Hold deg oppdatert - meld deg på vårt nyhetsbrev
AktueltFortsatt skeivdeling på Vestlandet

Fortsatt skeivdeling på Vestlandet

Museumsdirektør i Rogaland er lei av å vente på at staten følger opp med midlar når dei har «gjort alt rett».

Annonser

Haugalandmuseet har omorganisert, konsolidert og tatt eigarskap til samlingane. Sidan 2019 har dei hatt éin eigar og éi driftseining, med eitt styre. Eigarstifting er nedlagt, og eigarskapet og styringsretten til alle samlingane er overført Haugalandmuseet AS.

– Det har vore ein lang og krevjande prosess, men no har vi åtte einingar i selskapet som er organisert på ein og same måte, og dermed reell moglegheit til å drive heilskapleg samlingsutvikling, seier direktør Mads Ramstad.

Tilskotet frå kommunane tredobla

Som følge av omorganiseringa og eit tett arbeid opp mot kommunane, fekk museet i 2019 meir enn tredobla tilskotet frå kommunane, frå to til sju millionar kroner. Den lokale andelen av offentleg driftstilskot til museet har såleis auka frå 17 til 37 prosent, då statleg og regional driftsstøtte ligg på staden kvil. Statleg andel har falt frå 40 til 31 prosent. Det er det lågaste i landet, snittet ligg på rundt 60 prosent frå staten.

Museet har fått skryt og anerkjennelse av kulturministeren for arbeidet dei har gjort, men inga økonomisk uttelling. No søkjer dei om auka driftstilskot frå staten for fjerde året på rad.

– Er det ingen mekanismar som slår inn når regionale og kommunale tilskot aukar? Hadde det vore motsett så hadde vi jo forventa at kommune og fylke følgde opp, seier Ramstad.

ENDRINGSVILJE: Museumsdirektør Mads Ramstad meiner Kulturdepartementet bør gå gjennom korleis dei statlege midla vert fordelt til musea. Foto: Grethe Nygaard/Haugalandmuseet.

Han kan heller ikkje forstå kvifor det skal vere så stort spenn mellom fylka.

– Det vert så ein nesten lurer på om det speglar ei verdivurdering, om kulturarven i enkelte delar av landet er mindre verdt enn andre, sett frå statleg hald.

– Treng føreseielege rammer

For to år sidan avdekte Museumsnytt at det er svært store skilje mellom regionane i andelen statleg versus regional driftsstøtte. Da var hovudfokuset på at Hordaland hadde låg andel statleg støtte, men det kom også fram at Rogaland låg omtrent like lågt. No ligg Rogaland enda lågare, etter at kommunane auka støtta til Haugalandmuseet.

– For oss handlar ikkje dette om Kode versus Nasjonalmuseet, eller Hordaland, Rogaland eller Oslo. Det handlar om at ein treng føreseielege og gode rammer for å kunne drive godt, uansett kor ein ligg i landet, seier Ramstad.

– Dei seinare åra har jo også musea blitt mykje likare kvarandre på mange måtar, gjennom at dei same krava blir stilt til oss alle, seier han.

I dei nemnte Museumsnytt-artiklane i 2019 forsøkte vi å få svar på kvifor fordelinga av statlege middel er så ulik, og kva som ligg til grunn. At det er historiske årsakar visste vi frå før, og noko av forklaringa finn vi i finansieringssystemet musea hadde frå 70-talet. Kulturdepartementet sine svar på spørsmåla frå Museumsnytt den gong handla nettopp om dette.

Museumshistorikken er framleis forklaringa

– Haugalandmuseet har teke dei grepa som departementet har bede musea om å gjere. Kvifor har ikkje da departementet følgt opp den auka løyvinga frå kommunane?

– Kulturdepartementet er kjent med at Haugalandmuseet over lang tid har arbeidd med å finne rett måte å organisere verksemda si på. Museet står i dag fram som eit godt døme på korleis slikt arbeid kan gjerast på ein god måte. I dei årlege budsjettsøknadane til departementet ber dei fleste musea om auka driftsmidlar med gode faglege grunngjevingar. Som på alle andre samfunnsområde må det likevel gjerast prioriteringar innanfor tilgjengelege budsjettrammer. Det vart ikkje funne rom til å prioritera driftsauke til Haugalandmuseet, svarar statssekretær Emma Lind i Kulturde­partementet.

