mandag, 14. juni, 2021

MENY

mandag, 14. juni, 2021
Fra museumsmagasinetFillehaugen frå Havrå 

Fillehaugen frå Havrå 

Norske museum har 55 millionar gjenstandar på magasin. Her er nokre fillete sokkar, presentert av Soveig Jordal, avdelingsleiar ved Osterøy museum (MuHo).

❱❱ Gjenbruk: Vi kan sjå at brotet og oversida av foten er ulike frå solen, og at den strikka solen er sydd på oversida. Det tyder på at den opprinnelege sokken har vorte så utsliten i hæl og sole at den er klipt og rekt opp og det er strikka ny hæl og sole – som igjen har vorte utsliten og holete.

❱❱ Forsterka og bøtt: Det er sydd på stoff under foten, som ei forsterking, men både utanpå forsterkinga og elles under foten er sokken bøtt. Bøtene er både påsydde strikkelappar og tråd som er sydd inn for å utfylle hol.

Desse fillene låg i ein sekk med tøy og tøyrester som Osterøy museum fekk frå garden Havrå i 2017, og for museet var det ei sjeldan gåve. Av stoff og klesdelar fann vi at dei kunne vere frå 1950-talet eller eldre. Det var mykje restar av strikk, og aller mest av sokkar som var bøtt og bøtt på nytt og utanpå der att.

Måten plagga ei slitne på fortel om livet som barn, eller arbeidskvardagen for dei vaksne. Lange barnesokkar er slitne og bøtte i det uendelege på knea. Måten dei er stoppa og bøtt på, om att og om att, til vi ikkje lenger kan sjå verken hælfellingar eller mønster, kan fortelje om knappe ressursar. Men det fortel også om eit levevis der det å ta vare på, og ikkje kaste, var ein verdi og ein leveregel. Her vart kvinnene sin dugleik tydeleg i korleis dei tok vare på kleda til familien.

 

fillete sokk
FINSOKK: Dette har vore fine strikkasokkar med brot til å bretta ned, utanpå skoa. Foto: Monika Ravnanger, Osterøy museum

❱❱ FINSOKK: Dette har vore fine strikkasokkar med brot til å bretta ned, utanpå skoa, og dekorert med mønster av blå og grå sjakkruter. Også her er både hæl, sole og tå-partiet strikka nytt. Her er også påsydde forsterkingar av stoff under solen og solen er bøtt i mange omgangar. Her har eigaren også vore uheldig å få eit hol oppå foten som er stoppa med vevsaum.


Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 2-2021). Kontakt redaksjonen for abonnement til kr. 300,- i året.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse