Eit framifrå samarbeidsprosjekt mellom lokalt næringsliv og ein museumsinstitusjon, meiner museumsdirektøren.

For sinkprodusenten kunne ha kasta heile samlinga på bålet om dei ville det. Stabel på stabel med alt frå bilete til lønsslippar til rekneskap. Lett bortgøymd i forskjellige lokale på den enorme industritomta til Boliden Odda, sto rundt 500 pappkassar med arkivmateriale. Med hjelp av offentlege middel og eit ivrig museum, blir det no arkivert for framtida.

– Private selskap har ikkje noko plikt til å ta vare på arkiv utover det som er i bokføringsplikta, så det er mykje verdifullt som forsvinn, seier museumsdirektør ved Kraftmuseet, Knut Markhus.

Nærhistorie

Alle som kjem til Odda ser Boliden, eller Zinken som sinkfabrikken kanskje er best kjent som. Odden i den smale Sørfjorden, med piper, røyr og rustraude bygg. Fabrikken er framleis ei hjørnesteinsbedrift i industribyen, 97 år etter at den opna. Boliden og museet har inngått deponeringsavtale om arkivet, og nesten tre år inn i prosessen, er om lag halvparten av kassane tømt, registrert og kome på plass i hyllene. Det blir nærare ein halv kilometer hylleplass i lokala som museumsavdelinga Industriarkivet held til i på industritomta der Odda smelteverk var før.

Oversiktsbilde av Odda
ODDA I DAG: Sinkfabrikken i Odda set sitt preg på byen, og har gjort det i hundre år. At historia er viktig å ta vare på, er både Boliden og Kraftmuseet einige om.
Foto: Boliden

– Det er eit ideelt samarbeid med næringslivet. Det er midt i museumsføremålet vårt, og det er nyttig også for dei, seier Markhus.

Museet har prosjektansvaret for arkiveringa og har fått middel frå fylkeskommunen, Arkivverket og kommunen. Boliden har stilt med om lag halvparten av dei rundt tre millionane som utgjer budsjettet.

Vil gje ut bok

– Arkivmaterialet har ligge og gitt oss dårlig samvit, men me har ikkje hatt kapasitet til å gjere noko med det. Då museet tok kontakt og foreslo at dei skulle ta på seg prosjektet og søke offentlege middel til å finansiere deler av det, såg me moglegheita til å gjere noko med det, seier økonomisjef ved Boliden Odda, Ranveig Capjon.

Selskapet ynskjer å få gitt ut ei bok om historia til fabrikken i høve 100-årsjubileet i 2024, og vurderer om museet kan gjere den jobben også*. Då treng ein tilgang til eit arkiv det går an å finne fram i.

– Det er ei viktig historie. Vår eksistens har påverka menneske, miljøet og samfunnet, så me håpar at historia vår vekker interesse, seier Capjon.

Redaktøransvar

Boliden fortset sjølve å eige arkivet, medan museet deponerer det. Museet håpar å kunne fortelje meir om Boliden si historie også i si eiga formidling, men utan arkivplikt, vil private arkiv vere redigert av eigaren. Museet kan ikkje styre kva som vert klausulert og ikkje tilgjengeleg for offentlegheita.

– Det er det dei som bestemmer, men dette er også styrt av personvernlover, seier Markhus.

– Kor stiller ein seg som museum dersom dei vil klausulere til dømes deler av historia der fabrikken har fått kritikk?

– Dette har me eit sterkt medvit om, men kva er alternativet her? Me kunne teke over arkivet som vår eigedom, men på vegen dit kunne Boliden likevel ha teke unna det dei ynskte, seier Markhus.

Likevel understrekar han at fabrikken har vist dei stor tillit til å vurdera kva som bør vere offentleg tilgjengeleg.

– Men med ei historie som går heilt fram til i dag, og som inneheld både fagforeiningskampar og ein miljøpolitikk som har fått kritikk, er det greitt for eit museum å skrive jubileumsboka deira?

– Dersom me skal skrive boka, vil me ha fritt redaktøransvar. Noko anna vil vere feil, seier Markhus. Og med tilgang til arkivet, understrekar dei museumstilsette at dei no har moglegheit til å rette eit kritisk blikk på Boliden.

Dei set pris på at Boliden vil prioritere å ta vare på arkivet sitt. Capjon i Boliden er tydeleg på at dei ynskjer at arkivet skal bidra til å sjå på kva utvikling som har vore i industrien. Til dømes innan miljøfeltet, der ein har gått frå å dumpe det meste i sjøen til å tenke bærekraft i flest moglege ledd.

Svart-hvitt historisk oversiktsbilde av Odda
ODDA PÅ 60-TALET: Det norske zinkkompani tidleg på 60-talet.
Foto: Nils Løyning, Kraftmuseet

– I dag er dette ein del av den daglege drifta, men me har ei historie der me har forureina mykje i fjorden. Ein må forstå det ut ifrå samtida, seier Capjon.

Stor sorteringsjobb

– Dette er verdifull historie på så mange plan, seier Siri Jordal, som er avdelingsleiar for Industriarkivet. Ho viser veg mellom hyller med permar, bøker og papir, og har vore ein av fire ved arkivet som har jobba med å systematisere alt som kom frå fabrikklokala.

– Me starta der og grovsorterte i tre veker, før me pakka ned og flytta det forsvarleg hit til oss, seier ho.

Sidan Odda smelteverk gjekk konkurs, og etter ein lang prosess rundt kva som skulle skje med industribygga, flytta Industriarkivet inn i eit av bygga i 2013 og fekk ei eiga avdeling. Med det hadde dei også plass til å ta imot arkivmateriale frå andre.

– Det har også gitt meirverdi for museumsdrifta, seier Markhus.

Arkivavdelinga til Kraftmuseet har allereie samarbeid med fleire aktørar, mellom anna Odda kommune og Interkommunalt arkiv, og håpar det vert fleire.

– Det er mange private arkiv som står ein eller annan plass og forvitrar. At me har kapasitet gir i alle fall moglegheita til å redde meir. Det er redningsaksjonar innimellom, initiert etter konkursar eller av privatpersonar, då treng ein plass å gjere av det, seier Jordal.


*Etter at saka blei skriven har Kraftmuseet gjort avtale med Boliden om å skrive boka om fabrikken.


Denne artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 1-2021). Kontakt redaksjonen for abonnement til kr. 300,- pr år.