Hanna Mellemsæther

BARE GJØR DET!
Museene i Sør-Trøndelag MiST, 2017

Alle veit at musea skal vera universelt utforma og at ein skal strekke seg langt for å legge til rette for å vera relevant for eit mangfaldig samfunn. Men kva tyder alle desse utrykka om tilgjengelegheit og mangfald, kva seier lovverket, kven samarbeider ein med, korleis kjem ein i gang, kva kostar det og kva er godt nok? Dette, og mange andre spørsmål, har Hanna Mellemsæther adressert i denne lettleste og oversiktlege handboka i tilrettelegging av museum. Boka er basert på interne kurs i MiST, FunkTek-prosjektet i Gøteborg og erfaring frå ei rekke nasjonale og internasjonale prosjekt. Gjennom ni kapittel går boka rett på sak og gir lesarar både konkrete og gode råd for å komme i gang, og ik-kje mist inspirasjon til å finne dei enkle løysingane som gjer at ein kjem vidare. Utan å røpe for mykje kan ein vel seie at tittelen summerer godt opp tilnærminga til tilgjengelegheit i denne handboka. Boka anbefalast på det varmaste til alt frå formidlarar, designarar, direktørar, konservatorar og teknikarar til styremedlemmer og samarbeidspartnarar.

Handboka kan lastas ned som PDF frå:
https://mist.no/bare-gjor-det eller bestillast frå post@mist.museum.no

 



Join the Conversation