mandag, 14. juni, 2021

MENY

mandag, 14. juni, 2021
ReportasjeEndringsvilje

Endringsvilje

Kva prosjekt har endra museet til det positive? Museumsnytt har stilt spørsmålet til ei rekke museum, her er tre forteljingar om aha-opplevingar og nye praksisar. 

Museumsinstitusjonane er i konstant endring. Trendar, teknologi og publikum sine ynskjer stiller stadig nye krav og gir nye moglegheiter. Frå den kvite kuben til digitale verktøy til opplevingsforventningar har musea alltid prøvd seg fram for å finne den beste måten å formidle kunst, kultur, historie og vitskap. Her kjem nokre av forteljingane om prosjekt og nye praksisar som endra måten ein har jobba på til det betre.

Ein heilt ny måte å sjå museum på

Ei utstilling retta mot born og unge endra heile ideen om kva Sortland museum skal vere.

Seabed var allereie eit ambisiøst prosjekt då det starta. Med eit tidobla utstillingsbudsjett som vart til undervegs, og eit heilt nytt fokus på born og unge, vart resultatet revolusjonerande for det vesle lokalmuseet i Vesterålen.

– Den store augneblinken som endra oss som museum for alltid, var då eg såg alle tårene. Å stå framfor born som gret når dei ser bilete av dyr som har vikla seg inn i plastavfall og garn, og så begynnar å snakke og snakke om korleis dei kan endre dette, gjer inntrykk, fortel einingsleiar ved Sortland museum, Ane Høyem.

I Vesterålen er havet dominerande, og målet med utstillinga var å sette fokus på akkurat det.

SNUDD HEILT OM: Dette prosjektet har snudd heilt om på korleis eg tenker om museum, seier einingsleiar ved Sortland Museum, Ane Høyem. Foto: Elin Mathiassen

– Me lever midt i eit av dei viktigaste områda for naturressursar, og ville vise både det fantastiske havet og verda der, og presset det er under, seier Høyem.

I utstillinga er alt av bilete og objekt frå under vatn. Museet fekk laga kunst spesielt til Seabed, og ein går gjennom ei undersjøisk verd frå det magiske til eit rom der ein møter plast og avfall akkompagnert av videoar om trugsla mot livet i havet. Utanom storleiken på budsjettet, var også det tydelege fokuset på barn og unge, nytt. På kvar plass i utstillinga skulle det vere noko å gjere for dei, og det gav utslag på besøkstala.

– Me hadde ei auke på 300 prosent. Det gjorde at me slo fast at me frå no av skal satse på born og lokalbefolkinga, seier Høyem.

I tillegg til utstillinga, laga museet ein konferanse for barn og ungdom. Dit kom forskarar og ekspertar for å fortelje om plastforureining og påverknad av havet og livet der, og ungdomspolitikarar fortalde om å ha blitt mobba av vaksne politikarar for å engasjere seg i det.

Ut frå Seabed-utstillinga har prosjektet Gaia Vesterålen vakse fram. Eit forskingsprosjekt, ein 3D-modell av Vesterålen og korleis klimaendringane endrar området, og eit containermuseum i pensjonerte kjølecontainerar som kan fraktast rundt og settast opp andre stadar.

– Gaia Vesterålen er vårt svar på kva me vil vere som museum, som ein aktør i samfunnet og ei plattform for å få folk og aktørar til å jobbe saman, seier Høyem.

Dei skal inngå kontraktar med lokalsamfunna om bærekraftig utvikling, og jobbar allereie saman med lokalbefolkinga om korleis det heile skal sjå ut.

– Til og med sonen min på 4 år har meiningar om korleis me kan betre Seabed-utstillinga, eit viktig moment i prosjektet er at ingen er for små til å vere med å påverke samfunnet, seier Høyem.

Då fargane kom til Kode

Å male museumsveggane i fargar var starten på eit nytt syn på utstillingsdesign ved Kode.

Då Kode kunstmuseum og komponisthjem skulle lage ei utstilling rundt kunstnergruppa Die Brücke i 2009, braut dei med ein lang tradisjon av utstillingar i kvite kubar, og fargesette heile utstillinga i tråd med dei fargesterke måleria. Det fekk følger.

KUNST PÅ FARGER: Kode måtte spesialbestille maling med nok pigmentering og heilt utan glans til Die Brücke-utstillinga, det blei ei intens oppleving. Foto: Kode

– Det blei ei utrulig verknadsfull utstilling, som eg trur gjorde inntrykk på mange. Den har definitivt gjort at me gjekk vidare med eit djervare syn på fargesetting, seier direktør for samling og utstillingar ved Kode, Line Daatland.

«[det er] ren balsam for sjelen å luske rundt på Bergen Kunstmuseum, der veggene er blitt malt i blått, gult og grønt for anledningen. Denne tilretteleggingen av lokalet er i seg en behagelig detalj, om ikke på kanten til å være et kuratorisk genigrep» skreiv kunstmeldar Tommy Olsson i Morgenbladet etter å ha besøkt utstillinga. Og fargane vart ikkje valde tilfeldig, men tok oppatt dei sterke tonane i måleria.

I prosessen leigde museet inn ein fargekonsulent, og målingfabrikken måtte spesialprodusere matt veggmaling, som den gongen ikkje var å få tak i.

– Me jobba mykje med metning og glansgrad og mest mogleg kulør. Det var eit veldig spennande arbeid, seier Daatland.

