torsdag, 5. august, 2021

MENY

torsdag, 5. august, 2021
KronikkHardingfela.no – med samhandling som rettesnor

Hardingfela.no – med samhandling som rettesnor

I 2016 starta Voss og Hardanger eit prosjekt som skal rekruttera til spel på, og dans til hardingfele. I staden for å byggja opp ein ny institusjon etablerte dei eit heilskapleg fellesprosjekt som det er lett å beskriva som vellukka, skriv pensjonert museumsmann og kulturbyråkrat Magne Velure. 

Tittelen hardingfela.no sender dobbel melding: på den eine sida eit signal om ei digital heimeside, på den andre sida eit språkleg imperativ, hardingfela no – dvs. no trengst det ein innsats for hardingfela!

Spelemannsmiljøet i Hardanger

I den eigne historieforteljinga skriv hardingfela. no at initiativet kom frå spelemannsmiljøet i Hardanger i 2008. På den tid var dei lokale/regionale aktørane på hardingfelefeltet:

  • aktive spelemannslag (Hardanger, Voss og Kvam)
  • sterke innslag av hardingfelemusikk i kommunale kulturskular
  • folkemusikksamling og arkivfunksjon + omfattande felesamling på Hardanger folkemuseum, Utne
  • fylkesmusikarar i folkemusikk med lokalisering på Utne og Voss
  • Ole Bull Akademiet på Voss, som i samarbeid med Universitetet i Bergen gjev formell utdanning i tradisjonsmusikk. Akademiet har i tillegg ansvar for folkemusikkfestivalen Osafestivalen og driv med hardingfelemakeri gjennom eit driftsselskap.

Tankane om eit hardingfelesenter fekk prioritert plass i museumsplanen til Hordaland fylkeskommune 2011-2015 med Hardanger og Voss museum / Hardanger folkemuseum som hovudansvarleg.

Kvifor hardingfelesenter?

Dei neste åra vart det laga to rapportar, ein intern forprosjektrapport (2013) og ein ekstern rapport, som var ferdig sommaren 2014: «Hardingfela.no. Hovedprosjekt – forretningsplan». Sjølve hovudspørsmålet – kvifor treng me eit hardingfelesenter – får i begge rapportane eit svar som tek utgangspunkt i ein påstand om at hardingfela ikkje har den plassen som ho fortener i samfunnet. Med kulturhistoriske argument byggjer rapportane opp ei forteljing om at det trengst ekstra innsats for å styrkja hardingfeletradisjonane.

Ung gutt som danser hallingdans
NØRINGEN er eit Hardingfela.no-prosjekt der barn i Hardanger og Voss lærer lokale songar, dansar og møter folkemusikkinstrument og andre folketradisjonar gjennom kulturskulane.
Foto: Ingerid Jordal

Hardanger og Voss er eit markant hardingfeleområde, og har vore det frå fyrste stund. Ein botnplanke i argumentasjonsrekkja er UNESCO-konvensjonen frå 2003 om vern av immateriell kulturarv. Bodskapen er eintydig: Det er berre Noreg som kan ta vare på hardingfeletradisjonane i full breidd.

Gode grep

Berre i den fylkeskommunale museumsplanen er nemninga «nasjonalt senter» brukt. Prosjektrapportane understrekar i staden at utgangs- og tyngdepunktet må vera lokalt/regionalt, men at aktiviteten skal samarbeida med andre aktørar innanfor feltet og på den måten spela ei nasjonal rolle.

Rapportane tek til orde for eit samlande perspektiv på korleis ein bør arbeida med hardingfela. Konkret inneber det at aktiviteten i eit hardingfelesenter må sjå musikkuttrykk, dans og felemakararbeid som ein heilskap. Det var ei fornuftig tilnærming.

Når det kjem forslag om nye tiltak i form av eit senter, fylgjer det nesten automatisk eit ynske om å etablera ein ny, sjølvstendig institusjon – noko ein i forprosjektet òg argumenterte for. Det er difor interessant at forretningsrapporten peika på ei anna løysing. I staden for ein ny institusjon var forslaget at dei to operative aktørane i feltet, Hardanger og Voss museum og Ole Bull Akademiet, skulle etablera hardingfela. no som eit felles prosjekt og tiltak.

Slik vart det. Sett i ettertid var – og er – ei fellesløysing det mest fornuftige. På den måten kan dei to hovudaktørane styrkja den eigne aktiviteten gjennom å samarbeida om tiltak som ingen av dei ville hatt musklar til å gjennomføra kvar for seg.

