte til ein fridag, men Myrvoll er sterkt ueinig.

sitatikon Målet må vere at samiske forhold ikkje blir tenkt på som særinteresser av norske myndigheiter

– Slik det er no er det ein dag som gir ei kjempemoglegheit til å sette fokus på ulike samiske spørsmål, og der me vert inviterte til både media og læringsinstitusjonane for å snakke om dei. Jobben som museumsleiar har ho hatt i tre år, og med mange år bak seg i samesakas teneste, var det å gå til musea eit naturleg neste steg.

– Eg søkte jobben for å få jobbe med samesaker på fulltid. Det er ei enorm oppgåve, og veldig lite ressursar. Me forvaltar heile densamiske kulturarva, og den er jo akkurat like stor og omfattande som alle andre folk si arv.

BERØRINGSANGST
Myrvoll vil til livs både det politiserte og det politisk korrekte der samiske forhold møter majoritetssamfunnet, og trur det er viktig for å nå fram.

– Mange samfunnsinstitusjonar nedprioriterer samiske forhold, men det trur eg mellom anna heng saman med at ein politiserer dette for mykje. Det vert med
ein gong snakka om aktivisme. For eksempel trur eg mange lærarar kvir seg for å snakke om det fordi dei er redde for å sei feil og ikkje vere politisk korrekt nok. Då får me ei berøringsangst, og det igjen handlar jo om at heller ikkje dei har fått sjansen til å lære nok om emnet. Ho nemner eksempel som omgrepsbruk og stereotypiar som framleis lever.

– Ta til dømes ordet «lapp», som jo fins i til dømes litteraturen. For meg som same er det eit tilsvarande ord som «nigger». Mange veit nok kanskje at det er nedverdigande, men dei veit gjerne ikkje historia bak orda, og er difor redde for å diskutere det.

– Vert framstillinga av samiske forhold i norsk kulturhistorie stilisert?
– Ja, det er ofte veldig stereotypisk. I stor grad vert den samiske kulturen framstilt som om den har vore stilleståande sidan førmoderne tid.

sitatikon Ein lagar altså ei nasjonal reform utan å nemne Sametinget og samiske forhold

MUSEUM Å LENE SEG PÅ
– Korleis kan du som museumsleiar bidra til den utdanninga som manglar?

– Me kan jobbe mot auka bevisstgjering, og så driv me sjølvsagt ein veldig viktig formidlingsjobb.

Myrvoll skryt av dei ikkje-samiske musea si formidling av det samiske i dag, og seier mange er veldig flinke. Me er avhengig av dei andre musea, for å få ut bodskapet. Eg opplever at dei ikkje-samiske musea også gjerne er med på å synleggjere samisk historie og samfunn, og har veldig god kompetanse på feltet. Særlig om dei lokale forholda som me kanskje ikkje kan alt om. Vidare peikar ho på at dei samiske musea som institusjon også er viktig for samar som enkeltindivid og minoritet i lokalsamfunna sine.

– Når ein har institusjonar som musea, kan det lette på det personlige presset i det som vert opplevd som ein antisamisk kvardag. Særskilt der samane er i mindretal og ein har ei kjensle av å måtte forklare seg, eller å bli angripen for å har rettar som ikkje fins. Då er det godt å ha ein institusjon som kan ta dei tinga, som kan arrangere seminar og sette fokus på det.

– Så dei blir som ein slags formalisering av identiteten?
– Ja, det kan ein godt sei. Samiske institusjonar blir ein slags støttepåle å lene seg mot.

sitatikon Som leiar i samisk museumslag krev eg at myndigheitene no prioriterer Saemien Sijte

MÅ IKKJE VERE SÆRINTERESSE
– Ser du på deg sjølv som ein aktivist?
– Ja. På ei side er eg aktivist for Tibet-saka, som eg har engasjert meg for i snart 30 år. Men her heime har eg jo smått vore samepolitikar, før Sametinget var oppretta. Og du kan sei at det å vere leiar for samisk seksjon i Museumsforbundet er ei form for aktivisme. Eg ynskjer jo å oppnå ei likeverd mellom dei ulike kulturarvane her i landet. Eg syns det er kjempeviktig at ein lærer om samisk historie, samfunn og kultur i majoritetssamfunnet for å få kunnskap og forståing for den. Elles har me samar som minoritet tapt. Noko av det som buttar imot, er at dei samiske musea ikkje vert inkludert i den nasjonale museumspolitikken.

