Fant igjen stolen kunst

Tre stolne måleri av kunstnaren Bror Hjorth er funne igjen i Sverige. Måleria vart stolne frå Bror Hjorths hus i Uppsala, under eit innbrot i 2017. Dei skal vere verd fleire millionar kroner. Bileta vart funne under ein større aksjon i ei sak rundt grovt heleri.