Aktivitetane

I kortform kan aktiviteten i hardingfela.no samanfattast på denne måten:

  1. Nøringen – kulturarv for dei minste. Dette reknar hardingfela.no sjølv som det mest omfattande prosjektet så langt. I skuleåret 2018-2019 fekk kring 80 born i Hardanger og Voss gjennom kulturskulane læra seg lokale songar, dansar og møta folkemusikkinstrument. Dei fekk innblikk i lokale mattradisjonar, høyra soger og segner, vera med på å klippa sau, karda, spinna, farga ull, slakta, trekkja garn, pressa eplesaft og mykje meir. Attåt fekk alle barnehagane i Odda og Jondal fire besøk kvar med song, dans og musikk. Hardingfela.no var pådrivar, søknadsskrivar og samordnar i eit omfattande opplegg. Smart nok gjennomførte dei ei brukarundersøking av tiltaket og fekk gode tilbakemeldingar. Dermed kan dei justera opplegget der det er nødvendig. Etter prosjektperioden vidarefører fleire kulturskular delar av opplegget.
  2. Med utgangspunkt i prosjektet Folkedans i Hordaland har aktiviteten for dansen vore omfattande. Det er snakk om dansesamlingar for store og små, t.d. folkedanssalongar i samarbeid med lokale lag og/eller folkemusikkmiljø. Eit anna tiltak vert kalla Oldefars «dansemoves», der deltakarane gjer seg kjende med og lærer seg dansetradisjonar frå arkivmateriale. Frå og med hausten 2019 har Hordaland fått tildelt midlar frå Bygda dansar-prosjektet, finansiert av Norsk senter for folkedans og folkemusikk. Aktiviteten det fyrste driftsåret har vore sterkt prega av korona-restriksjonar.
  3. Utan tvil kan ein hevda at hardingfela. no legg stor vekt på rekruttering. Mellom anna har unge, lokale folkemusikarar sidan 2016 fått høve til å opptre med konsertar i dei ulike museumstuna til Hardanger og Voss museum. Under Osafestivalen kvar haust vert det arrangert eit storkurs for born og unge, UngOsa. Endeleg skal nemnast ein enkel katalog over instruktørar i musikk og dans som lokale lag kan bruka.
  4. Det einaste «reine» hardingfeletiltaket er Master Class Hardanger – å læra av meistrane. Knut Hamre har vore primus motor sidan 2013, og opplegget gjev deltakarane, inntil åtte om gongen, høve til å fordjupa seg i einskildslåttar med Knut Hamre som hovudlærar. Hamre har no overteke ansvaret for tiltaket i samarbeid med hardingfela. no. Tiltaket har fått ein avleggjar i 2018, Master Class Hardanger – vokal, med Berit Opheim som hovudlærar.
  5. Den siste tilveksten er Morgondagens felemakarar, eit prosjekt der seks ungdomar i løpet av tre år skal byggja sine eigne feler. Tiltaket er i samarbeid med felemakarverkstaden, eit underbruk av Ole Bull Akademiet.

I tilskotsbreva til musea frå Kulturdepartementet hausten 2007 vart det opplyst at Noreg hadde ratifisert UNESCO-konvensjonen om vern av immateriell kulturarv, og at dei skulle rapportera kva aktivitetar dei hadde, som var relevante for konvensjonen. Som byråkrat i Kulturdepartementet hende det eg fekk spørsmål om kvifor musea skulle rapportera om dette – dei arbeider jo med den materielle kulturarven.

Stundom spissformulerte eg svara mine og sa at dei gode musea var aktive både på det materielle og immaterielle feltet. Dei hadde forstått at skiljet mellom materiell og immateriell er ein kunstig konstruksjon, og at kulturhistorisk kunnskap som oftast vil ha innslag av både materielle og immaterielle kulturuttrykk. Hardingfela.no illustrerer den innbyrdes samanhengen mellom det materielle og immaterielle.

Suksessfaktoren er samarbeidet

For ein som i nær 50 år har sett ulike typar kulturprosjekt koma og gå, er det overraskande lett å beskriva hardingfela.no som eit vellukka tiltak. Suksessfaktoren har vore det tette samarbeidet mellom eit museum, Hardanger og Voss museum, og ein institusjon som representerer utøving og opplæring, Ole Bull Akademiet.