– Sidan dei samiske musea ligg under Sametinget, blir dei ikkje ein del av resten av politikken på feltet. På den måten havnar alt som har med samiske forhold å gjere i eit slags strukturelt parallellsamfunn. Ho peikar på den mykje omdiskuterte regionreforma som døme.

– Ein lagar altså ei nasjonal reform utan å nemne Sametinget og samiske forhold.Det er 29 år sidan det fyrste Sametinget vart valt, men det har likevel ikkje gått inn i samfunnsstrukturen og den norske tankegangen skikkeleg enda. Målet må vere at samiske forhold ikkje blir tenkt på som særinteresser av norske myndigheiter.

– Men er det den beste løysinga at dei samiske musea ligg innunder Sametinget?
– Det kjem an på kva perspektiv ein ser det frå. Det handlar også om sjølvråderett. Sametinget skal vere overordna for samiske forhold i Noreg. Det er naturlig. Men Sametinget får mindre og mindre pengar, og me skjønar at musea ikkje alltid får det me ynskjer. Det er ikkje gode kårfor samisk kultur i dette landet no.

LANG PROSESS
– Sjølv sit ho som museumsleiar for eit museum som 8 år etter det vart starta endeleg har fått eit bygg der det faktisk er utstillingslokale og magasin. Dei er no på flyttefot, og skal få sett opp ei basisutstilling i nye lokale i Evenskjer. Men det er andre som ikkje har dei lokala dei treng.

– Eg vil hevde at det er ganske kritisk at det sørsamiske museet – Saemien Sijte – har venta på nytt bygg i over 30 år. Samstundes som det veks opp andre museumsinstitusjonar elles i landet. Det er sjølvsagt behov for dei og, eg vil ikkje sette det opp mot kvarandre. Men ein skulle jo sjølvsagt ynskje at ein fekk dei samiske institusjonane ein treng. Som leiar i samisk museumslag krev eg at myndigheitene no prioriterer Saemien Sijte.

Kapasiteten til dei samiske musea vert eit viktig poeng i arbeidet med repatrieringsprosjektet Bååstede, der over 2000 gjenstandar skal tilbakeførast til dei samiske musea frå Folkemuseet og Kulturhistorisk museum i Oslo.

– Dette er jo ein enormt positiv prosess, men det er ein lang prosess. Dei samiske musea må gjerast i stand til å ta imot gjenstandane og formidle historia på ein god måte. Det gler eg meg til.

 

Marit Myrvoll
AKTIVIST: Marit Myrvoll har engasjert seg i Tibet-saka i snart 30 år, og var sentral i arbeidet med å starte Sametinget på 80-talet. Ho tenkjer at det å vere leiar for samisk seksjon i Museumsforbundet òg er ei form for aktivisme. FOTO: REIDUN SOLHEIM

 

MARIT MYRVOLL (F.1964)
❱❱ Sosialantropolog (PhD)
❱❱ Leiar av Samisk Museumslag sidan oktober 2017
❱❱ Museumsleiar ved Várdobáiki samiske museum sidan 2015

FAKTA // VÁRDOBÁIKI SAMISKE MUSEUM
❱❱ Del av Várdobáiki samiske senter i
Evenes kommune
❱❱ Etablert i 2010.
❱❱ Lokalisert i Evenskjer
❱❱ Museumsansvar for markesamisk og sjøsamisk kultur i Nordre Nordland og Sør-Troms
❱❱ Driftsansvar for Gállogieddi samiske friluftsmuseum.
❱❱ Flytta nettopp til nye lokale med utstillingslokale og magasin.

FAKTA // SAMISK MUSEUMSLAG
❱❱ Ein av ni fagseksjonar i Norges museumsforbund.
❱❱ Skal fremme samarbeid mellom museum og kulturverninstitusjonar i Noreg som har samisk kulturhistorie eller kulturvern som del av sitt arbeidsområde.



Join the Conversation