Ho legg til at KUD har prioritert auka midlar til fleire støtteordningar og tiltak innanfor heile kulturfeltet i 2020 og 2021 på grunn av covid-19-pandemien.

– Haugalandmuseet har fått budsjettmessig utteljing frå desse både i samband med RNB (revidert nasjonalbudsjett) 2020, statsbudsjettet 2021, RNB 2021, og dessutan stimuleringsmidlar til innkjøp av kunst i 2020 og 2021 (totalt 4 millionar kroner), seier ho.

– Skal det vere eit prinsipp i den tredelte modellen at dei andre forvaltningsnivåa følgjer opp når eitt aukar løyvingane?

– Staten praktiserer ikkje eit slikt prinsipp. Men det er ikkje uvanleg at fylkes­kommunar og kommunar fylgjer opp statleg auke med auka tilskot frå si side. I dei årlege tilskotsbreva til musea skriv me at «fylkeskommunar og kommunar som nyt godt av musea sin kompetanse, formidling og andre tenester, har eit grunnleggjande delansvar for finansieringa av musea». Med dette ynskjer me at regionen medverkar med minst 40 prosent av finansieringa, men det finst døme på regionar som ikkje bidreg i det heile (eller svært lite) og døme på regionar som bidreg mykje (Vestland og Rogaland).

Somme konsoliderte museum har opp mot 80 prosent av sine driftsmiddel frå staten, medan somme er langt nede på 30-talet, som Haugalandmuseet. I museumsmeldinga står det ikkje noko særleg om finansieringssystemet.

– Finst det vilje i departementet til å sjå nærmare på finansieringsgrunnlaget, eller er ein tilfredse med desse forskjellane?

– Musea i Noreg hadde ulikt økonomisk utgangspunkt då museumsreforma vart sett i gang. Museumshistorikken i Noreg er nokså ulik i ulike regionar. Som følgje av museumsreforma har staten løyvd monalege midlar til museum rundt omkring i landet og på denne måten løft den statlege delen i ulike regionar. Likevel pregar museumshistorikken framleis den offentlege tilskotsfordelinga ved norske museum. Det vil elles alltid vere gode faglege grunnar for å auka tilskota til musea rundt omkring i landet. Dette eit budsjettspørsmål som må handterast som ein del av dei ordinære budsjettprosessane, svarar statssekretæren.

Ramstad er medviten om at prioriteringane dei siste budsjetta frå Kulturdepartementet har gått med på ulike stimulerings- og koronanødløysingar.

– Eg har forståing for det, men denne saka går langt både forut for og etter pandemien, seier han.

– KUD burde vise endringsvilje

Han er ikkje overraska over svaret frå departementet, men meiner det er på høg tid at ein arbeider fram ein ny plan og fordelingsnøkkel for driftstilskot frå dei ulike forvaltningsnivåa, slik at det gir meining for regionane å arbeide fram betre lokal finansiering.

– Dei siste 20 åra har musea vist end­ringsvilje gong på gong. Kan vi ikkje forvente det same av Kultur­departementet når det gjeld føreseielege tilskotsordningar for tiåra som kjem? Kvifor skal til dømes nokre kommunar finansiere berre 10 prosent av driftstilskotet, medan andre dekker nærare 40 prosent, spør han.

Eit anna grep meiner han kunne vere å faktisk belønne musea som gjer akkurat det departementet ber dei om, som for eksempel å ta eigarskap til samlingane og rydde opp i organisasjonsstrukturen.

– Det er rett at staten gjennom museumsreforma har auka tilskota, men er det ikkje vilje til å endre museumshistorikken – eller kva det no er – når skeivdelinga fortsetter? Er ikkje kulturarven like mykje verdt i heile Noreg?


Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 3-2021). Kontakt redaksjonen for abonnement til kr. 300,- pr år.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse
Annonser