Sidan har det heller vore regelen enn unntaket at det er farge på veggane i utstillingane til både Kode og ei rekke andre kunstmuseum.

– Det var noko som opplevdes som nytt på det tidspunktet, men det var ei endring som skjedde parallelt fleire plassar i Europa. Kode var veldig tidlig ute med å prøve oss fram, og me har fortsatt med å bruke fargar på veggane som kuratorisk grep heilt konsekvent, seier Daatland.

Samstundes med meir fargebruk vart det auka fokus på konteksten til kunsten, det vart meir vanleg å ha arkivmateriale og historiemateriale om kunstnarane og miljøet dei lever i omtrent på same tid.

– Som kunstmuseum har det vore eit poeng for oss å vise at den kvite kuben også berre er ein trend, eit tidstypisk uttrykk blant mange andre. Den var dominerane då eg starta for om lag 20 år sidan. Men mykje av den historiske kunsten var opprinneleg vist på farga vegger. Det er eit poeng å gjere folk kritiske til konteksten kunsten blir vist i og å lære folk opp i ein kritisk sensibilitet, seier Daatland.

Sidan starten ved Die Brücke-utstillinga, har fargekonseptet utvikla seg ein del. Det som då var meir eit verkemiddel for å ta opp fargane i bileta, er no ei heilheitleg fargetenking.

– Den gongen jobba me ut ifrå ein ide om å matche bileta, og etter Brücke-utstillinga diskuterte me om det kanskje vart litt mykje. Seinare har me jobba meir med komplementærprinsippet og å skape eit miljø og ei atmosfære rundt bileta, seier Daatland.

Ved å bruke komplementærfargar er ideen at det får fargane i bileta til å «poppe» meir. I til dømes Rasmus Meyers samlinger har dei laga ein fargepalett der tonar og metning går igjen frå bileta, men likevel er forskjellige frå rom til rom. På den mpten prøver museet å skape ein atmosfære som forsterkar inntrykket frå bileta. Samstundes ynskjer dei at mindre kontrastar og meir harmoni skal motvirke såkalla museumstrøyttheit.

– Sidan har me auka besøka våre drastisk, og folk kjem igjen og ser dei same utstillingane fleire gongar, det kan godt tenkast at fargebruken har noko å seie for det, seier Daatland.

Arva etter Klima X

Ei klimautstilling utan gjenstandar sette spor på Teknisk museum.

I 2007 opna Teknisk museum den store klimasatsinga si Klima X. Målet var at ein skulle oppleve klimaendringane, kjenne dei på kroppen og tre inn i eit omsluttande utstillingsrom.

VÅT UTSTILLING: Med ti centimeter vatn i heile utstillingsrommet, vart Klima X ei spesiell oppleving for støvelkledde publikum. Foto: Norsk Teknisk Museum

– Klima X var dristig. Me ga designerane frie taumar, fylte eit rom med vatn og sto for ein tydeleg bodskap om at klimaendringane krevjer handling, seier leiar for utstillings- og samlingsavdelinga ved museet, Frode Weium.

Dei fylte utstillingsrommet med vatn og delte ut gule støvlar ved inngangen, det gjorde inntrykk på folk. I rommet sto to store isblokker og smelta sakte, og i tillegg til å få ei kroppsleg oppleving, blei publikum bedne om å bruke dei støvelkledde føtene til å vise kva dei meina om ulike spørsmål rundt klimaendringane.

– Det var eit viktig aspekt å komme i kontakt med publikum og be dei ta stilling. Me ville vise at global oppvarming er noko som krev handling og kunnskap, museet ville noko med utstillinga. Den tankemåten var noko nytt, men liknande type dialog har vore veldig viktig i fleire av utstillingange våre seinare, seier Weium.

I innspurten av arbeidet med utstillinga blei det kjent at Nobels fredspris gjekk til FN sitt klimapanel og Al Gore, og temaet blei enda meir aktuelt. Det meiner Weium viser at ein kan vere dristig også i temaval og ved å ta stilling i saker ved museet. Han seier Klima X har vore viktig i Teknisk museum si historie. Den markerte eit skilje, og etterpå har opplevinga stått meir i fokus.

– Å skape eit slikt rom, der ein trer inn i ei utstilling, har blitt viktig. Seinare har me brukt det på ulike måtar, som å skape spegelrom og ein skog, seier Weium.

Han seier den også har gjort museet meir dristig. Då museet skulle lage utstillinga ga dei designbyrået frie taumar, sjølv om fleire gjorde store augo av ideen om å fylle heile rommet med 10 cm vatn. Den omsluttande utstillinga kjendes dristig, seier Weium, og det har gitt meirsmak.

– Designerane har nok fått litt friare tøylar av museet etter Klima X, eg trur me har våga litt meir etter denne utstillinga.

Klima X både våga og vann. Utstillinga fekk nemlig Leading Edge Award, ifølge Weium den viktigaste prisen for vitensenter, etter å ha blitt nominert av mellom anna Science Museum i London. I tillegg er utstillingskonseptet seld til eit museum i utlandet. Weium trur merksemda har gjort noko med ambisjonsnivået ved museet.

– Det er klart det gjer noko med sjølvtilliten å vinne ein slik pris. Det viser at ein kan sette seg ambisiøse mål, seier han.


Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 2-2021). Kontakt redaksjonen for abonnement til kr. 300,- i året.

Likte du denne artikkelen? Del den med en venn og kollega.

Annonse