Ute i eit bygdetun, kvinne spelar hardingfele medan ei gruppe born og eldre held kvarandre i hendene og dansar rundt felespelaren
UNGOSA 2020: Under Osafestivalen kvar haust vert det arrangert eit storkurs i musikk og dans for born og unge.
Foto: Ingerid Jordal

Å kombinera det dokumenterande perspektivet til museet med opplæring og utøving i akademiet gjer at Hardingfela. no kan gå inn i feltet med eit heilskapssyn: det materielle og immaterielle er ein heilskap, musikken, instrumentet og dansen heng saman. Det tener prosjektet til ære at dansen kom så sterkt med frå fyrste stund. Det var naturleg sidan musikken står mykje sterkare i utøvarmiljøa enn dansen. Det er også positivt at prosjektet heile tida har navigert i regionen utan nasjonale pretensjonar.

Ikkje ein informasjonsportal

Å vera vellukka etter fem års drift betyr ikkje at framtida er utan utfordringar. Prosjektet starta i det gamle Hordaland fylke med fylkeskommunen som ein viktig økonomisk bidragsytar. No heiter fylkeskommunen Vestland og omfattar òg det gamle Sogn og Fjordane. Det er også eit viktig hardingfeleområde. Med fylkeskommunen som framtidig medspelar må Hardingfela.no samhandla med alle relevante miljø i Vestland. Det bør kunna gå bra. I tillegg står det enno att å utvikla tettare samarbeid med andre regionale aktørar som arbeider med hardingfeletradisjonen, t.d. i Telemark, Setesdal og Valdres.

Hardingfela.no kan lett oppfattast som ei internettadresse der me kan finna alt som er viktig og relevant om hardingfela. Det gjer me ikkje. Nettsida er på ingen måte ein portal ut til all nettbasert informasjon om hardingfela og hardingfelemusikken. Og slik bør det vera. Det finst uhorvelege mengder nettbasert info der ute om hardingfeletradisjonen. Eit enkelt søk på Google fortel at det (april 2021) er over 228 000 oppslag om «hardingfele», store mengder foto, over 16 000 videoar. I tillegg finn me tusenvis av oppslag på Digitalt museum, i Nasjonalbiblioteket og mange regionale og lokale arkiv. Dei som vil, kan arbeida seg gjennom denne informasjonen. Ja, det krevst trening i å bruka søkjemotorar og ikkje minst kjeldevurdera materialet. Men har nokon vondt av det? Eg trur hardingfela.no skal konsentrera seg om den rekrutterings- og utøvarfokuserte aktiviteten i mange år framover, og helst i samarbeid med andre viktige aktørar i folkemusikkmiljøet.


//Hardingfela.no

  • Er sidan 2015 eit samarbeidstiltak mellom Hardanger og Voss museum og Ole Bull Akademiet. Hovudmåla med tiltaket er:
    • å gje hardingfelemiljøet gode vekstvilkår
    • auka interessa og forståinga for hardingfela, folkemusikken og folkedansen lokalt, regionalt og nasjonalt, og å bringa tradisjonsmusikken og tradisjonsdansen ut i verda til eit stort publikum
    • å sikra at tradisjonar og handlingsboren kunnskap kring instrumentbygging, musikk og dans vert dokumentert og vidareført.
  • Tiltaket har ei detaljert samarbeidsavtale mellom dei to institusjonane. Avtala regulerer administrative og økonomiske tilhøve.
  • Fylkeskommunen og folkemusikkmiljøet, lokalt og regionalt, er representerte i eit råd.
  • Prosjektkoordinator kom på plass hausten 2015, i tillegg vart det engasjert prosjektleiar for dans frå 2016 i prosjektet «Folkedans i Hordaland».
  • Grunnfinansiering er sikra gjennom Kulturdepartementet, fylkeskommunen og dei to samarbeidande institusjonane.
  • Hardingfela.no skal aktivt søkja om midlar på eiga hand til ulike tiltak og prosjekt.

Portrett av mann med mikrofon i handa
Magne Velure.
Foto: Thor Hauknes

Artikkelforfatteren // Magne Velure:

er pensjonert museumsmann og kulturbyråkrat. I åra 1972-1993 arbeidde han ved Valdres Folkemuseum, Nordiska Museet, Hardanger folkemuseum og Maihaugen. De Sandvigske Samlinger. Han var leiar for utvalet som i 1996 presenterte NOU-en Museum. Mangfald, minne, møtestad. I tida deretter var han i Kulturdepartementet, der han m.a. arbeidde med byggjeprosjektet til Nasjonalmuseet på Vestbanen. Sidan 1960-talet har han vore involvert i oppgåver i folkemusikk- og folkedansmiljøet.


Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 2-2021). Kontakt redaksjonen for abonnement til kr. 300,- i året.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse